Kommentar
Den nye Amerikalinjen
Fascinasjonen for det ubestemmelege amerikanske er heilt på høgd med det som prega «vi som elsket Amerika».

Om bord i amerikabåtane stod utvandrarar langs rekka og vinka farvel til slekt og vener på kaia. Hundre år etter lossar den nye Amerikalinjen livsstil og veremåtar i gamlelandet.
Utvandrarane søkte si stund på jorda i eit betre liv der vest, utan syn for kva dette gjorde med livet til urfolk. Amerikabrev blei ei grunnlinje i sambandet mellom USA og Noreg, og langt frå alt var roseraudt. Personleg kommunikasjon var ei viktig form for meiningsdanning blant nordmenn om det som skjedde i Sambandsstatane i ei tid då der var få massemedium å velje mellom.
Innvandra amerikanarar frå Noreg søkte mest mot den republikanske sida i politikken. Den antikommunismen som den kalde krigen bygde opp, styrkte ei felles situasjonsforståing mellom nordmenn og utvandrarar. Éin krig og tre politiske mord på Kennedy, King og Kennedy på fem år endra det meste.

Kritikk
Det var nok lettare å kritisere Vietnamkrigen i Noreg enn i USA, og kritikken breidde seg tidlegare her til lands enn der vest. Etter kvart kom også meldingar om politiske opprør som enda med død ved Kent State University 4. mars 1970 og massakre i Attica-fengselet i New York 9. september 1971. Berre nokre tiår har gått sidan ein amerikansk president sa at han skulle bombe Vietnam tilbake til steinalderen og prøvde å gjere det.
«Vi som elsket Amerika», skreiv Jens Bjørneboe i ei bokmelding i Orientering 1. mai 1966. Skipsreiarsonen visste korleis det var å vere ein av dei. For han hadde USA rett og slett vore verda. Ein gong i 1950-åra snudde det for han. Det blei for mange inngrep og overgrep i andre statar: «Amerika var blitt farlig, skremmende, uhyggelig.»
Det er ikkje til å kome utanom at andre trygt kunne skrive «vi som aldri elska Amerika». Eg gjorde det sjølv i Dagbladet eit par månader etter at spionen Arne Treholt var blitt arrestert i 1984. Det handla om alt anna enn å forsvare den sikta. No måtte det ikkje bli slik at berre viss ein først sa kva ein meinte om Sovjetunionen, kunne ein tillate seg å ytre seg kritisk om amerikansk politikk. Strategien er den permanente kritikk, konkluderte eg. At det kjendest nødvendig for ein radikal liberalar å skrive noko slikt, kan gjerne kallast naivt, men for meg måler utsegna framleis den politiske barometerstanden i 1980-åra.
Vi song Bob Dylan og dansa til Michael Jackson. Vi skrattlo av Disney-teiknefilmane og demonstrerte mot heroiserande krigsfilmar. Vi hoppa av Amerikalinjen, reiste på Interrail i Europa og røysta nei til EF. Ikkje alle, slett ikkje, vi var mangehovda med all slags meiningar, men det var eit forsøk verdt å halde ein kritisk avstand til ulike former for kulturelle hegemoni.
Kulturindustri fri frå kritikk
Fleirtalet elska nok framleis Amerika og hadde lite til overs for mykje av kritikken. No er alle som opplevde krig og okkupasjon 1940–45 over 80 år gamle. Likevel er krigen framleis eit synonym for det som hende dei åra. Vietnamkrigen er gløymd historie, og med den gløymsla er også det meste av kritisk journalistikk om amerikansk kulturindustri borte vekk. I staden risikerer ein å vakne til endå ein reportasje i Nyhetsmorgen om einkvan som har mista ei knappenål på ein motemolo eller i eit selskap for sjølvposørar.
Med tredje og fjerde generasjon etterkomarar av utvandra nordmenn og slekt som blei att i Noreg, er det personlege sambandet blitt mykje svakare. I staden kjem impulsane éin veg, sterkare enn nokon gong, ikkje berre gjennom sosiale medium, men også i redaktørstyrte medium. Studio 2 i NRK P2 høyrest til tider ut som ein utegåande reporter på Hollywood Boulevard, og i den endelause serien «Aldri skjedd før» rapporterer Dagbladet om ubetydeligheter utan journalistisk relevans.
Politiske journalistar og utanrikskorrespondentar prøver å få fram kva som skjer i Det kvite huset, i domstolar, på Capitol Hill og klarer i gode stunder også å forklare noko av dette. Den amerikaniserte delen av kulturjournalistikken minner stundom mest om bejublande sportssendingar frå skiløp langt borti granskogen.
Her er det altfor fort gjort å skulde på dei store, vestlege teknologiselskapa. Den individualismen som globalt velståande tenåringar i den europeiske mellomklassen dyrkar, kjem i mange kanalar og format. TikTok er kinesisk, men fremjar ei amerikanisering som ein heil generasjon unge tek imot utan nokon permanent kritikk frå tonegivande miljø. Fascinasjonen for det ubestemmelege amerikanske er heilt på høgd med det som prega «vi som elsket Amerika».
Identitetspolitikk
Den nordiske eller europeiske kritikken mot det regimet som no flyttar USA i retning av eit valt autokrati, femner mykje breiare enn kritikken mot det krigførande regimet for eit halvt hundreår sidan. Den gongen var politisk kritikk kombinert med ein kulturell kritikk som er vanskeleg å få auge på no.
Den nye Amerikalinjen er lasta med konfronterande identitetspolitikk som kvitvaskar historia, ekkokammer av mistillit, historier frå amerikansk overklasseliv, ein kultur der eg er overordna og det gjeld å bli den beste versjonen av seg sjølv – målt mot andre. Få vinkar til fellesskapen som står att på kaia.