Kommentar
Fjordvern for feil folk
Oppdrettsnæringa sklir for lett gjennom maskene i vernenetta.
Nyleg laga regjeringa, ved Klima- og miljødepartementet og minister Andreas Bjelland Eriksen, fire nye marine verneområde. Alle fire ligg i fjordar: nærare bestemt Krakvåg og Bjugnfjorden i Trøndelag, Ytre Hardangerfjorden og Krossfjorden i Hordaland og Dalsfjorden i Sogn og Fjordane.
Dalsfjorden er min fjord. Eg sit og ser på han nett no: Han ligg der temmeleg roleg i dag, berre regndropane uroar vassoverflata der han svingar seg inn mellom ikkje så høge, men likevel heilt fjord-typiske fjell. Langt frå den vakraste fjorden i verda, men nokså fin likevel.
Verneverdiane er likevel ikkje synlege for meg. Når eg les om Dalsfjorden i verneforskrifta frå departementet, får eg lyst til å byrje å dykke: «Eit nasjonalt verdifullt estuarområde», står det (estuarområde er eit brakkvassområde), og «spesielle biologiske førekomstar som korallar, sjeldne brakkvassplanter og rike straumområde». Anemonar. Begerkorall. Tareskog. Lite ante eg at slikt eksisterte rett utanfor vindauget mitt.
Eg er glad i fjorden min, og det er fint å lese at han også vert verdsett av andre. Med andre ord burde eg vore glad for avgjersla. Det er eg òg – men gleda kjem med ein bismak. Ein sterk og bitter bismak.
Ministeren åler seg rundt spørsmåla
Den delen av Dalsfjorden eg har utanfor vindauget mitt, er ikkje verna. Vernet byrjar nokre nautiske mil – eller kilometer – lenger inne i fjorden. Kvifor akkurat her? Vel, verneverdiane det er snakk om, knyter seg til område ein finn inst i fjorden – mykje ferskvatn og grunne område. Men har det også ein annan grunn? Som at det til dømes er rett utanfor denne brua, og altså rett utanfor dette verneområdet, at oppdrettsanlegga byrjar å dukke opp?
«Eg forstår engasjementet til kommunane i denne saka, og derfor har me også lytta til dei og gjort justeringar i vernegrensene, slik at alle akvakulturanlegg vart haldne utanfor», seier minister Bjelland Eriksen til NRK i samband med lanseringa av verneområda. Ordførarar i omliggande kommunar har sjølvsagt vore uroa for næringsinntektene sine – ikkje minst inntekter frå havbruksfond og liknande.
Dei treng ikkje uroe seg. Bjelland Eriksen kan hevde dei har gått rundar i denne saka, men dispensasjon for akvakultur i verneområde har lege fast i mange år allereie: Alle forskrifter for marine verneområde som er vedtekne sidan 2020, inneheld ein «spesifisert dispensasjonsregel som åpner for akvakultur (fiskeoppdrett) dersom dette ikke er i strid med verneformålet».
Med andre ord: Enno har ikkje eit einaste oppdrettsanlegg merka ein einaste liten konsekvens av marine verneområde. Er dette slik det skal vere?
Det kjem sjølvsagt an på om oppdrettet påverkar verneverdiane eller ikkje. Om ein har hatt så mykje som eit halvt auge inn på havbruksdiskusjonar dei siste tiåra, veit ein at kva miljøpåverknad denne næringa har, framleis er særs ope for debatt.
Ikkje eingong på lågaste nivået
Kva skal eigentleg til for at eit marint verneområde skal fungere? Dette såg Havforskningsinstituttet på i 2024, på oppdrag frå Miljødirektoratet. I rapporten deira syner dei mellom anna til IUCN: IUCN er forkortinga for Verdas naturvernunion, og er organisasjonen som mellom anna står bak den globale raudlista – oversikta over trua artar og naturtypar i verda. Dei opererer med seks ulike kategoriar av vern – frå kategori 1a, 'Strengt naturreservat', der all påverknad av natursystemet er forboden, til kategori 6, 'Område med berekraftig bruk av naturressursar', der formålet er å «beskytte naturlege økosystem gjennom å bruke naturressursar på ein berekraftig måte». Ikkje eingong i denne lågaste kategorien tillèt ein industriell akvakultur. Havforskningsinstituttet slår det fast allereie i fyrste setninga: «Litteraturgjennomgang av 54 syntese- og metastudier globalt viser at marine bevaringsområder har store positive effekter, dersom områdene er fullt eller høyt beskyttet (inkludert forbud mot fiske og annen høsting).»
Dette er krevjande. Ikkje minst for menneska som bur kring fjorden, og er vane med sitt private fjordbruk. Skal ikkje eg få lov å sette dei få krabbeteinene mine lenger, liksom? Kva påverknad har det på det store biletet?
Endå verre vert det om forbodet ikkje ser ut til å gjelde alle. Om industrien får ture fram som før, berre nokre hundre meter lenger ute i fjorden som deler det same vatnet, dei same straumane, den same nedbøren og smeltevatnet, kan det fort opplevast – ja, kanskje endåtil verte – fullstendig meiningslaust.
Vern for (kvardags)bruk
No er det heldigvis ikkje meininga å stenge alle krabbeteiner ute frå verken Dalsfjorden eller dei andre nye vernefjordane. At «vern» ikkje tyder at «menneske og alt vi held på med, må pelle seg vekk herfrå og aldri kome attende», er bra. Målet må jo vere at menneske og fjord skal kunne leve saman på eit vis begge partar tener på.
Vernet kjem likevel til å merkast blant alle som bur langs fjorden. Éin ting er større byråkrati – avslaga på til dømes nye båtplassar, ilar, kaier og liknande vil verte fleire. Eit konkret døme frå min fjord er at ny veg vil måtte byggast med 60-sone i staden for 80-sone, for å unngå fyllmasse i fjorden. Ei lita plage, ja vel – men ei plage folk må leve med kvar dag.
Samstundes kan altså oppdrettsanlegga som ligg nokså tett lenger utover i fjorden, halde fram som dei stemner. Ja, det er endåtil ikkje umogleg å få opne nye anlegg – midt inne i verneområdet.
Forskriftsteksten som vart vedteken ved kongeleg resolusjon fredag 13. februar, slår rett nok fast at å opne for dispensasjon ikkje betyr at ein må gjere det. Det burde vere openbert, men er det altså ikkje. Berre det seier litt.
Vi skal verne – og vi skal leve. Vi skal balansere. Industrien veg ofte tungt på slike vektskåler. Enkeltpersonar er ikkje like tunge og har ikkje like høge røyster. Det vil både folk, fisk og fjord tape på framover.