Krig

Fredsplanen og andre skandalar

«Fredssamtalane» om ein plan Russland ikkje vil underteikne, overskyggjer skandalen der menn tilknytte presidentkontoret har soge til seg pengar frå statseigde verksemder.

FREDSMEKLARANE: Svigersonen til president Trump, Jared Kushner, spesialutsending Steve Witkoff, utanriksminister Marco Rubio, viseminister for hæren Daniel Driscoll, med den ukrainske sjefen for presidentkontoret Andrij Jermak på andre sida av forhandlingsbordet i Genève 23. november.
Publisert Sist oppdatert

Den langvarige korrupsjonsskandalen kring delinga av pengar frå den ukrainske energisektoren synte seg å bli eit forspel og ein stimulans til enda ein runde med «fredstingingar» sett i verk av den amerikanske regjeringa. Skandalen såg ut til å skape og gjødsle jordsmonnet der Trump-regjeringa kunne plante idear om korleis ein kan oppnå fred i Ukraina. Dette jordsmonnet var den svekte stillinga til den ukrainske leiarskapen på grunn av skandalen. Men det openbert russiske opphavet til fredsplanen møtte straks motstand, først i Ukraina, så i USA.

Det var nettopp dei interne protestane i USA som tvinga president Donald Trump til å gå frå planen sin om å tvinge Volodymyr Zelenskyj til å godta framlegga offentleg. Etter eit par dagar hadde presset på Zelenskyj dempa seg, og planen – ei liste med krav til Ukraina i byte mot fred eller våpenkvile – byrja krympe og endre seg. Dermed kom eit raskt avslag frå Russland.

I den opphavlege Putin–Witkoff-planen skulle Ukraina minske militærstyrkane sine, gje avkall på langtrekkjande missil, trekkje seg attende frå eige territorium og garantere at landet ikkje ville bli medlem av Nato. Til overmål lova planen USA 50 prosent av fortenesta frå gjenoppbygginga av Ukraina. Den same planen stilte ingen krav til Russland, aggressorlandet som har brote alle moglege internasjonale avtalar og plikter.

Men lat oss ikkje hengje oss opp i 50 prosent forteneste frå gjenoppbygging av Ukraina. Det er ein surrealistisk tanke, same kva.

Om Ukraina no hadde gått med på alle krava, ville planen likevel ha vore eit vegkart for vidare russisk aggresjon mot Ukraina, fordi han mangla det eine elementet som skal til for å få slutt på aggresjonen: ei endring av den russiske grunnlova.

Den opphavlege 28-punktsplanen garanterer at krigen held fram, ettersom han ikkje krev at Russland skal fjerne formuleringa i den russiske grunnlova om at fire ukrainske regionar og Den autonome republikken Krym er inkludert i Russland. I det minste bør Russland fjerne dei to regionane der frontlina går no, Kherson og Zaporizjzja, frå grunnlova.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement