Grønland

 Den 31. januar kjem rapporten som skal vurdere om spiralsaka også kan definerast som eit folkemord.

Tidspunktet kunne knapt vore verre.

Ei grønlandsk kvinne i stille protest under orsakinga framført av Danmarks statsminister Mette Frederiksen i kulturhuset i Nuuk 24. september i fjor.
Publisert Sist oppdatert

Spiralsaka

Spiralsaka handlar om at grønlandske kvinner systematisk fekk innført spiral, særleg i 1960- og 1970-åra.

Mange av kvinnene hadde ikkje samtykt til å få innført spiral.

I september i fjor kom ein granskingsrapport om saka.

Det er oppretta ei erstatningsordning for offera.

I slutten av januar er det venta ein ny rapport, med ei vurdering av om menneskerettar og urfolksrettar har vorte brotne. Rapporten skal også ha ei vurdering av om handlingane kan definerast som eit folkemord.

I møte med USAs trugsmål om annektering har Danmark og Grønland stått stadig meir samla.

«Vi står i ei geopolitisk krise. Og om vi skal velje mellom USA og Danmark her og no, så vel vi Danmark. Vi vel Nato. Vi vel Kongeriket Danmark. Vi vel EU», sa Grønlands regjeringssjef Jens-Frederik Nielsen i ei historisk ytring 13. januar.

Berre 13 månader tidlegare, den 13. desember 2024 skulda forgjengaren hans, dåverande regjeringssjef Mute B. Egede, Danmark for å ha gjort seg skuldig i folkemord på det grønlandske folket. Det skjedde i eit intervju i DR-programmet «Deadline». Og i nyttårstalen på veg inn i 2025 sa han at det var på tide å fri seg frå kolonitidslenkjene.

Mykje har skjedd mellom dei to ytringane. I denne samanhengen utmerkjer særleg to ting seg: For det første at trugsmåla frå USAs president Donald Trump har vorte stadig hyppigare og meir pågåande. For det andre at det grønlandske valet i mars i fjor endra den politiske samansetjinga i parlamentet.

Tydeleg opposisjon

Partiet Demokraatit, som i valkampen hadde halde ein låg profil i sjølvstendespørsmålet, vann fram, og Jens-Frederik Nielsen tok over som regjeringssjef. Regjeringa vart ein koalisjon av alle partia i parlamentet, med unntak av eitt: partiet Naleraq.

Naleraq vart det nest største partiet ved valet i fjor, og var det klart mest utolmodige i spørsmålet om sjølvstende, og er det framleis. I dag er partiet altså det einaste opposisjonspartiet i landet.

Den siste tida har Naleraq-leiar Pele Broberg markert seg ved blant anna å krevje at Grønland diskuterer utanriksspørsmål med USA direkte, utan Danmark til stades. Kravet bryt med sjølvstyreloven frå 2009, som inneber at Danmark har ansvaret for utanrikspolitiske saker, men det påverkar ikkje Brobergs syn.

Broberg har kritisert styresmaktene på Grønland for å få panikk i møte med Trump, og framstår langt meir USA-vennleg enn representantane i den sitjande regjeringa. Broberg og partifellane hans har vore meir interesserte i kva den amerikanske presidenten har å tilby grønlendarane, enn trugsmåla han kjem med.

Trass i at alle grønlandske parti har programfesta at dei støttar sjølvstende, reagerer dei altså svært ulikt på den pågåande krisa. Regjeringspartia har tona ned kritikken av Danmark og teke eit tydeleg standpunkt om å stå side om side med Danmark overfor USA. Opposisjonspartiet Naleraq har halde fram kritikken av Danmark, og halde døra på gløtt for USA.

Ras i barnefødslar

Midt i den storpolitiske krisa Grønland og Danmark står i, kjem ein ny rapport om den såkalla spiralsaka eller prevensjonsmiddelsaka – ein rapport med potensielt stor sprengkraft.

Den første uavhengige granskingsrapporten om spiralsaka var tinga av både den danske og grønlandske regjeringa, og kom i september i fjor. Rapporten stadfesta at fleire tusen grønlandske kvinner, dei yngste berre 12 år gamle, i 1960- og 1970-åra fekk sett inn spiral – mange av dei utan å samtykkje til det. I den same perioden stupte talet på barnefødslar. I 1964 var det venta at kvinner på Grønland i gjennomsnitt ville føde 7,4 barn. I 1975 var talet redusert til 2,4. Det dåverande grønlandsdepartementet peikte på både spiral og abort som årsaker.

Det høyrer med til saka at også den grønlandske regjeringa har bede kvinner om orsaking for at dei utan å samtykkje til det har fått prevensjon. Enkelte slike tilfelle skjedde etter at Grønland tok over helseansvaret for innbyggjarane i 1992.

Rapporten førte til at Danmarks statsminister Mette Frederiksen offisielt bad grønlendarane om orsaking for den uretten som råka dei fordi dei var grønlendarar. Ei erstatningsordning er oppretta for kvinnene som er offer i saka. Men frå den grønlandske regjeringa si side er saka altså ikkje avslutta.

Den 31. januar har ei ekspertgruppe som består av ekspertar på menneskerettar, urfolksrettar og folkerett, frist til å overlevere den siste planlagde rapporten knytt til saka. Denne ekspertgruppa er utnemnd av den grønlandske regjeringa åleine, og mandatet er å avdekkje om menneskerettar eller urfolksrettar er vortne krenkte. 

I tillegg skal ekspertane vurdere om krenkingane kan verte definerte som folkemord – ei form for brotsverk som vi hittil har knytt til krigsbrotsverk under den andre verdskrigen, i Rwanda, det tidlegare Jugoslavia og moglegvis i Gaza.

Internasjonal domstol

Kvifor har den grønlandske regjeringa tinga ein slik rapport? Naaja Nathanielsen, råstoffansvarleg i regjeringa, har sagt til den grønlandske rikskringkastaren KNR at det er for å få vurdert om det er juridisk dekning for å føre saka i ein internasjonal domstol, der Danmark kan verte dømt.

Naaja Nathanielsen sit framleis i regjering for partiet Inuit Ataqatigiit. Den tidlegare regjeringssjefen Mute B. Egede frå det same partiet er i dag finansminister. Politikarar som har ført eit svært tydeleg språk om dansk folkemord, er altså sentralt plasserte i regjeringa – om ikkje heilt på toppen. Regjeringssjef Jens-Frederik Nielsen har hatt ei mindre konfliktorientert linje.

Opposisjonspolitikaren Broberg gjentok kravet om å få saka opp i ein internasjonal domstol, sist etter den danske orsakinga i september.

Sterke reaksjonar

Skuldingane om folkemord har vekt sjokk og motstand blant danske politikarar. I både grønlandske og danske aviser har det over tid komme ulike og motstridande synspunkt på om spiralsaka kan definerast som eit folkemord.

Dei som argumenterer for at den systematiske innføringa av spiralar på grønlandske kvinner kan reknast som folkemord, peiker gjerne på eit punkt i FNs folkemordkonvensjon, artikkel 2d. Punktet omfattar tvangstiltak med sikte på å forhindre fødslar innanfor ei gruppe, med sikte på heilt eller delvis å øydeleggje denne gruppa.

Danmarks siste grønlandsminister Tom Høyem gjekk ut i media og sa han ville saksøkje Mute B. Egede for ærekrenking, men trekte det tilbake etter ei pressemelding frå regjeringssjef Nielsen. Her stod det at skuldinga om folkemord ikkje var retta mot Høyem eller andre enkeltpersonar, men mot staten Danmark.

Balansekunst

Den nye rapporten om spiralsaka kjem på eit svært vanskeleg tidspunkt. Innhaldet i rapporten må handsamast både med alvor og omsyn til dei mange offera. Grønland er ei stor øy, men også eit lite samfunn der alle kjenner nokon som er råka. Saka har vekt sterke kjensler.

Samtidig skal det lite fantasi til for å sjå at han kan brukast eller misbrukast i kampen Trump fører for å ta over Grønland. Ein rapport om fortida kan få konsekvensar for framtida. Rapporten kan gjere ei krevjande tid endå meir krevjande.