Utanriks

«Når reglane ikkje lenger vernar deg, må du verne deg sjølv.»

Ettergjeving kan ikkje kjøpe tryggleik, sa den canadiske statsministeren Mark Carney i talen sin på Verdas økonomiske forum i Davos tysdag 20. januar.

Talen er eit oppgjer med illusjonen om ein regelbasert verdsorden.
  

Canada's Prime Minister Mark Carney speaks during the 56th annual World Economic Forum (WEF) meeting in Davos, Switzerland, January 20, 2026. REUTERS/Denis Balibouse
Canadas statsminister Mark Carney på talarstolen under Verdas økonomiske forum i Davos i 2025.

«Det er både ei glede og ei plikt å vere her med dykk i kveld, i denne avgjerande augeblinken for Canada og verda. I dag vil eg snakke om eit samanbrot i verdsordenen, slutten på ein hyggeleg fiksjon og byrjinga på ein hard røyndom, der geopolitikken til dei store maktene ikkje lenger er avgrensa eller halden attende.

Samtidig vil eg seie dykk dette: Dei andre landa, særleg mellomstore makter som Canada, er ikkje makteslause. Dei har kapasitet nok til å skape ein ny orden som rommar verdiane våre, som respekt for menneskerettane, berekraftig utvikling, solidaritet, suverenitet og territorial integritet for statane.

Makta til dei mindre mektige byrjar med ærlegdom.

Det verkar som om vi kvar einaste dag blir minte om at vi lever i ei tid med rivalisering mellom stormakter, at den regelbaserte verdsordenen er i ferd med å smuldre bort, at dei sterke kan gjere det dei vil, og at dei svake må tole det dei må. Denne aforismen frå Thukydid blir presentert som uunngåeleg, som om den naturlege logikken i internasjonal politikk no melder seg att.

Og stilt overfor denne logikken finst det ein sterk tendens til at land vel å føye seg, tilpasse seg, unngå konflikt og håpe at ettergjeving kan kjøpe tryggleik. Vel, det kan det ikkje. Så kva val har vi?

I 1978 skreiv den tsjekkiske dissidenten Václav Havel, som seinare vart president, eit essay med tittelen Makta til dei makteslause. Der stilte han eit enkelt spørsmål: Korleis kunne det kommunistiske systemet halde seg oppe?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement