Friske danske studentar må ha reseptbelagde medisinar for å takle skulepresset, melder forskning.no.
Før valet: Regjeringa forsøkjer å få inn «tidleg innsats» i skulen.
Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix
Eg står i døra med telefonen klistra inntil øyra og kinnet og ser på haugen med pensumbøker med store auge. Eg ser ikkje skilnad på amerikansk og britisk kolonihistorie lenger.
– Men, kva er det verste som kan skje då, Mone?
– Det verste som kan skje?!
Eg er ein halv tone frå å gå i fistel.
– At eg stryk på eksamen, ikkje kjem inn på det studiet eg ønskjer etterpåm og for alltid er dømd til å leve frå hand til munn i ein jobb eg ikkje meistrar! Det er det verste som kan skje!
Orda snublar ut av munnen min. At eg bur i Noreg og kan endre studieretning fleire gonger i løpet av livet, prioriterer eg ikkje tankekraft på. Ikkje at eg har late stresset springe sin veg med det som var att av fornuft, heller. Mor mi sukkar, og eg kan nesten høyre at ho hevar eit augebryn.
– Ja, men det skjer ikkje, veit du. Det kan du for mykje til.
Den svevnlause, kvalme og nervøse kroppen min er ikkje samd. Det er to dagar att til eksamen i engelsk litteratur- og samfunnshistorie. Eg greier ikkje roe ned.
Dette er snart fire år sidan. Gjekk eg på apoteket, var det for å kjøpe Ibux til stresshovudverken, ikkje Ritalin eller Modafinil. Eg har verken ADHD eller narkolepsi. Men mange danske studentar får tak i medisinar som krev resept utan resept, fortel antropolog Jeanett Bjønnes til forskning.no. Ho er forskar ved Aarhus Universitets Center for Rusmiddelforskning i Danmark. Seksti studentar er med i ein av dei første store kvalitative studiane om kvifor studentar et slike medisinar når dei ikkje er sjuke. Fleirtalet meiner dei treng medisin for å takle presset frå omgjevnadane. «Generasjon prestasjon» er eit godt innarbeidd omgrep i Noreg òg. Men kvar kjem eigentleg presset frå? Kven er det som står utanfor auditoriet og trer formaningar nedover hovudet på studentane?
For to veker sidan sende PPT i Hedmark ut ei alarmvarsling. «Skoletester gjør elevene syke», melde NRK.
Om eg var vel dramatisk før eksamen, vert det skrive ut dobbelt så mykje antidepressiv til jenter mellom 15 og 19 år i dag som for ti år sidan. Individuell oppfølging tyder plutseleg at eleven skal prestere meir, ikkje betre for sin eigen del. Heile tida skal dei vite om kvifor dei presterer slik dei gjer. Det held ikkje at dei har gjort sitt beste.
Få med flink-elev-syndrom har det slik fordi dei har fått for få evalueringssamtalar og for mange timar fri leik i første klasse. Då eg fekk karakteren ein månad etter eksamen, kunne eg endeleg puste att. Eg strauk ikkje. Men ein månad er lenge å halde pusten.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Generasjon
prestasjon» er eit
godt innarbeidd
omgrep i Noreg òg.
Fleire artiklar
Foto: Seth Wenig / AP / NTB
Eit teikn på frustrasjon
Korkje Trump eller Biden har i røynda full kontroll på auke og fall i inflasjon eller kriminalitet.
Else Hagen: «Familie» (1950), olje på lerret. Rolf E. Stenersens samling / Munchmuseet.
Etterlysing og turné
Else Hagen er i dag eit ukjent namn for mange, men det er i endring.
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.
Gorm Kallestad / NTB
Studieopptak og skulifisering
Statsråden gjer rett i å avvise opptaksprøver som hovudveg til høgare utdanning.
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene
Krigen mellom kjønna
Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.