Radikale historier, 11
Retorikk for endring
Ei ny og radikal verdsforståing arkiverte mange etablerte tankegangar. Endra tenking trong nye ord og vendingar – og normer for sakleg ordskifte.
ARGUMENT GLOBUS. Erik Dammann skipa Fremtiden i våre hender våren 1974. Her saman med planleggingssjef Hans O. Goksøyr i Norske Shell og stortingsrepresentant Trygve Bratteli sommaren 1973.
Foto: Rolf M. Aagaard / Aftenposten / NTB
I åra kring 1970 lærte unge liberale av strategen Kristen Nygaard å oppføre seg slik at dei ikkje karikerte meiningsmotstandarane sine eller gjorde dei verre enn dei var. «Han sa at vi må velge mellom en engangspolarisering basert på at vi ikke skal treffes igjen, og en polarisering som gjør at vi kan treffes igjen. For i Norge treffes vi igjen», seier læresveinen Odd Einar Dørum.
Men der var flust av folk som heldt seg med fiendar.
Normer for usemje
Akademiseringa av politikken innebar ikkje utan vidare eit meir sakleg politisk ordskifte. Under inntrykk frå krig og okkupasjon hadde filosofen Arne Næss i ei stensilert bok i 1947 formulert seks normer for sakleg meiningsutveksling. Setningane i En del elementære logiske emner var pensum for nær sagt alle nye studentar fram til tusenårsskiftet.
Aldri før hadde så mange lese desse normene som i åra kring 1970. Dei stod kanskje til eksamen, men mange strauk ute i røynda. Fleire enn nokon gong før braut normene for sakleg ordskifte:
1. Hold deg til saken.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.