JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Lita skriftSamfunn

Fastpris

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2050
20220916
2050
20220916

Er det noko eg får lite av, er det e-post frå lesarar. Men det siste året har eg fått ein del e-post frå noko så uventa som takksame lesarar. Det har seg slik at eg i august 2021 skreiv ein lengre artikkel om dei komande fimbulvintrane. Der skreiv eg at alt tydde på at straumprisen i Sør-Noreg skulle opp på eit mykje høgre nivå, lenge. Tittelen var «Fimbulvinter for Støre og Vedum».

Kva er lesarane takksame for? At eg ved å vera så pessimistisk fekk dei til å avtale fastpris på straum. Nokre fekk straum til 65 øre i tre år, andre til 75 øre. Det desse har til felles, er at dei får meir og meir betalt av staten for å nytta straum.

At staten skulle gå så langt som å betala folk for å nytta straum, nett det lyt eg seia at eg ikkje såg for meg. Men saka er at alle som må betala meir enn 70 øre for straumen, får ein sum frå staten. Dei som har spotpris, får han trekt direkte av på straumrekninga og merkar i og for seg ikkje noko til dette. Men dei som går i nettopluss, får altså pengar inn på konto av straumleverandøren.

Er straumprisen til dømes 4 kroner og staten dekkjer 90 prosent over 70 øre, og så har du ein fastpris på 65 øre, vert reknestykket slik: 3,30 kroner minus 90 prosent vert 2,97 kroner, som er den direkte straumstøtta. Så legg du til MVA som kjem på straumen og nettleiga, som er 16 øre. MVA vert dimed 20 øre. Så legg du til elavgifta på 15 øre. Det heile vert 116 øre. Deretter trekkjer du 2,97 kroner frå 116 øre. Og hallo i luka: Du får 1,81 kroner inn på kontoen – skattefritt.

Eg betaler straumrekningane mine på Sunnmøre. For to veker sidan byrja eg å tenkja over kva som kjem til å skje der om det vert kaldt til vinteren og eit høgtrykk vert liggjande over Midt-Noreg og Midt-Sverige, område som dei siste åra har fått mykje vindkraft. Eg tok ein fastpriskontrakt på 62 øre. Så dagen etter vart det fint vêr og vindstille. Straumprisen gjekk opp i 4 kroner. To dagar etterpå auka straumleverandøren fastprisen sterkt til nye kundar.

Eit stabilt høgtrykk over Midt-Noreg, så vert eg ein rik mann.

JH

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Å seie opp EØS-avtala ville vere ei stor ulukke for norske verksemder, skriv Jan Erik Grindheim, professor og statsvitar i tankesmia Civita.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Ordskifte

Bør nasjonalegoisme styre vårt forhold til EU?

Å seie opp EØS-avtala er ikkje nokon veg å gå for å styrke det norske folkestyret, slik leiar i Nei til EU Einar Frogner seier.

Jan Erik Grindheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis