Kommentar
Det smale ordskiftet om formuesskatten: Fakta, takk!
Historia om eigaren som tappar bedrifta for å betala formuesskatt, får mykje større plass enn ho fortener. Det er på tide å utvida ordskiftet.
Aldri før har ein skatt vorte diskutert på så tynt og så snevert faktagrunnlag, skriv Sigurd Bjørnestad om formuesskatten.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
I det politiske ordskiftet gjeld det å skildra Noreg slik at det stør opp om eigne standpunkt. Det er kampen om å ha den mest truverdige historia.
Slik er det også i det heite ordskiftet om formuesskatten. Den siste veka har forskaren Knut Røed ved Frischsenteret fått motstand i Dag og Tid frå gründaren Eirik Furuseth og professor emeritus Ole Gjems-Onstad. Røed og dei to andre har ulik oppfatning av korleis det står til i Noreg.
Eg vil slå eit slag for statistikk, forsking og analysar av data. Noreg har svært gode data om økonomien i bedriftene og eigarane deira. Basert på det store talmaterialet er det laga analysar og forska på temaet formuesskatt. Men dette er bortimot fråverande i ordskiftet fram mot valet.
Ordskiftet vert dominert av bedriftseigarar i Noreg og Sveits med kvar si historie om kva skade skatten gjer. Politikarane på borgarleg side henger seg på. Aldri før har vel ein skatt vorte diskutert på så tynt og så snevert faktagrunnlag.
Kvar av einskildhistoriene kan vera sanne. Likevel er det på tide å breia ut faktagrunnlaget. Einskildhistoriene har fått dominera for lenge. I tillegg framstår dei i eit anna lys når dei vert sjekka nærmare.
I førre veke hadde Aftenposten og E24 kvar si typiske historie om formuesskatten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.