JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Norske sporvar
i tranedans

Kampen om Syria har teke ei ny vending. Norske soldatar som skal bidra i kampen mot IS, risikerer å måtte slåst mot iranskstøtta milits og syriske regjeringsstyrkar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
SAMAN MOT IS: Krigarar frå den syriske opprørsgruppa Maghaweer al-Thawra (til venstre) saman med ein amerikansk soldat i eit pansra køyrety. Biletet er teke nær al-Tanf-basen som USA har etablert inne i Syria for å føre krigen mot IS. Dette er same base som norske soldatar skal ha blitt observerte ved tidlegare i år.

Uncredited

8992
20170630

Noregs bidrag i kampen mot IS

Noreg sende i fjor kring 60 soldatar til Jordan for å trene syriske militsgrupper

Gruppene skal kjempe mot IS inne
i Syria

USA og Storbritannia har etablert ein base på syrisk side av grensa

I mai kom det rapportar om at norske soldatar òg opererte inne i Syria

Det syriske regimet ser på dette som ei uakseptabel innblanding

Styrkar frå USA har dei siste vekene hatt fleire samanstøytar med syriske styrkar

peranders@dagogtid.no

Kva driv dei eigentleg med, dei norske styrkane som skal vere bidraget vårt i krigen mot den såkalla islamske staten (IS)? Om det veit vi fint lite, for forsvarsdepartementet fortel nesten ingenting om saka. Dei vi veit, er at regjeringa i fjor vedtok å sende kring 60 norske soldatar til Jordan for å trene opp syriske grupper som skulle kjempe mot IS inne i Syria. Den norske styrken inkluderte spesialsoldatar, og er eit bidrag til den USA-leidde koalisjonen i kampen mot IS.

Å nedkjempe den brutale islamistrørsla IS, som inntil ganske nyleg kontrollerte store delar av det syriske territoriet, framstår i seg sjølv som eit fornuftig mål. Men det folkerettslege grunnlaget for det norske bidraget er svært diskutabelt (sjå eiga sak). Og utviklinga i den syriske borgarkrigen kan no gjere dei norske soldatane til deltakarar i ein heilt annan strid enn den dei vart sende ned for å ta del i. Sidan midten av mai har amerikanske styrkar i Syria hatt fleire samanstøytar med syriske styrkar. USA har skote ned eit syrisk jagarfly og to iranske dronar, og bomba to syriske militærkolonnar.

Mykje tyder på at norske soldatar opererer eller har operert inne i Syria. Og som USAs allierte risikerer også dei å bli trekte inn i kamphandlingar mot Assad-lojale styrkar, dersom kampane eskalerer.

Syriske protestar

Dei norske soldatane er i Midtausten som ein del av den USA-leidde militæroperasjonen «Inherent Resolve», som starta i 2014. Operasjonen er retta mot IS både i Irak og Syria, og Noreg har tidlegare sendt soldatar til Irak for å lære opp irakiske og kurdiske styrkar. Dette er i seg sjølv ikkje noko folkerettsleg problem, sidan dei norske soldatane er der med invitasjon frå den irakiske regjeringa.

Men den internasjonale krigføringa mot IS inne i Syria er ei anna soge. Det syriske regimet har rett nok hatt nytte av denne bistanden i sin eigen kamp mot IS, men har likevel protestert skarpt mot at USA og andre land fører krig inne på syrisk territorium utan godkjenning frå Damaskus. Og i fjor vart det norske vedtaket om å trene opp syriske grupper for å slåst mot IS, kalla «ei grov og uakseptabel innblanding» av det syriske utanriksdepartementet.

I fjor etablerte dessutan USA og Storbritannia ein base i al-Tanf sør i Syria, nær grensa til både Jordan og Irak. Og i mai i år rapporterte både arabiske og kurdiske nettstader om at norske soldatar opererte inne i Syria ved al-Tanf-basen.

Trening og råd

Da dette vart omtalt i norske aviser, ville forsvarsminister Ine Marie Eriksen Søreide verken stadfeste eller avvise påstandane. Men det er høgst plausibelt at dei norske soldatane faktisk er aktive inne i Syria. I juni i fjor orienterte regjeringa den utvida utanriks- og forsvarskomiteen om at det kunne bli naudsynt å sende norske styrkar inn på syrisk territorium, for å «trene, rådgi og gi operativ støtte», som det heitte.

Dette inneber i praksis at dei norske soldatane kan dra ut i felten saman med dei syriske krigarane dei har trena. Om det er dette som har skjedd i vår, eller om norske spesialstyrkar har hatt andre oppgåver inne i Syria, veit vi ikkje. Vi veit heller ikkje kva for væpna syriske grupper det er dei norske soldatane har hjelpt med opplæringa si, eller kva kriterium desse gruppene er valde ut frå. Det er den USA-leidde koalisjonen som har plukka ut dei syriske krigarane som skal få slik bistand.

I fjor sommar skreiv VG at dei norske soldatane skulle trene medlemmer av ei gruppe kalla «Den nye syriske hæren», men ho skal ha gått i oppløysing alt i desember i fjor.

Kurdar og arabar

Frå Forsvarsdepartementet får Dag og Tid opplyst at dei norske soldatane i Jordan har drive med opplæring av sunniarabiske, syriske grupper. Det er ikkje utan grunn at departementet understrekar at gruppene er arabiske: Syriske kurdarar – altså ikkje-arabarar – utgjer storparten av den bakkestyrken som USA vil bruke for å jage IS ut av Syria, ein styrke som for tida går under det engelske namnet Syrian Democratic Forces (SDF). Og for å ha legitimitet i den arabiske befolkninga i Syria, treng SDF alle arabarane dei kan få.

IS på retrett

IS er no på vikande front i Syria, etter tre år med krig mot nesten alle andre aktørar i borgarkrigen. SDF er alt i gang med åtaket på byen Raqqa, som er rekna som IS-hovudstaden i Syria. Men Assad-regimet og støttespelaren Iran ønskjer slett ikkje at USAs allierte skal ta kontroll med dei store territoria som IS må gje opp. Og det er truleg dette som har ført til samanstøytar mellom amerikanske styrkar og syriske regjeringsstyrkar den siste tida: Det er no eit kappløp for å fylle tomrommet som IS etterlet seg aust i Syria.

For den syriske regjeringshæren, med sine allierte frå Iran og Russland, var kampen mot IS lenge ganske lågt prioritert. Den krigen kunne Assad med god grunn rekne med at andre ville føre for han, og hæren hans hadde hendene fulle med andre opprørsgrupper andre stader i landet. Terrortrugsmålet som IS representerer, har dessutan fått det brutale Assad-regimet til å framstå som eit langt mindre vonde enn det elles ville gjort, sett med vestlege auge.

Assad rykkar fram

Men no når IS er på retrett, har den syriske hæren med sine utanlandske støttespelarar rykt raskt fram i tidlegare IS-kontrollerte område. 9. juni skal styrkane til Assad ha nådd fram til grensa mot Irak, for første gong sidan 2015. Assad-regimet har òg inngått våpenkvile med andre opprørsgrupper vest i landet, truleg for å frigjere krefter til sluttspelet mot IS.

Inntil nyleg var dei IS-kontrollerte områda ein slags buffer mellom den USA-leidde koalisjonen og den syriske hæren med sine allierte. Men framrykkinga til dei Assad-lojale styrkane har no ført dei i direkte kontakt med den USA-leidde koalisjonen som slåst mot IS. Denne kontakten har som nemnt ikkje vore venleg.

Russiske trugsmål

Ved to høve i vår bomba amerikanske fly militærkonvoiar med syriske regjeringssoldatar eller Assad-venleg milits. Den eine konvoien skal ha kome for nær den amerikanske al-Tanf-basen i Syria. Det er denne basen norske soldatar truleg er eller har vore stasjonerte ved. USA har òg skote ned to militære dronar som visstnok var iranske. Og 18. juni skaut amerikanske styrkar ned eit syrisk jagarfly i det nordaustlege Syria. Flyet skal ha skote mot SDF-soldatar, altså USAs allierte. Etter nedskytinga har Russland, Assads allierte, sagt opp avtalen om koordinering med USA i luftrommet over Syria, og truga med å skyte ned fly frå den USA-leidde koalisjonen dersom dei kjem vest for elva Eufrat.

Striden som no står om det austlege Syria, har altså fått langt fleire dimensjonar enn den avgrensa kampen mot IS som dei norske soldatane vart sende ut for bidra til. Det er langt frå likegyldig kven som tek kontrollen med dei syriske territoria som IS har okkupert. Jo meir territorium ein aktør kontrollerer, jo sterkare er posisjonen når framtida til Syria ein gong skal formast ved eit forhandlingsbord.

USA mot Iran

Kva mål USA har i Syria utover å knuse IS, framstår heilt uvisst. Kan hende vil amerikanarane etablere buffersonar i delar av Syria i framtida, kanskje i form av autonome, kurdiskdominerte område, slik det skjedde i Irak etter Golfkrigen i 1991. Noko har truleg kurdarane blitt lova som takk for å vere Vestens fotsoldatar i krigen mot IS.

Måla til Iran verkar klarare. Styresmaktene i Teheran ønskjer truleg å sikre ein samanhengande korridor for påverknad heile vegen via det sjiadominerte Irak og det Iran-allierte Syria over til Libanon, der Hizbollah-geriljaen er Irans trufaste støttespelar. Regimet i Iran har investert tungt både økonomisk og militært i Syria, og har sendt inn eit tusental militssoldatar og offiserar for å hjelpe Assad-regimet. Når vi så veit at president Trump har demonisert Iran, og omtaler landet som ein fiende og ein terroriststat, framstår dei nylege samanstøytane mellom amerikanske og syriske styrkar enda meir illevarslande.

I denne grumsete heksegryta er det altså dei kring 60 norske soldatane – og dei syriske krigarane dei trenar opp – skal operere. Truleg vil det ta år før vi får vite kva Noreg eigentleg har bidrege til i Syria. Men same kva intensjonen med styrken var, handlar det no om langt meir enn kampen mot IS.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Vi veit ikkje kva væpna syriske grupper det er dei

norske soldatane har hjelpt med opplæringa si,

eller kva kriterium gruppene er valde ut frå.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis