Litteratur
Den norske revolusjonen på Island
Nordmennene gjorde meir for Island på tre år enn danskane gjorde på 300 år, hevdar ein av romanfigurane i Hallgrímur Helgasons romantrilogi.
Etter nokre få tiår hadde Siglufjördur vorte ein liten by.
Foto: Siglufjordur Sildemuseeum
Sist veke kom første bandet i trilogien, Seksti kilo solskinn, på norsk og vart motteke med seksar på terningen både i VG og Stavanger Aftenblad. Seinare i år kjem Seksti kilo juling og Seksti kilo søndag.
Historia byrjar i jula 1889. Småbrukaren Eilífur er på veg heim til familien med tre kilo kjærkome mjøl i sekken. Men når han nærmar seg heimstaden, er der ingen heimstad å sjå. Eit digert snøras har teke både huset og familien hans, men han greier å grava ut toåringen Gestur, som overlever ved å drikka mjølk rett frå juret til kua.
Sildeeventyret
Romantrilogien følgjer guten fram til han vert 44 år. Undervegs opplever han det store sildeeventyret, som gjorde den vesle staden i Siglufjördur om til ein liten, travel småby. I 1903 kom nordmennene til denne staden nord på Island, og dermed byrja sildeeventyret, som slutta i 1968, då silda vart borte.
For 125 år sidan levde folk flest eit usselt liv i stor fattigdom. Dei budde i torvhus av same slag som vikingane sette opp då dei kom til Island for meir enn tusen år sidan. Det fanst ikkje tømmer i området, og difor bygde folk hus av jord og stein.
Men det var ikkje i Siglufjördur Hallgrímur byrja skriva på den første boka i trilogien.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.