GRØNLAND
Tok ansvar for urett
Dei grønlandske offera i spiralsaka har fått ei offisiell orsaking frå den danske staten. Den opprivande saka kan få politiske etterspel.
Den danske statsministeren Mette Frederiksen møtte onsdag fleire av dei grønlandske kvinnene som ufrivillig har fått spiral.
Foto: :Mads Claus Rasmussen / Ritzau / NTB
Onsdag markerte den danske statsministeren Mette Frederiksen og den grønlandske regjeringsleiaren Jens-Frederik Nielsen den offisielle orsakinga til offera for den såkalla spiralsaka, i kulturhuset i Nuuk.
– Spiralsaka er eit kapittel i vår felles historie som aldri skulle vore skrive. Vi veit dessverre også at det ikkje står åleine. Vi veit at vår felles historie også rommar andre historier om forskjellshandsaming, sa ei prega Frederiksen frå talarstolen.
På scena takka ho kvinnene som har stått fram med sine historier, og sa at orsakinga ikkje berre handlar om fortida, men også om det framtidige forholdet mellom Danmark og Grønland.
– Kjære kvinner, familiar, kjære grønlendarar. I dag er det berre éin riktig ting å seie til dykk: Orsak. Orsak for den urett som har råka dykk fordi de var grønlendarar. Orsak for det som har vorte teke frå dykk, og den smerta de er påførte. På vegner av Danmark, orsak.
Fleirtalet i salen lytta til Frederiksen med alvorlege og triste miner, men éi kvinne stilte seg opp med ryggen til den danske statsministeren. Over munnen hadde ho måla ei svart hand, og framfor seg heldt ho teikninga av ei gravid kvinne. Amarok Petersen hadde i den grønlandske rikskringkastinga (KNR) varsla at ho ville markere motstand, fordi ei orsaking aldri ville kunne rette opp skaden spiralane hadde gjort. Sjølv har ho fortalt at ho aldri har vore i stand til å få barn.
Frederiksen fekk applaus, men det var først når fleire av dei råka kvinnene kom på scena, at salen reiste seg i respekt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.