GRØNLAND
Avtalen som gav USA makt på Grønland
Ein forsvarsavtale frå 1951 står sentralt i kontroversen mellom Danmark og USA. Historia bak handlar om krig, råstoff og ein ambassadør heilt utanom det vanlege.
Den danske utanriksministeren Lars Løkke Rasmussen og Grønlands utanriksminister Vivian Motzfeldt i møte med pressa under besøket i Washington DC onsdag 14. januar.
Foto: Nathan Howard / Reuters / NTB
– Når Roosevelt skjøner at Grønland er løysinga på båe problema hans, skjøner han at han treng meg.
Den danske ambassadøren Henrik Kauffmann har rydda teppe og møbel til side og fått diplomaten Povl Bang-Jensen til å teikne eit kart over Det danske kongeriket på parketten i den elegant innreidde danske ambassaden i Washington.
Nazi-Tyskland har nett okkupert Danmark, den danske regjeringa styrer på nazistane sin nåde, og Kauffmann nektar å ta imot ordre frå København. I staden ser han høvet til å handle på eiga hand, ved å tilby USAs president Franklin D. Roosevelt full militær tilgang til Grønland. For å ta imot tilbodet må presidenten godkjenne Kauffmann som rettmessig representant for Danmark – ei slags eksilregjering i Washington.
Det Kauffmann prøver å forklare Bang-Jensen, der dei ser ned på kartet, er den strategiske rolla Grønland har i ein krigssituasjon. Med tilgang til Grønland vil USA kunne sikre seg kryolitten i landet, som dei treng for å produsere aluminium til nye krigsfly. Samtidig vil militære basar på øya gje amerikanarane kontroll over Nord-Atlanterhavet. Dei vil kunne hindre Tyskland i å overvake vêrforholda, og halde dei utanfor eigne nærområde. Dei vil kunne mellomlande og fylle drivstoff på fly på veg mot Storbritannia og det europeiske kontinentet. Dei vil kunne levere krigsfly til Storbritannia via luft i staden for med skip.
Det er ikkje sikkert Kauffmann fekk medarbeidaren sin til å teikne eit kart på ambassadegolvet. Scena er henta frå filmen Vores mand i Amerika (2020), som viser ei underhaldande utgåve av det som skjedde i den danske ambassaden i Washington under den andre verdskrigen. Men kjernen i historia er i tråd med røynda. Den 9. april 1941, på dagen eitt år etter at Tyskland okkuperte Danmark, underteikna Kauffmann og den amerikanske utanriksministeren Cordell Hull den første forsvarsavtalen om Grønland, som den gongen var ein dansk koloni.
Sjokk i København
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.