JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ei global rørsle mot globalisering

Startskotet for antiglobaliseringsrørsla var ein leiarartikkel i den franske månadsavisa Le Monde Diplomatique i desember 1997.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Demonstrasjonane mot WTO-møtet i Seattle i 1999 vekte stor merksemd rundt i verda, og dei neste åra vart massedemonstrasjonar vanleg i samband med internasjonale toppmøte.

Foto: NTB scanpix

1815
20190222
1815
20190222

Utgangspunktet var den djupe krisa i Søraust-Asia same året, og redaktør Ignacio Ramonet retta krass kritikk mot den økonomiske globaliseringa og mot institusjonar som Det internasjonale pengefondet, Verdsbanken, OECD og Verdshandelsorganisasjonen (WTO). Globalisering og finansspekulasjon undergrov statane i den verkelege verda, og det var på tide å «avvæpne marknadene», meinte Ramonet. Artikkelen hans vart mellom anna inspirasjonen til organisasjonen Attac, som i starten hadde avgift på valutahandel som den fremste kampsaka si.

Kampen mot globaliseringa tok mange ulike former. I Seattle demonstrerte kring 40.000 menneske mot WTO-toppmøtet i 1999, og massedemonstrasjonar vart normalen ved toppmøta i organisasjonar som Verdsbanken, Pengefondet og EU dei neste åra. Den globaliseringskritiske forfattaren Naomi Klein vart ei viktig røyst for rørsla med boka No Logo, og også ein profilert økonom som Joseph Stiglitz, tidlegare sjeføkonom i Verdsbanken og vinnar av Nobels minnepris i økonomi, slutta seg til mykje av kritikken av dei internasjonale finansinstitusjonane og liberaliseringa dei stod for.

I 2001 vart det første World Social Forum halde i Brasil, som eit radikalt motstykke til World Economic Forum, med slagordet «Ei anna verd er mogleg». WSF vart ein årleg samlingsstad for titusenar av aktivistar frå heile verda, med eit utal ulike kampsaker, frå urfolksrettar til fagforeiningsarbeid. Toppunktet var 2009, da over 100.000 menneske møtte opp til WSF i Belém i Brasil. Forumet har òg blitt avvikla i land som India, Tunisia og Canada. Splitting i leiarskapen har medverka til å svekkje WSF, og oppmøtet har minka dei siste åra.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis