Jordbruk

Etterlyser plan for matproduksjon

– Det verkar som vi sjanglar frå jordbruksoppgjer til jordbruksoppgjer og frå regjering til regjering, utan å stoppe opp og spørje oss korleis vi har tenkt at norsk landbruk skal sjå ut i 2050, seier Anders Nordstad.

Bondeorganisasjonane har kravd ein auke på 2 milliardar kroner i jordbruksoppgjeret. Staten har tilbydd under halvparten.
Publisert Sist oppdatert

Norges Bondelag og Norsk bonde- og småbrukarlag sit i desse dagar i forhandlingar med staten om neste års inntekts- og rammevilkår for norske bønder. 

Bondeorganisasjonane har kravd ein auke på 2 milliardar kroner. Dei meiner det må til for å dekkje auka kostnader og syte for at bøndene skal ha ei inntektsutvikling på line med andre yrkesgrupper. Staten har på si side tilbydd eit oppgjer på under halvparten, 805 millionar kroner.

Om dei kjem til semje eller ikkje, får vi truleg vite i løpet av veka.

Siviløkonom og landbruksbloggar Anders Nordstad meiner bondeorganisasjonane har kome med eit moderat krav, som staten burde kome i møte. Men heller enn å diskutere jordbruksoppgjera frå eitt år til eit anna, meiner han vi treng ein større verdidebatt om vi i det heile ønskjer at Noreg skal ha ein eigen matproduksjon eller ikkje, og kva vi eventuelt ønskjer å oppnå med produksjonen.

– Eg saknar ein master plan, ein langsiktig og strategisk plan over kvar vi skal. Det verkar som vi sjanglar frå jordbruksoppgjer til jordbruksoppgjer og frå regjering til regjering, utan å stoppe opp og spørje oss korleis vi har tenkt at norsk landbruk skal sjå ut i 2050 og 2060. Held vi berre fram som i dag, veit vi vel eigentleg kva resultatet vert, seier Nordstad til Dag og Tid.

– I djup krise

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement