Økonomi

Den store skattejakta

Det er ikkje vitskapleg belegg for å seie at formuesskatten hemmar norsk næringsliv, meiner samfunnsøkonomen Knut Røed.

Frp-leiar Sylvi Listhaug og investor Stein Erik Hagen under NHO-middagen i år. Dei to er samde om at formuesskatten i Noreg må bort. Hagen har flagga ut det meste av formuen sin til Sveits.
Publisert

Eit mysterium først: Kvifor er formuesskatten nok ein gong blant dei store valkampsakene i Noreg? Takk vere botnfrådraget slepp dei fleste nordmenn unna denne skatten. Kring 15 prosent av skattytarane betaler formuesskatt, og for dei fleste av dei er det snakk om små summar.

Det aller meste av formuesskatten blir betalt av dei rikaste menneska i landet. Han utgjer ikkje ein stor del av dei totale norske skatteinntektene, og lite tyder på at han gjer særleg skade på økonomien. Likevel er formuesskatt eit brennbart tema før stortingsvalet – igjen. Høgresida vil fjerne han, venstresida vil behalde han, og i ordskiftet kan det iblant verke som om Noregs framtid står på spel. Kvifor det?

Veksande formuar

Dette spørsmålet går til Knut Røed, seniorforskar ved Frischsenteret Skatteforsksenteret ved NMBU, og ein av dei få som har publisert forsking på formuesskatten i Noreg. Også han undrar seg over intensiteten i debatten.

– Reglane og satsane for formuesskatten er ikkje vesentleg endra sidan Solberg-regjeringa styrte. Det biletet somme har teikna av ein ekstrem auke i formuesskatten dei siste åra, er feil, seier Røed.

Derimot har inntektene frå denne skatten auka mykje dei siste åra, påpeikar han.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement