Kommentar

Davos-talen etter applausen og euforien

Den kanadiske statsministeren Mark Carney sa det folk trong å høyre, men hadde få råd å gi. Dagen etter kom Donald Trump til byen, og verda måtte attende til den nye røynda.
  

Canada's Prime Minister Mark Carney speaks during a news conference before a cabinet planning forum at the Citadelle in Quebec City, Quebec, Canada January 22, 2026. REUTERS/Mathieu Belanger
Canadas statsminister Mark Carney i Quebec 22. januar, to dagar etter den vidgjetne talen i Davos.
Publisert Sist oppdatert

Statsministeren skal ha skrive talen sjølv og baud på replikkar som kunne bli ståande. Vi står midt i eit brot, ikkje i ein overgang. Når reglane ikkje lenger vernar deg, må du verne deg sjølv. Viss vi ikkje sit ved bordet, står vi på menyen (ordtak brukt i mange tiår). Nostalgi er ikkje ein strategi.

Spørsmålet var om vi – dei mellomstore statane – kunne gjere noko meir ambisiøst enn å byggje høgare murar. Svaret hans var pragmatisk å forme skiftande alliansar alt etter sak og problem.

Rådstale med få råd

Å jamføre svært ulike situasjonar i verdshistoria kan føre gale av stad, men i særskilde høve er det halde talar som blir ståande i ettertida. Winston Churchill reiste til Fulton i 1946 og proklamerte at eit jernteppe var senka. «Ich bin ein Berliner», erklærte John F. Kennedy i Berlin i 1963. «Tida er inne for å lækje såra», sa Nelson Mandela då han blei innsett som president i Pretoria i 1994. Dette var talar som ikkje berre markerte tidarvende, men som innebar endringar. Om Carneys tale var av same kaliber, kan ingen seie sikkert enno.

Det som står att frå Davos-talen hans, er det innleiande avsnittet om geopolitikk. Han konstaterte «eit samanbrot i verdsordenen, slutten på ein hyggjeleg fiksjon og byrjinga på ein hard røyndom», som det heiter i Per Anders Todals omsetjing i Dag og Tid 23. januar. Carney hevda at tida for ein regelstyrt verdsorden var omme, lèt det vere uklart om det var ein økonomisk eller politisk verdsorden han snakka om, meinte at denne verdsordenen til dels hadde vore falsk, tok eit oppgjer med naiv globalisme og streka under at no måtte kvar og ein berge seg sjølv. Analysen var betre enn strategien for den nye, harde røynda.

Carney heldt ein rådstale, og i slike talar drøftar ein kva som bør gjerast. Til rådstale å vere var gode råd dyre. Statsleiarar og aktørar med stor økonomisk makt høyrde han identifisere eit tidarvende i internasjonal økonomi og politikk. Han veksla mellom å snakke om Canada og verda, kva som no hadde skjedd i verda, og kva Canada har å fare med. Det enda med ståande applaus. I denne situasjonen var det også på sin plass å stille opp for den moglege makta som Dei sameinte nasjonane kunne utgjere, men den verdsinstitusjonen var bokstaveleg talt ein parentes i talen.

Jonas Gahr Støre er regjeringssjef i eit lite, men stolt land, som han sjølv sa etter talen i Davos. Carney er statsminister i ein mellomstor stat, og det var dei mellomstore statane han snakka om og vende seg til. Det er flest småstatar i verda, men deira rolle i ei verd utan regelstyrt verdsorden og med openbert svekte fellesinstitusjonar blei ein stor, kvit flekk på det verdskartet som Carney teikna.

ADVANCE FOR USE SUNDAY, JAN. 13, 2013 AND THEREAFTER - FILE - In this June 26, 1963 file photo, U.S. President John F. Kennedy, left, waves to a crowd of more than 300,000 gathered to hear his speech where he declared 'Ich bin ein Berliner,' ('I am a Berliner,') in the main square in front of Schoeneberg City Hall in West Berlin. (AP Photo)
«Ich bin ein Berliner», sa dåverande president i USA, John F. Kennedy, då han vitja Vest-Berlin i 1963.
Nelson Mandela reads the oath of office Tuesday, May, 10, 1994 at the Union Building in Pretoria as he is sworn in as President of South Africa. Mandela is the first black President in the history of the republic. (AP Photo/John Parkin)
I 1994 vart Nelson Mandela innsett som president i Pretoria.

Høvet som blei borte

Det republikanske partiet har brukt elefanten som symbol sidan 1874, men Carney nemnde ikkje elefanten i rommet. Churchill i 1946 og Kennedy i 1963 peika derimot beint på motstandaren. Talane deira var laga for høvet, som også talen i Davos var, men då høvet var over i Sveits, tok ein annan tale all merksemda. Norsk presse rakk knapt å referere frå Carneys tale før 79-åringen i Det kvite huset hadde teke over den politiske arenaen. Den usamanhengande ordstraumen til USAs president Donald Trump var uråd å lese i ettertid, men han blei følgd av handling. 79-åringen sa kva han ikkje ville gjere, statsministeren sa ikkje kva verda burde gjere.

Det var politisk balsam å høyre ein statsleiar resonnere.

Det viktigaste ved talen til Carney var at den kanadiske statsministeren sa det han sa. Det kunne han berre gjere før 79-åringen kom til orde. Både statsleiarar og andre var så utmatta av meldingane frå USA at det var politisk balsam å høyre ein statsleiar resonnere. Euforien etterpå minte om det som skjedde då Amanda Gorman framførte langdiktet «The Hill We Climb» ved innsetjinga av Joe Biden som president i 2021. Det var sjelebot å høyre noko anna frå ein president enn det som hadde runne ut i fire år. Dermed jubla ein for nær sagt kva som helst, også eit langdikt med mange klisjear frå tidlegare presidenttalar, framført med ei tyngd og eit nærvær som dei færraste maktar.

I timane etter at 79-åringen hadde gått ned frå scena i World Economic Forum, gjekk statsministertalen viralt. Truleg seier det meir om den mentale tilstanden rundt om enn om den politiske verdien av talen. Det var blitt uvanleg å høyre overordna, geopolitiske resonnement og ikkje berre lese fragment frå 79-åringens nattmøbel.

Litt etter litt vil det sive ut kva diplomatar frå mange statar hadde drive med dei siste vekene, og som kanskje hadde meir å seie for det som til slutt blei sagt offentleg i Davos enn det som stod i talemanuskripta. Så vidt eg veit, har samspelet mellom offentleg talekunst og løynt diplomati knapt vore drøfta i lys av retorisk teori. Berre det at talen i Davos blei spreidd og omsett så raskt, gjer han særleg interessant retorisk sett.

Det tospråklege Canada

Talar er først og sist munnlege. Alle utgåver i skrift er sekundære og må i prinsippet kontrollerast mot framføringa. Som så mange andre statar, Danmark inkludert, er Canada fleirspråkleg, med fransk og engelsk som jamstilte språk.

Davos-talen med tittelen «Prinsipp og pragmatisme» ligg føre i offisielle versjonar på fransk og engelsk. Carney talte både på fransk og engelsk, men berre dei tre første avsnitta var på fransk, språket som lenge var det rådande språket for internasjonalt diplomati. Dei politiske poenga i dette forsvann når dei franske avsnitta blei omsette til engelsk eller bokmål eller nynorsk og talen dermed brått var eittspråkleg.

Makta til mellomstore statar ligg i å vere ærleg, sa statsminister Mark Carney. I talen følgde han ikkje sjølv den norma i eitt og alt. «Canada er eit pluralistisk samfunn som fungerer», sa Carney. Urfolk og minoritetar i Canada som nok aldri kjem til World Economic Forum, har få grunnar til å gå god for den sjølvmeldinga.

Den kanadiske kringkastaren CBC viste i fjor at berre ein femdel av talane frå statsministeren var på fransk. Ved eit slumpetreff talte Mark Carney på fransk i Quebec berre to dagar etter Davos om vilkåra for det franske Canada. Der gav han utsøkte hint til kampen om Grønland. Carney roste dei første franske innvandrarane for viljen til å bruke eigen kultur. Difor, sa han, forstod britiske styresmakter tidleg at dei ikkje kunne regjere over 70.000 menneske mot deira vilje.