Skattepolitikk
Formuesskattens hjerneflukt svekkjer Noreg
Dronebilete av Aker Solutions AS på Verdalsøra.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Dag og Tid hadde 22. august eit intervju med Knut Røed, seniorforskar ved Frischsenteret, som framset ei rekkje misvisande påstandar om formuesskatten. Den grunnleggjande feilslutninga er å tru at formuesskatten berre er eit problem for dei som betalar han, medan han faktisk skader oss alle.
Redusert velferd?
Røed sluttar seg til venstresida sin grunnpåstand: Skattekutt må gje velferdskutt. Men den 1–2 prosenten formuesskatt og den tilhøyrande utbytteskatten staten får inn, kan sparast inn på eit utal andre måtar enn gjennom redusert velferd. Berre tenk på Senterpartiets gigaauke i landbruksstøtte, batterisatsingar eller andre forhold som sløseriombodsmannen tek opp. OECD og andre har peika på at det offentlege i Noreg disponerer altfor mykje – internasjonalt sett enormt mykje – av fastlandsøkonomien: 63 prosent.
Røed avviser fakta når han seier at formuesskatten ikkje har auka sterkt dei siste åra. Satsane og grunnlaga har gått opp. I tillegg kjem auken i utbytteskatten. For å betale formuesskatt må mange bedriftseigarar auke uttaket frå verksemda, noko som gjev utbytteskatt.
Skatteflyktningar og hjerneflukt
I staden for å høyre på Røeds påstandar om at eigarskatten ikkje er skjerpa, har ei rekkje verdiskaparar, med Kjell Inge Røkke i spissen, rett og slett teke konsekvensen av skattebyrda og flytta frå Noreg. Røkke kunne ha fått ei samla skatterekning på 700 millionar kroner årleg. Det ville skade Aker, sa konsernsjefen. Difor måtte Røkke – av omsyn til Aker, ikkje berre seg sjølv – flytte ut. Det er likevel misvisande berre å snakke om skatteflyktningar; det fokuserer for mykje på enkeltpersonar som flyttar. Dette handlar om ein omfattande brain drain frå Noreg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.