Russland

Døden som samlande kraft

Kor er det russarane får gitt uttrykk for sorg i dag?

Publisert Sist oppdatert

For første gong er det som om temaet for spalta mi er avgjort. Å skrive om noko anna ville vere rart og unaturleg. 24. februar er det fire år sidan Russland gjekk til fullskala krig mot Ukraina. I fire år har vi alle levd i eit mareritt som ikkje tar slutt.

Ifølge anslag frå uavhengige journalistar og forskarar har talet på omkomne russiske soldatar nyleg passert 200.000. Nettavisa Mediazona har til og med publisert eit interaktivt kart med namna på dei døde, der du får informasjon om kven dei er, kor dei kom frå, og kor mange som reiste til fronten og aldri kom heim igjen.

Eg fann to kjenningar på kartet. Den eine visste eg var død, den andre blei eg overraska over å finne der. Eg finn garantert fleire kjenningar viss eg tar meg tid til å leite. Det er ikkje vanskeleg. Russland kan verke enormt, med ei enorm befolkning. Sjølv om ho krympar, er vi framleis over 140 millionar menneske, og 200.000 døde kan verke som ein drope i havet. Men i løpet av desse fire åra har krigen trengt inn i kvar heim, og så å seie alle har ein kjenning eller kollega, om ikkje ein nær venn, som drog i krigen og blei skadd eller drepen.

Men trass i at krigen har råka alle, ikkje berre med tanke på dødsfalla, men med tanke på økonomien og tusen andre faktorar, er ikkje 24. februar ein merkedag i det russiske informasjonslandskapet. Det er logisk. Offisielle medium har inga interesse av å påpeike kor lenge krigen har vart – folk blir berre irriterte. Og opposisjonen har, same korleis ein ser på det, for få tilhøyrarar.

I tillegg er det umogleg å arrangere fysiske tilstellingar og minnestunder, for ikkje å snakke om demonstrasjonar, sjølv om det i alle byar er nok av krigsmotstandarar som i teorien ville ha deltatt.

For oss blir dagen derfor markert i form av ei rekke dystre innlegg på sosiale medium, der folk minnest kva dei gjorde då invasjonen tok til, og prøver å reflektere over det. Å reflektere over det er framleis ekstremt vanskeleg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement