Frå matfatet
Jordbrukspolitikk på tinget
På eitt felt er politikarar framleis mest opptekne av å få bestemme så lite som mogleg.
«All makt i denne sal»? Tja. Ikkje om representantane får bestemme, verkar det som.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Kva skal vi finne på i «Frå matfatet» denne veka? Nei, kva med ein gjennomgang av handsaminga Stortinget gjorde av jordbruksoppgjeret?
Verkeleg? tenker du kanskje. Vedtak som vart gjorde i Stortinget for fleire veker sidan? Jepp, seier eg. Det er nemleg stortingsval i haust, og vel verdt å få med seg korleis politikarane og partia du kan røyste på i stortingsvalet, røystar og uttaler seg i jordbrukspolitikken.
No byrjar vi så keisamt som mogleg. Saksordførar Solveig Vitanza (Ap) sa nemleg klart ifrå alt i opningsinnlegget om at det var sikra fleirtal for innstillinga frå næringskomiteen. Likevel brukte Stortinget tre timar og fjorten minutt på å handsame saka som formelt har namnet «Endringer i statsbudsjettet 2025 under Landbruks- og matdepartementet (Jordbruksoppgjøret 2025)», og det vart handsama 54 forslag.
Ingen av dei forslaga handla om det som frå utsida stod fram som det viktigaste tema i avtalen: intensjonen om tvangsinnføring av metanhemmarar i mjølkeproduksjon. Derimot handla dei om temmeleg mykje anna.
Bevarande endring
Nokre sitat er for gode til å late gå. «Vi må forandre for å bevare», sa den konservative politikaren Lene Westgaard-Halle frå Høgre. Så fremja ho eit forslag om «at bevilgningen på kapittel 1150, post 74, reduseres med 500 mill. kroner» på statsbudsjettet for 2026.
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste
månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.