JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Få er bra, mange er dårleg

Equinor er 50 år. Særs få menneske har skapt utrulege verdiar for oss alle. Vi bør slutta å lytta til desse som seier dei vil skapa arbeidsplassar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Jens Stoltenberg var ein ivrig oljemann. Her, i 2008, står han saman med dåverande Statoil-sjef Helge Lund i Brasil, der Equinor har investert stort og lønsamt. 

Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB

10426
20220603
10426
20220603

Den 14. juni vert Statoil, som no heiter Equinor, 50 år. Ja, du har rett, det har vore heilt forunderleg stilt om jubileet, endå selskapet er Europas største skatteytar. Jau, Petoro, statens direkte eigarskap på sokkelen, gjev meir pengar i statskassa, men i røynda er ikkje Petoro noko anna enn ein ressurs som staten i si tid tok frå Equinor. Om vi slår saman Petoro og Equinor, er Equinor Europas suverent mest suksessrike verksemd i snart to generasjonar.

Det burde vi kanskje ha feira, men sidan det ikkje er populært å halda på med olje og gass lenger, ligg leiinga i Equinor lågt. Tala er likevel ufattelege, til og med når vi ser på Equinor åleine. Desse tala er ikkje inflasjonsjusterte. Hadde dei det vore, snakkar vi truleg om dobbelt så høge tal. Sidan oppstarten til og med fyrste kvartal 2022 har Equinor selt olje og gass for 12.248.753 millionar kroner. 12.200 milliardar der altså.

Overskotet

Overskotet har vore på 2674 milliardar før skatt og utbyte. Om lag 85 prosent av det har hamna i statskassa. Kvifor har ikkje overskotet vore større? Av di verksemda fortløpande har investert i nye felt. Den dagen Equinor sluttar å investera i nye felt, vil overskotet gå gjennom taket. Dei siste åra, om dei kjem, vert endå meir lønsame. Ingen bør verta forundra om Equinor gjennom levetida gjev ti billionar kroner til den norske staten.

Selskapet burde vore verdt ein fest, for å seia det slik. Pengane er éi sak, det som er endå meir forunderleg, er kor få menneske som står bak suksessen. Ved utgangen av 2021 var berre 21.126 menneske tilsette i selskapet, stab og alt. Equinor har aldri vore eit stort selskap internasjonalt, om vi ser på dei tilsette.

Suksessforklaringa

Det er her suksessen ligg. Petoro har nesten ikkje tilsette i det heile. Dei har Equinor og dei andre oljeselskapa som operatør. Desse få menneska har skapt ein statleg finansformue på rundt 13 billionar, i år åleine sparer staten over 1000 milliardar.

Sett på spissen: Det vi burde feira, om Equinor skulle feirast, er at selskapet har sagt opp mange menneske gjennom åra. Vi burde feira alle dei som ynskte å arbeida i verksemda, men som ikkje fekk arbeid der.

Kva meiner eg med dette? Energieksperten Vaclav Smil har eit godt og pedagogisk døme: I 1800 arbeidde 85 prosent av innbyggjarane i USA i landbruket, tala er om lag dei same for Noreg. No arbeider under 1 prosent av amerikanarane i landbruket. I 1800 hadde bøndene i Virginia Valley knapt metall, og dei hadde sjølvsagt ikkje motorar og kunstgjødsel. I år 2000 produserte dei attverande bøndene i dalen 1000 gonger så mykje per person som i 1800. Dei som ikkje lenger måtte arbeida i landbruket, vart dei primære drivarane bak den velstanden store delar av verda no nyt godt av.

Samfunnsøkonomar seier det på denne måten: Alle ressursar har alternativ nytte, og størst alternativ nytte har sjølvsagt arbeidskraft, vi menneske. Kvar gong du eller nokon du kjenner, skiftar arbeidsplass av di løna er høgre på den nye arbeidsplassen, er det eit prov på at alternativ nytte finst. At du får høgre løn, er eit prov på at arbeidskrafta di kjem betre til nytte på den nye staden enn på den gamle.

Vi veit dette

Kvar samfunnsøkonom med vit er sjølvsagt fullt ut klar over at di færre menneske vi må nytta til å skapa verdiar, di betre er det. Dette vert kalla produktivitet, og det er stadig betre produktivitet som gjev oss alle betre velferd og høgre løn. Men dette ser ikkje norske politikarar og journalistar ut til å vera klare over lenger.

Lat oss seia at du skal kjøpa aksjar. Du ser på to verksemder. Båe omset for 1 milliard kroner i året. Den eine verksemda har 1000 tilsette og den andre 10 tilsette. Du kjøper sjølvsagt aksjar i den verksemda som har 10 tilsette, og det sjølv om den verksemda kostar kanskje 100 gonger så mykje som den verksemda som har 1000 tilsette. Den med få tilsette har eit langt større overskot og betaler mykje meir i utbyte enn verksemda som har 1000 tilsette.

Menon og Mammon

Ja, dette er banalt. Men det ser ut til å vera uforståeleg for stadig fleire. Her kjem Menon Economics AS inn. Det er eit analysebyrå som tilbyd tenester til alle som vil betala. Menon går særs godt. Ofte ligg dei på 20 prosent overskot av omsetjinga. I så måte liknar dei på Equinor. Få tilsette generer store overskot. Isolert sett er dei lønsame så det held.

For samfunnet som heilskap er Menon mindre lønsamt. Om du vil ha det artig, skal du googla «Menon» og «skape arbeidsplasser». Du vert sitjande i mange timar om du les alle treffa som kjem opp. Pressemeldingane Menon lagar, går rett inn i norske aviser og nettstadar.

Det fyrste resultatet som kom opp no onsdag, var frå Innovasjon Norge, det som før heitte Distriktenes utbyggingsfond – eit namn som vart for traust; innovasjon er mykje betre. Tittelen på treffet er: «Flytende havvind kan skape 52.000 nye arbeidsplasser i Norge». Ingressen er denne: «En ny rapport fra Menon Economics viser at flytende havvind kan bli en av Norges viktigste jobbskapere i 2050 dersom vi setter opp tempoet.»

Litt nede i artikkelen kjem dette avsnittet: «Menon har sett på flytende havvind isolert, fordi Norge her har særskilte fortrinn, sammenliknet med bunnfast havvind. Kartleggingen viser at norske aktører faktisk kan ta en markedsandel på mellom 5 og 14 prosent av det globale flytende markedet. For å oppnå det øvre intervallet må vi ifølge rapporten raskt bygge opp en solid industri hjemme i Norge.»

Omskriving

Lat meg skriva om saka til Innovasjon Norge litt. Og her må vi hugsa at flytande havvind kostar godt over 100 øre per kilovattime å produsera. Tittelen: «Flytande havvind syg 52.000 personar ut av produktivt norsk arbeidsliv». Ingressen: «Ein ny rapport frå Menon Economics syner at flytande havvind kan øydeleggja mykje norsk verdiskaping i 2050 dersom vi set opp tempoet.» Avsnittet: «Menon har sett på flytande havvind isolert, av di Noreg har særmerkt dårleg havgrunn til botnfast havvind. Kartlegginga syner at norske aktørar kan taka ein marknadsdel på mellom 5 og 14 prosent av den globale flytande marknaden. For å få ein slik marknadsdel må skattebetalarane akseptera ei rekning på fleire hundre milliardar for at folk skal få arbeida med noko ulønsamt.»

Menon har levert slike analysar i mange år. Dette er frå ei pressemelding dei skreiv i 2017: «Grensehandelen de siste 12 månedene har økt med 23 prosent og ført til tap av 11.750 arbeidsplasser, tap av 7,8 mrd. kroner i verdiskaping og tap av minst 4,9 mrd. kroner i offentlige inntekter fra skatter og avgifter. Det viser en ny rapport som Menon Economics har utarbeidet på oppdrag fra hovedorganisasjonen Virke.»

Om noko burde Menon ha skrive: «Grensehandelen har frigjort arbeidskraft til 11.750 personar, som igjen har auka den norske velferda. For som vi veit: Butikktilsette har låg produktivitet, særleg i små butikkar. Di færre butikktilsette vi har, di betre.»

Forståeleg

Eg forstår sjølvsagt kvifor Menon ikkje skriv om tapt verdiskaping når dei får oppdrag. Virke hadde ikkje betalt éi krone om Menon konkluderte med at handel over grensene er bra. Innovasjon Noreg, på si side, oppfattar sitt mandat som å suga mest mogleg pengar ut av statskassa. Det er heilt legitimt, det, men då kan ikkje Menon skriva at flytande havvind er altfor dyrt og krev mykje arbeidskraft. Om Menon hadde levert konklusjonar i samsvar med standard samfunnsøkonomi, hadde ein stor del av forretningsmodellen deira ramla saman.

Nei, eg seier ikkje at tala til Menon er feil. Får havvind store subsidiar, vert det sjølvsagt skapt mange arbeidsplassar. Men det Menon i stor grad ser vekk frå i analysane sine, er at arbeidskraft har alternativ nytte.

Tilkaring

Det som er eit faktum, er at vi i åra framover bør ynskja oss stadig færre tilsette i norske butikkar, og at flytande havvind er alt anna enn lurt. Det største trugsmålet mot norsk velferd og den arbeidskrafta vi må få i eldreomsorga, er tilkaringsindustrien – dei som vil ha mammon frå fellesskapen på vegner av dei få.

Det Virke ynskjer, er lægre avgifter i Noreg, slik at varene medlemane deira sel, vert minst like billige som i Sverige. Eit slikt regime vil føra til lægre offentlege inntekter, som igjen inneber at skattane på arbeid må opp, dersom vi skal få fleire tilsette i helse og omsorg.

Vi kjem heldigvis i åra framover til å få langt færre matvarebutikkar. Noreg har faktisk dobbelt så mange matvarebutikkar som Sverige. Rommet for effektivisering er særs stort. Men Virke ynskjer sjølvsagt heller ikkje ein konklusjon som syner at dei norske matvarekjedene er uproduktive av di dei er verna av høge tollbarrierar.

Det Innovasjon Noreg på si side ynskjer, er meir pengar frå statskassa til slikt som får Innovasjon Noreg til å sjå betre ut. For tida er flytande havvind signalet på at du er god og snill og klimavenleg. Då er det å taka mange milliardar frå folk flest ein god ting.

Oljeskatt

Suksessen til Equinor og Petoro, ja, heile det norske oljeregimet og all den velferda sektoren har skapt, botnar i det norske oljeskatteregimet. Det er det hardaste i verda. 78 prosent skatt på overskot krev at oljeselskapa er produktive. Ingen andre land med olje og gass har våga noko liknande. Ikkje nok med at vi krev 78 prosent av overskotet, vi krev også at ein tredjedel av det som vert produsert på sokkelen, skal gå rett inn i statskassa via Petoro.

Det er nesten eit under at oljenæringa har gått med på dette, men det har dei gjort. Det var i stor grad finansråd Arne Øien som skapte det norske skatteregimet. Då Finansdepartementet sende ut framlegget på høyring, trappa ei dame frå Texas opp i Finansdepartement. Ho var finansdirektør for eit amerikansk oljeselskap og gjekk inn på kontoret til Øien. Ho peika på at ingen andre land hadde så høg oljeskatt og spurde kvifor i alle dagar staten ville krevja ein så høg skatt. Øien smilte og sa det som det var: «Av di vi er grådige, madam.»

Øien var grådig på vegner av oss alle. Menon er grådig på vegner av særinteresser. Den 14. juni bør vi skåla for Øien og den Equinor-verksemda som dyktige byråkratar og politikarar skapte. Menon på si side bør få ein høg ekstraskatt. Det er openbert grunnrente i lobbyisme.

Jon Hustad er journalist i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Arne Øien smilte og sa det som det var: «Av di vi er grådige, madam.»

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis