JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Galgenfrist for fjorden

Næringsministeren skjerpar krava til Nordic Rutile, men vil ikkje nekte selskapet å dumpe gruveavfall i Førdefjorden.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Fjorddumpingsmotstandarane hadde mest grunn til å vere skuffa over avslaget til næringsminister Jan Christian Vestre 6. mai.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

7417
20220527

Bakgrunn

I Engebøfjellet i Sunnfjord kommune er det funne 250 millionar tonn rutilmalm.

Dette svarar til kring 20 prosent av rutilproduksjonen i verda.

Drifta med fjorddeponi har vore omstridd og påklaga.

Endeleg konsesjon vart gjeven av Næringsdepartementet 6. mai i år.

Då næringsminister Jan Christian Vestre den 6. mai avslo klaga som miljørørsla, Vevring grendelag og gruvekonkurrenten Arctic Mineral Resources sende i november 2020 på driftskonsesjonen Direktoratet for mineralforvaltning gav til Nordic Rutile AS i juni same året, var det med desse orda i pressemeldinga: «Jeg har lyttet til miljøbevegelsen og strammet inn miljøkravene i driftskonsesjonen betydelig. Det har vært viktig for meg å gå så langt som mitt handlingsrom tillater.»

Driftskonsesjonen han stadfesta, er den som gav Nordic Rutile lov til å opne Engebøfjellet i bygda Vevring på nordsida av Førdefjorden i Sogn og Fjordane for å vinne ut 35.000 tonn rutilmalm og 250.000 tonn granat årleg, og i samband med det dumpe til saman 250 millionar tonn gruveslam i den nemnde Førdefjorden.

Samstundes som Vestre lét Nordic Rutile halde fram med å bygge gruveinfrastruktur, har han altså sett fram nye krav til at den framtidige gruva skal ha størst mogleg ressursutnytting og redusere overskotsmassar slik at trongen for deponering vert minst mogleg. Driftsplanen må stadfestast av Direktoratet for mineralforvaltning før gruvedrifta kan ta til.

Slik sender Jan Christian Vestre ansvaret inn i framtida – og opptrer som ein fyrste far i huset i eventyret. Kven er det eigentleg som tener på det?

Investorar og uvisse

Sjølv om Nordic Rutile uttalar at dei er nøgde og glade, og at dei strengare krava alt er oppfylte, er vel det ein fasade dei er nøydde til å halde all den tid dei er avhengige av at investorar puttar inn monalege summar for at Nordic Rutile kan starte opp sjølve gruveproduksjonen. Det vert nok ikkje lettare all den tid vi har ei slagkraftig miljørørsle som kjem til å hugse godt på kvart eit ord som står i klageavslaget.

Sjå berre kva som hende med det andre selskapet som prøver å dumpe gruveavfall i ein norsk fjord: Gruveselskapet Nussir i Repparfjorden mista for eit knapt år sidan den tyske kopargiganten Aurubis som investor etter at dei slo fast at «enkelte sosiale forhold» måtte vektleggast tyngre. Gruvemotstandarar mobiliserer no mot den verdsleiande titandioksidprodusenten Kronos Inc. for å få dei til å gjere det same.

Gruvelandet Noreg

Kva titandioksid har med ei rutilgruve å gjere? Jau, rutil er råstoffet som vert nytta for å framstille titandioksid, som i sin tur vert nytta som kvitt fargepigment i alt frå tannkrem til måling og piller og plastprodukt. Fram til nyleg vart det nytta i mat òg – mellom anna som kvitgjerar i iskrem og godteri – men EU trekte i januar i år attende løyvet til slik bruk på grunn av frykt for at det kan skade kromosom.

Likevel er etterspurnaden etter rutil venta å vekse: Medisinsk titan vert også nytta til å produsere protesar og pacemakerar, og titan kan nyttast i ei rekke byggeprosessar.

Engebøfjellet er blant dei største kjende rutilførekomstane i verda. Per i dag er Australia verdas største rutilutvinnar, med Sierra Leone på andre plass.

Sierra Leone er eit av verdas minst utvikla land, ifylgje FN-sambandet. Rike naturressursar – særleg mineral – kunne vore ei gåve, men «store deler av ressursene blir imidlertid utvunnet og eksportert ulovlig, eller smuglet ut av landet uten å gi staten noen inntekter».

Dersom vi ikkje vinn ut rutilen i Engebøfjellet, er det denne gjengen vi overlèt rutilbransjen til. Kan vi leve med det? Må ikkje Noreg, som eit land av fjell og stein, ta sitt ansvar som mineralleverandør?

Det riktige svaret på det siste spørsmålet er ja – og det er det fleire som er samde om, enn ein fyrst kan få inntrykk av.

Skuffa motstandarar

Det er nok liten tvil om at det var fjorddumpingsmotstandarane som var, og hadde mest grunn til å vere, skuffa over avslaget til Vestre 6. mai. For om det i pressemeldinga framstår som om Jan Christian Vestre eigentleg, om han berre hadde jussen på si side, ynskte å ta klaga til fylgje, vert det tydeleg når ein les heile vedtaket, at det nok ein gong er ei verdsetting av at «ulempene ved tiltaket ikke er av et slikt omfang eller av en slik karakter at det oppveier samfunnsnytten ved tiltaket».

Med «tiltak» meiner departementet her heile gruveprosjektet – altså at ein i det heile skal vinne ut rutil og granat frå Engebøfjellet.

Så innser departementet at nokre delar av «tiltaket» har større negative konsekvensar enn andre: «Selv om bruken av sjødeponi i Førdefjorden er grundig utredet […], vil det ikke være mulig å fjerne all usikkerhet rundt evt. virkninger av tiltaket.»

Her er det altså deponiet som er «tiltaket», men utover det tek ikkje klageavslaget inn over seg at det synest mogleg å få til gruvedrift i Engebøfjellet utan deponering av gruveslam i Fjørdefjorden.

Dette skjer trass i at det er dette all motstand, alle sivil ulydnadsaksjonar, alle klagebrev og det no varsla søksmålet mot staten dreier seg om: Ikkje gruvedrifta i seg sjølv, men sjødeponiet Noreg som ein av to statar i verda, tillèt. Resten av dei 53 statane som møtte i Verdas naturvernunion (IUCN) – mellom dei Kina og Russland – røysta for eit forbod attende i 2016.

Ukjende alternativ

Selskapet Arctic Mineral Resources har søkt om løyve til å drive gruva utan ope dagbrot og utan fjorddeponi. Dei planla ei mellombels utvinning ved industriområdet på Lutelandet, nokre mil lenger sør, fram til gruveopningane var vortne store nok til å sende overskotsmassar attende til fjellet. Kor realistisk ei slik drift er, har ikkje vorte realitetshandsama.

Det same kan ein seie om omgjeringskravet gruvemotstandaren Natur og Ungdom laga saman med advokatfirmaet Glittertind i 2019. Dei brukte Nordic Rutiles eigen studie til å legge fram tal som synte at å sløyfe eit ope dagbrot ville skape «så stor reduksjon i mengden avfall at det ikke er nødvendig å dumpe noe gruveavfall i fjorden». Ein nøytral instans burde ettergå dette.

For ordens skuld: Eit dagbrot er ein stad der ein bryt mineral under open himmel, i motsetnad til ei gruve der ein driv under jorda og hentar opp malm via sjakter. I konsesjonen Nordic Rutile no har fått, har dei løyve til å gjere begge delar. Dei planlegg òg å mellomlagre massar på land for så å sende dei ned i fjellet att: Alt som ikkje er malm, men det ein kallar gråfjell, skal under jorda att. Det som skal i fjorden, er det som vert att av malmen etter at minerala er vaska ut.

Nordic Rutile skal altså gjere litt av alt: litt dagbrot, litt lukka gruve, litt landdeponi og litt fjorddeponi. Akkurat korleis er framleis litt i det blå. Det er det truleg særs få som tener på, ikkje fjellet, bygda eller industrien og aller minst fjorden.

«Vedtaket er endelig og kan ikke påklages», er det siste som står i klageavslaget – og med det burde Jan Christian Vestre ha stått fram som den sjuande faren i huset, han som anten dekker bordet med alt som er godt, eller sender den reisande på dør. Førdefjorden har levd i uvisse lenge nok.

Siri Helle er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Næringsminister Jan Christian Vestre sender ansvaret inn i framtida ­­­– og opptrer som ein fyrste far i huset i eventyret.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis