JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Ikkje berre ein pub

Skeive utestader er sjølve livsnerven i det skeive miljøet. Og det er ikkje berre kvite homofile som går dit.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Køen utanfor London Pub strekte seg langt nedover Rosentkrantzgate då institusjonen opna att måndag denne veka.

Foto: Geir Olsen / NTB

5390
20220701
5390
20220701

Tidleg om morgonen 25. juni stod eg på kjøkenet heime på Lillehammer i min finaste lesbehabitt – regnbogesokkar, dongerishorts frå herreavdelinga, T-skjorte med bilete av ein negleklippar, ein nytrimma undercut-frisyre – og smurde meg niste. Eg skulle reisa inn til Oslo og gå i paraden, den fyrste Oslo-paraden sidan 2019. Eg gledde meg so grenselaust at eg mesta stod og trippa. Brått vart musikken på radioen avbroten av ei nyhendemelding.

No skal eg i alle fall fara til Oslo, tenkte eg.

Men då det kom meldingar om avlyst parade og tilrådingar om å halda seg heime, gjekk lufta ut or meg. Kva kom til å møta meg i hovudstaden? Tomme gater? Eg drog av meg regnbogesokkane og seig motlaus i hop framfor direktesendinga til NRK medan eg bladde meg gjennom meter på meter med Facebook-oppdateringar og prøvde å finna ut om vener og kjende var heile og i live.

Eit slikt vonbrot er sjølvsagt ingenting mot dei direkte fylgjene av skota, som me no kjenner altfor godt. Men det var no eingong slik 25. juni var for meg, her eg sat mange mil unna åstaden. Ein kavande lei og vond dag. Og det gjekk ikkje lange stunda før eg byrja uroa meg for etterspelet.

Åtak på kven?

I skrivande stund veit me ikkje kvifor Zaniar Matapour byrja skyta mot folk på Per på hjørnet, London pub og gatekjøkenet mellom dei to utestadene natt til laurdag 25. juni. Fordi London pub er ein kjend utestad for skeive, og fordi åtaket hende just då Oslo Pride 2022 nærma seg toppunktet, var det av mange oss som straks oppfatta hendinga som eit åtak på skeive folk.

Andre har teke opp att og opp att at motivet er ukjent, og at me ikkje kan vita om åtaket var retta mot skeive. Sant nok, førebels kan me ikkje vita akkurat det. Men det er urimeleg strengt å meina at det er intensjonen til gjerningsmannen som avgjer kva noko er.

London pub er ikkje kva pub som helst. Det er den eldste og mest kjende skeive utestaden i Noreg. Skjønar den streite majoriteten kva eit åtak på ein slik stad inneber?

Eit pustehòl

Klubbar og barar har ein framståande plass både i den kollektive skeive historia og i livet til mange einskildmenneske. På slike stader har folk senka skuldrene, møtt likesinna (kanskje for fyrste gong), flørta og dansa, diskutert politikk og aktivisme og funne partnarar og vener for livet. Kampen mot sexforbod og diskriminering er i stor grad finansiert av inntekter frå alkoholsal på festar og andre arrangement på utestader.

Dei fleste skeive hugsar godt den fyrste gongen dei var på ein slik utestad. For meg var det Metro i Trondheim i 2006. Endeleg ei lita lomme i verda der eg trygt kunne vera heile meg, utan å vera forskansa i ein privat bustad. Det råder ei heilt særmerkt, oppglødd stemning på desse stadene. Folk er mestsom so letta. Ein kan sjå at dei andar friare.

London pub har vore ei trygg hamn for skeivingar i om lag førti år. Mange tusen kjenner seg knytte til denne utestaden. Til og med dei som aldri har vore der.

Skilnad på offera

Men kva med dei som var på dei andre utestadene den natta, undrar du kanskje. Kulene skadde og drap folk som ikkje var skeive, som ikkje var på London pub. Ja, det kan me tala om. Sjølv vil eg svært gjerne læra meir om Per på hjørnet og høyra historiene til dei som har tette band til den utestaden.

Men det er ei felle her som me må prøva å styra unna: Det er overraskande fort gjort å framstilla det som ekstra tragisk og meiningslaust at heterofile vart skotne i åtaket. Eg har sett døme på det i mediedekkinga og kommentarfelta, og eg sneia innom dei tankebanene sjølv, før eg skjøna kva eg dreiv med.

Slikt hender ikkje av vond vilje. Det hender fordi me er so vane med å tenkja at nokre fyrst og fremst er menneske, medan andre fyrst og fremst høyrer til ein kategori. Slik kan me tenkja endå me sjølve høyrer til kategorien.

Akk, so føreseieleg

Og medan eg er i gang med å tala om kategoriar: Mange skeive og streite med muslimsk bakgrunn eller annan minoritetsbakgrunn har kjent seg nøydde til å ta avstand frå terroråtaket. Det er so syrgjeleg at eg kan ikkje få sagt det. At me som samfunn ikkje har greidd å gjera noko med desse mekanismane, som me har sett mange gonger før, er ei skam.

Ja, evna til å teikna eit samansett bilete har det med å veikna ved slike hendingar. Talande nok har transfolk, som elles er eit ynda diskusjonstema, hamna heilt i skuggen den siste veka. Det er dei skeivingane som ligg nærast førestillinga om «det normale», som i størst grad har fått koma til orde: kvite homofile og lesbiske som ikkje er trans.

Dei som går i front

Men kvar er det det brenn i 2022? Kven er det som med størst kraft driv den skeive kampen framover? Jau, det er desse minoritetane i minoriteten, representerte ved organisasjonar som Skeiv verden, Salam og Pasientorganisasjonen for kjønnsinkongruens (PKI). Dei som det er so lett å spotta, truga, misoppfatta eller berre gløyma.

Etter alt å døma er desse aktivistane både dei reddaste og dei djervaste blant oss. Det er ikkje deira oppgåve å setja mot i oss andre, men det er tvillaust ein effekt av verksemda deira. Når eg ser kva dei vågar, og kva dei har å strida med, går det ein faen i meg.

Kristin Fridtun er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er urimeleg strengt å meina at det er intensjonen til gjerningsmannen som avgjer kva noko er.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Dei siste par åra har den norske bonden fått kjenne konsekvensane av å produsere i eit system der utgiftene er styrte av marknaden, medan inntektene er styrte av politikarane, skriv Siri Helle.

Foto: Heiko Junge / NTB

Kommentar
Siri Helle

Effektivisering er ikkje berginga

Korleis gje bønder rettferdig inntekt når dei framleis skal vere sjølvstendig næringsdrivande?

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis