GRØNLAND

Alle presidentens landnåmsmenn

Kva har Louisiana-guvernøren Jeff Landry til felles med tekmilliardæren Ken Howery og Arktis-entusiasten Tom Dans? Dei har alle teke på seg oppgåva å gjere Grønland til ein del av USA.

USAs ambassadør Kenneth Howery vert frakta med hest og vogn til Christiansborg slott og middag med den danske kongen 5. november 2025.
Publisert Sist oppdatert

Den siste veka har mange merka seg namnet Katie Miller. Ja, den tidlegare kommunikasjonsmedarbeidaren til USAs president Donald Trump og talspersonen for Elon Musks effektiviseringsavdeling (DOGE), som på det sosiale mediet X publiserte eit grønlandskart drapert i det amerikanske flagget under eitt ord med store bokstavar: SOON (snart).

Kvifor publiserte Miller kartet? Ein teori kan vere at ho ville trekkje merksemd til den nye podkasten sin, The Katie Miller Podcast. Etter å hatt fleire profilerte stillingar i regjeringsapparatet, mellom anna som kommunikasjonssjef for visepresident Mike Pence i Trumps første presidentperiode, forlét ho i mai Trump-administrasjonen til fordel for næringslivet og Elon Musk. I august styrte ho igjen karrieren i ei ny retning, med ein livsstilspodkast retta mot konservative kvinner som henne sjølv – kvinner i Trump-leiren som har barn og karriere og liker å trene.

I podkasten nyttar ho seg av det mektige nettverket sitt. Den som lurer på kva krigsminister Pete Hegseth og kona Jen Hegseth tenkjer om å reie senga kvar morgon, eller kva for morgonrutinar visepresident J.D. Vance har, vil få svaret her. Om ein lurer eller ikkje, får ein også svaret på kva tekmilliardær Musk meiner om mote, og kva for ein song som omgåande får han i godt humør (avsløring: «The Final Countdown» av Europe).

Men når den danske regjeringa denne veka har kalla inn til krisemøte og europeiske leiarar har stått fram med munnlege og skriftlege støtteerklæringar til Grønland og Danmark, er det ikkje på grunn av Millers eventuelle trong for merksemd. Posisjonen ho har i Trumps inste krins, opnar for ein meir urovekkjande teori: at Miller synte fram innsikta si i Trump-regjeringas planar.

X-publiseringa kom ikkje berre kort tid etter at USA i ein spektakulær militæraksjon bortførte Venezuelas president Nicolás Maduro. Ho kom også kort tid etter offentleggjeringa av USAs tryggleiksstrategi, der Trump-regjeringa børstar støv av – og fornyar – den såkalla Monroe-doktrinen og slår fast at USA skal kontrollere den vestlege halvkula. Og ho kom kort tid etter at Trump utpeikte to nye personar til stillingane som høvesvis Grønland-utsending og leiar for den arktiske forskingskommisjonen i USA (USARC).

Så la oss sjå på Trumps persongalleri.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement