Kommentar
Då freden kom til Gaza
Fredsavtalen for Gaza har vart i over eit halvt år. Korleis har det endra situasjonen på den krigsherja landstripa?
Etterlatne sørgjer over dei palestinske brørne Abdel Malek og Abdel Sattar Al-Attar, som blei drepne i eit israelsk luftåtak 16. april mot Beit Lahia nord i Gaza. Same dag blei òg ni år gamle Saleh Badawi skoten og drepen i Zeitoun aust i Gaza. Tre menneske, inkludert ein tenåring, blei òg råka denne dagen, då israelske soldatar opna eld mot telt i flyktningleiren Al-Maghazi.
Foto: Dawoud Abu Alkas / Reuters / NTB
Fredsplanen for Gaza blei sett i verk 10. oktober i fjor. Avtalen, som har det offisielle namnet «The Comprehensive Plan To End the Gaza Conflict», består av 20 punkt. I punkt 2 blir det slått fast at befolkninga i Gaza har «lide meir enn nok». Krigshandlingane skal stansast, all nødvendig naudhjelp («full aid») skal sleppast inn i Gaza, og oppbygginga av livsoppretthaldande infrastruktur (vatn, elektrisitet, kloakk) skal setjast i gang.
Ein internasjonal stabiliseringsstyrke skal trygge freden på bakken. Ingen palestinarar «skal tvingast til å forlate Gaza, eller nektast å kome tilbake» (punkt 10), og Israel «skal ikkje okkupere eller annektere Gaza» (punkt 16).
VERDA HÅPA AT avtalen skulle gjere livet mykje lettare for langt over to millionar palestinarar i Gaza. Det etter at dei i to år hadde blitt utsette for det mange hundre ekspertar definerer som folkemord.
Så kva har eigentleg skjedd på denne tida? Gaza har av fleire grunnar fått relativt lite merksemd, og hamna fullstendig i skuggen av krigane mot Iran og Libanon. I tillegg har Israel nekta journalistar tilgang til Gaza sidan krigen starta, og gjer det framleis.
Rapportar frå internasjonale humanitære organisasjonar, israelske og palestinske styresmakter, overlevande journalistar og andre som er til stades i Gaza, gjer det likevel mogleg å skape eit rimeleg klart bilete av situasjonen.
ÅTAKA FRÅ DEN ISRAELSKE hæren har halde fram dagleg. Det har vore rundt 2400 brot på våpenkvila, noko som har resultert i rundt 765 drepne palestinarar, inkludert 140 barn. Om lag 2000 palestinarar er blitt skadde i desse åtaka.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.