JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EnergiSamfunn

Effekt er det vi vil ha

Frå før er vi urolege for å mangla vatn i magasina. No lyt vi i tillegg uroa oss over mangel på effekt, sidan atomkrafta i grannelanda ikkje kan levera.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Greenpeace aksjonerte då kraftverket Barsebäck blei stengt i november 1999, og kravde at 11 reaktorer til måtte leggast ned.

Foto: Drago Prvulovic / NTB

11058
20220923

Bakgrunn

Sverige har dei siste 25 åra lagt ned nesten 3500 MW i kjernefysisk effekt sentralt og sør i Sverige.

No er nye 1100 MW frå atomkrafta borte på grunn av ein feil.

Svenska Kraftnät har varsla om at Sverige kan få utkoplingar til vinteren.

Straum

jon@dagogtid.no

Sør-Noreg har gått frå å ha Europas beste effektbalanse til no å verta truga, både av manglande vatn og av grannar som ikkje har planlagt godt nok. Eit kraftsystem er vanskelege saker, det må vera så finstemt. Når kraftverka produserer, må det ikkje på minuttet, ikkje på sekundet, men på eit tusendelssekund stå ein mottakar klar i andre enden, og omvendt. Dette vert kalla momentan balanse.

Dessutan må frekvensen konstant vera på 50 hertz, nokre bitte små avvik i frekvensen kan tolererast, men berre litt ned under 49,9-talet, og transformatorar og omformarar og alt dette som er bygt opp for å få nettet til å fungera, går åt skogen om frekvensfeilen varer nokre minutt, og vert verre di fleire minutt frekvensen er feil.

Ingen hjelp i sol og vind

Vind-, sol- og elvekraft kan diverre ikkje gje eit tilskot til stabil frekvens og transport av straum over distanse. Alle nett er avhengige av store generatorar, som – i mangel på eit betre ord – pressar straumen ut i systemet. Dette kan ikkje all den nye vinden vi har fått i Sør-Noreg, gjera. Generatorane og turbinane er altfor små til det.

Kort sagt, det vi må ha her og no, er effekt, og rett effekt i Noreg kan berre magasinkrafta stilla opp med. Danmark vert ofte trekt fram som døme på kor godt vindutbygging fungerer. Dei får halvparten av straumen sin frå vindkraft, vert det ofte påstått. Og ja, det ser slik ut. I eit normalår nyttar Danmark 30 TWh med straum samstundes som vindkrafta produserer 15 TWh. Men mykje av vindkrafta vert ikkje nytta i Danmark, ho vert spreidd til grannelanda. Og når vinden ikkje blæs, ja, så er Danmark heilt avhengig av Tyskland og Sverige.

Avhengig

I røynda har Danmark, som eit av dei få rike landa i verda, heilt overlate frekvensansvaret og kraftflyten på Jylland til Tyskland og på Sjælland til Sverige. Danmark har dimed sett ut samfunnskritiske tenester til grannelanda, som spreier den danske vindkrafta ut i nettet. Og når alle nordsjølanda no seier dei skal satsa på havvind, kan ikkje denne satsinga skje utan at det samstundes vert bygd ut meir stabil kraft med store generatorar. Men det er ikkje det som har skjedd dei siste åra.

Eit godt døme er Sverige. EU krev at 70 prosent av kapasiteten i nettet skal nyttast til handel. Svenska Kraftnät, SVK, seier ope at det får dei ikkje til. Dei kan berre køyra sentralnettet med 50 prosent handelskapasitet. Difor ligg no Sverige og Noreg i konflikt. Vi har eit stort kraftoverskot i særleg Nord-Noreg. Planen då det vart bygd ut mykje, særleg vindkraft nordpå og i Midt-Noreg, men også småkraft frå elvar, var at overskotet skulle førast gjennom Sverige og inn att i Sør-Noreg.

Bryt kontrakten

Det har berre delvis gått slik. Sverige, som har eit svært nett mellom nord – som har mykje vasskraft og har fått mykje vind – og sør, fungerer ikkje som det skal, av di svenskane har lagt ned store kraftverk i sør. Difor kan dei heller ikkje lenger tilby Noreg dei eksporttenestene dei har kontraktsforplikta seg til å gje. Og difor kjem ikkje mykje av overskotskrafta frå nord inn i Austlandet.

No er situasjonen vorten endå meir forverra. Det handlar – i Sverige som i Tyskland – om nedlegging av atomkraft, som danskane har kravd skal leggjast ned, men som dei samstundes har vorte meir og meir avhengige av, i takt med at dei har lagt ned dei store kolkraftverka. På 1960-talet vende Danmark seg til Sverige og spurde om svenskane kunne byggja atomkraft heilt i sør. Sverige sa ja, og nye kablar mellom Sverige og Sjælland kom. På 1970-talet vart to reaktorar på 600 MW kvar sette opp i Barsebäck nord for Malmö og rett aust for København.

Three Mile Island

Så kom Three Mile Island-reaktorulukka i Pennsylvania i 1979. Ei protestbylgje starta i Danmark, og til slutt, høvesvis i 1999 og 2005, vart dei to Barsebäck-reaktorane lagde ned. Det skapte ein ubalanse i nettet sørvest i Sverige og i overføringskablane mellom Sverige og Danmark.

Ubalansen har seinare vorte forsterka og har kome klart til syne i år. Stockholm har hatt om lag 50 prosent av straumprisen i sone 2, som er det sørlege Sør-Noreg, medan Skåne til tider har hatt høgre prisar enn sone 2. Skal sentralnettet fungera fullt ut, må det vera sterke generatorar både på avsendar- og mottakarsida.

For å bøte både på eventuelle frekvensfeil og manglande effekt og straumproduksjon har difor svenskane i nesten heile år fyrt opp det store reserveoljekraftverket dei har i Karlshamn nordaust for Malmö og København. I full drift nyttar kraftverket, som har ein kapasitet på 680 MW, 615.000 tonn olje i året. Verknadsgraden er på 40 prosent. 60 prosent går bort i varmetap.

Ein digresjon her er at Barsebäck gjekk konstant og difor kunne levera all fjernvarmen til Malmö og Lund. Det kan Karlshamn ikkje gjera, av di det i utgangspunkt er meint å stå som straumreserve og forhindra frekvensavvik. Dimed kan ein ikkje planleggja for fjernvarme, og difor har krafttrongen vorte høgre i Skåne.

Ikkje nok

Men trass i at Karlshamn har større effekt enn Barsebäck hadde, får ein likevel ikkje overskotskraft i nord i stor nok grad over til sør. For også andre stadar i Sverige har dei lagt ned atomkraft, som vart eit av dei store temaa i den svenske valkampen. Dei borgarlege partia lover no å byggja ut ny kjernekraft.

Men det kjem for seint til denne vinteren. Det har seg slik at i dei siste åra har dei to reaktorane på 473 MW og 638 MV ved Oskarshamn, som ligg nord for Kalmar, søraust i Sverige, vorte stengde. Det har også dei to reaktorane på 878 og 852 MW i Ringhals, rett sør for Göteborg, vorte. Sverige har lagt ned nesten 3500 MW i kjernefysisk effekt sentralt og sør i Sverige. Effektbalansen er difor særs sårbar på heile Sjælland og i store delar av det svært folkerike Sør-Sverige. All atomeffekten var elles nedbetalt og dreiv med særs lønsam kraftproduksjon.

Ulukke

Ei ulukke kjem sjeldan åleine. Reaktoren Ringhals 4, som framleis er i drift, hadde årleg revisjon i slutten av august. Under ein trykktest rauk nokre elpatronar. Då forsvann 1100 MW til. Etter planen skulle produksjonen starta att den 30. november, før vinterkulda set inn for fullt, men no er produksjonsstarten skubba ut til 31. januar 2023. Forsyningsproblem i den internasjonale handelen gjer at svenskane manglar dei spesialverktøya som dei treng.

I mai i år gav NVE ut ein rapport om effektbalansen i Noreg og Norden. Der seier dei at Noreg framleis «har et lite effektoverskudd», men at vi raskt er på veg mot eit underskot. Vidare seier dei at effektunderskot i grannelanda har konsekvensar særleg i Sør-Noreg. Men sidan den rapporten kom, har den norske kraftbalansen vorte mykje dårlegare på grunn av stor magasinproduksjon i fjor i kombinasjon med relativt lite nedbør i år.

Sør-Noreg treng frå no av og fram til starten på november, når nedbøren kjem som snø, dobbelt så mykje regn som eit normalår for å nå medianen på fyllingsnivå, sa NVE denne veka.

Tomt er tomt

Utan vatn kan vi ikkje skapa effekt. Slik stoda er no, vert Noreg framover avhengig av import, særleg på kalde dagar i vinter, og særleg i dei folkerike områda på austlandet. Sør-Noreg og Sør-Sverige er avhengig av at dei største generatorane kan produsera for fullt på dei kalde dagane. Stoda på Sjælland er endå verre.

At Ringhals 4 rauk, har ført til alarm i Sverige: «Vi har vorte meir avhengige av import for å oppretthalda effekten. Vidare er det slik at når vi har størst trong for å importera straum, finst det kanskje ikkje tilgang på effekt og straum. Vi har altså gått frå ein situasjon der vi har meint at risikoen for effektmangel var låg, til no å meina at den risikoen er reell. Det kan føra til at vi vert tvinga til å kopla av straumbrukarar i vinter», seier Erik Ek, strategisk sjef i SVK på heimesida til sentralnettselskapet, etter åtvaringa om auka nedetid.

Mild vinter?

Før utkoplinga av Ringhals 4 rekna SVK med at om vinteren vert normal, kunne Sverige koma til å ha trong til import i berre 36 timar. No trur SVK at talet vert 149. Men dette fordrar altså at det ikkje vert langvarig kulde. Vert det sprengkulde med stabile høgtrykk over Skandinavia, er stoda mykje verre. I tillegg er det slik at Ringhals 4 utfører systemkritisk arbeid for det svenske nettet og dimed også det norske.

Når Ringhals 4 no er ute, vert overføringskapasiteten frå nord til sør i Sverige endå mykje lægre. For Noregs del tyder dette at endå mindre av kraftoverskotet i nord kan førast gjennom Sverige og inn i Austlandet. Dimed får Austlandet mindre kraft å overføra til sone 2, som har kritisk lite vatn i magasina.

Russland fell ut

Dessutan speler boikotten av Russland inn. Finland, som alltid har kraft- og effektunderskot, fekk før krigen 1000 MW frå Russland. Denne effekten er no kopla bort permanent. Den prekære mangelen vona finnane skulle verta kompensert av det nye atomkraftverket Olkiluoto 3, som har ein effekt på 1600 MW.

Olkiluoto 3 vert no prøvekøyrd, men det har så langt oppstått stadig nye problem. Det er altså langt frå sikkert at denne effekten er til stades når trongen for effekt er som størst. Heile Finland har ein potensiell effekttopp i forbruk på 15.100 MW og manglar over 2000 MW ved fullt forbruk om Olkiluoto 3 ikkje er der. Men det finske effektbehovet er mykje mindre enn det norske. Til samanlikning har sone 2 åleine, om alt står og produserer for fullt, 15.385 MW, men på kalde dagar må vi trekkja bort vinden, som står for 1444 MW, men som ikkje kan tilby systemkritiske tenester.

Vind

Faktum er at heile Norden har satsa på vind, som altså er avhengig av dei store generatorane som atom- og magasinkrafta tilbyr. Når Sverige legg ned atomkrafta, Danmark legg ned kolkrafta og Noreg har tømt dei store magasina, vel, så er paradokset at det langt frå er sikkert at vindkrafta kan nyttast fullt ut, anten av di det er kaldt og vindstille, eller av di vi vantar generatorar til å få vindkrafta fram til sluttbrukarane. Når vi har som størst trong for straum, er store investeringar dimed bortkasta.

Det som no synest heilt klart, er at dei store industriverksemdene i heile Finland, i Sør-Sverige og i Sør-Noreg må koplast ut om vi får langvarig kulde til vinteren. At vi har desse store industriverksemdene, er rett nok heldig på eit vis. Dei gjer at vi kan kopla frå ein stor del av etterspurnaden når han er på det høgste.

Stoda er mykje verre i Danmark. Dei har ikkje tungindustri att. Den dei hadde, er flytta ut av di straumen vart så dyr. Dimed slår ei effektkrise inn i danske hushald og kritiske tenester i samfunnet som heilskap. Men må kraftkrevjande industri i Sør-Noreg kopla ut, er vel det eit nokså sterkt flyttesignal for den same industrien.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Dei siste par åra har den norske bonden fått kjenne konsekvensane av å produsere i eit system der utgiftene er styrte av marknaden, medan inntektene er styrte av politikarane, skriv Siri Helle.

Foto: Heiko Junge / NTB

Kommentar
Siri Helle

Effektivisering er ikkje berginga

Korleis gje bønder rettferdig inntekt når dei framleis skal vere sjølvstendig næringsdrivande?

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis