JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Ein allianse av diktaturstatar

Det er ingen tvil om kva som var den viktigaste hendinga i verda denne veka: Xi Jinping møtte Vladimir Putin.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6259
20230324
6259
20230324

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

I tre dagar sat dei to herskarane saman i Kreml. Mesteparten av det dei snakka om, har me heilt sikkert ikkje fått vita. Det er då heller ikkje hovudsaka. Det som er viktig, er at den kinesiske diktatoren blei helst velkomen av Putin i Moskva mens krigen i Ukraina no rasar på andre året.

Xi Jinpings vitjing hos Vladimir Putin handlar om eit møte mellom ein særs mektig mann og ein mann som på langt nær er så mektig. Krigen i Ukraina har svekt Putin både på heimebane og internasjonalt. Tre dagar føre Xi landa i Moskva, kom meldinga om at Den internasjonale straffedomstolen har ettersøkt Putin. Ettersøkinga forsterkar den statusen Putin har fått som ein internasjonal paria, ein mann som ingen skikkelege folk kan ha noko å gjera med.

boikottverknader

Internt i Russland merkar folk verknadene av den vestlege boikotten stadig sterkare. Middelklassa har mist mange av goda dei hadde den gongen Russland var ein del av den globaliserte økonomien. Underklassa må tola ein kontinuerleg nedgang i levestandarden, ved sida av at det er dei som må levera gutane som blir slakta ned langs frontlina i Aust-Ukraina.

Det Putin trudde skulle vera ein to-vekers-operasjon med å okkupera Ukraina, er blitt ei hengemyr. No klarer den russiske hæren berre å ta seg fram nokre meter i veka mot ein fiende som dei for halvtanna år sidan hevda stod i spissen for ein ikkje-eksisterande stat.

Eit viktigare siktemål

Men Xi Jinping dreg likevel til Putin. Å hjelpa Putin å vinna ein håplaus krig har aldri vore siktemålet til Xi Jinping. Siktemålet er mykje større og mykje viktigare, nemleg å sementera ein russisk-kinesisk økonomisk allianse. Den kinesiske leiaren veit at anten Russland vinn eller taper på slagmarka i Ukraina, så er det ingen som trugar sjølve den russiske staten, sjølv om Putin hevdar det motsette.

Russland vil halda fram å eksistera, og Russland vil ha størstedelen av dei strategiske råvarene som Kina treng for å bli verdas største økonomi og samstundes den mektigaste supermakta i verda mot slutten av 2030-åra. Kombinasjonen av russiske råvarer og kinesisk skaparkraft, saman med kinesisk arbeidskraft, vil vera uslåeleg.

I mellomtida vil Xi Jinping ikkje gjera seg for upopulær i Vesten. Store delar av den kinesiske økonomien er framleis basert på å selja billeg til ei kjøpesterk befolkning i Vesten. Om Xi Jinping går inn for fullt på russisk side i krigen, vil dei vestlege landa for alvor byrja å kopla seg av frå den kinesiske økonomien.

Lenin sa ein gong at kapitalistane er så grådige at dei vil selja til kommunistane det reipet som kommunistane vil bruka til å hengja kapitalistane med. Alle som har gått på kommunistiske partiskular, har lært seg dette munnhellet. I tilfellet Kina har det passa med frapperande klarleik. Koplinga til kinesisk økonomi har gjeve vestlege kapitalistar store profittar. Det vil dei halda fram med lengst mogleg.

Komplisert sak

Om ein ser bort frå Vladimir Putin sjølv og den nærmaste krinsen hans, ser saka meir komplisert ut frå russisk side. Alle som har levd i Russland ei stund, veit at mange russarar har eit heller fordomsfullt tilhøve til menneske med ein annan hudfarge enn kvit. Nede i folkedjupet finn ein store mengder med rasistiske førestillingar der det blir sett likskapsteikn mellom herjingane til den mongolske horden på 1200-talet og dagens kinesarar.

Om ein går litt høgare opp i samfunnshierarkiet, møter ein tradisjonelt på færre rasistiske, men til gjengjeld mykje politisk motivert motvilje. Då kinesiske og russiske interesser for alvor barka saman i Det fjerne Austen midt på 1800-talet, var Kina ute av stand til å forsvara seg. Resultatet var at russarane nesten utan å fyra av eit einaste skot la under seg eit kinesisk område som svarte til tre gonger Noregs storleik.

Når ein kjem til midten av 1900-talet, sat Josef Stalin i Moskva og Mao Zedong i Beijing. Stalin forakta Mao og behandla han som ein underordna partifunksjonær då han vitja Moskva vinteren 1949–50. Mellom anna lét Stalin Mao venta ei heil veke før han tok imot den kinesiske gjesten til audiens. Under dei fleire veker lange forhandlingane i Moskva gjorde Stalin det klart for Mao at han var juniorpartnaren.

Det iskalde tilhøvet blei endå dårlegare på 1960-talet, då Moskva og Beijing skulda kvarandre for å svika den sanne kommunistiske vegen. Så, vinteren 1969, gjekk den ideologiske konflikten over til varm krig. Ved Ussuri-elva gjekk kinesiske grensesoldatar til åtak på russiske grensevakter. Truleg blei fleire hundre drepne. Under trefningane, som gjekk føre seg samstundes med den såkalla kulturrevolusjonen, blei det i Moskva snakka mykje om at Mao kom til å sleppa fleire titals millionar kinesarar laus over den sovjetiske grensa.

Felles syn på verda

I dei neste tiåra mista dei to landa mykje av interessa for kvarandre. Sovjetunionen braut saman, mens Kina gjekk i gang med å bli rikt. I lang tid fylgde Beijing parolen til Deng Xioaping om å skjula styrken sin og ta tida til hjelp. Russarane, på si side, måtte avverja faren for samanbrot både i staten og i økonomien og tenkte lite på det som skjedde på den andre sida av grensa i Det fjerne Austen.

Kring 2005 er det grunn til å tru at leiargruppa rundt Putin tok ei aktiv avgjerd om ikkje å bli ein del av den USA-dominerte verda, men staka ut ein antivestleg kurs for Russland. På den tida såg dei kinesiske leiarane korleis den amerikanske økonomien blei meir og meir avhengig av den kinesiske.

I tiåret etter var Kina blitt så sterkt at landet kunne setja seg imot viktige amerikanske interesser. I 2013 tok Beijing til med å byggja ut militærbasar på omstridde øyar i Sør-Kina-havet, den viktigaste handelsruta i verda. I 2014 tok Russland Krim. Dei to landa fekk ein felles fiende, nemleg Vesten.

Men problemet for Putin var, då han tok imot Xi Jinping denne veka, at han leier eit land på vaklande føter. Xi, på si side, leier ein økonomisk gigant. Russland har brent alle bruene mot vest og har ikkje noko anna alternativ enn å selja seg til Kina.

Halvor Tjønn er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Krigen i Ukraina har svekt Putin både på heimebane og internasjonalt.

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker
Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis