Russland
Trugsmåla i snøen
Våren er på veg, også til russarane, som tar imot han på ulike måtar.
Illustrasjon av May Linn Clement
La oss for ein gongs skuld snakke om noko som ikkje har noko med krigen å gjere.
Den siste veka har det nemleg ikkje skjedd noko spesielt viktig i Russland. Kva snakkar folk om når dei ikkje veit kva samtaleemne dei skal velje? Vêret. Våren er her. For første gong i år er det varmare enn null gradar, og snøen har begynt å smelte.
Snøen skremmer meg aldeles ikkje. Men denne vinteren har vore svært uvanleg: Himmelen har dumpa ei utruleg mengd snø over oss. Og det er ikkje noko eg har frå tørre meteorologiske rapportar. Eg har det frå lokalaviser og regionale medium. Kvar dag har eg lese om endå ein barnehage, skule, fritidsklubb, butikk eller annan bygning – kulturhus, bustadhus, treningssenter – som har rasa saman under vekta av snø. Eg kan ikkje hugse at ein vinter har gjort så stor skade som denne.
For det meste har det vore snakk om materielle skadar, men dessverre har det òg vore meir tragiske hendingar. I februar, i den vesle byen Ljantor i Nord-Russland, mista ein tenåring livet, og ein annan blei skadd, då dei fekk snø som datt ned frå taket på ein ishall, over seg. Ordføraren prøvde å be innbyggjarane om orsaking, men det førte til meir sinne. For det første sa han: «Eg beklagar viss nokon har gjort noko gale.» ( At han sa «viss», gjorde inntrykk.) For det andre fortalde han at han tok turen til ulykkesstaden, der innbyggarar greip til spadane og prøve å rydde vekk snøen, mens han stod på sidelinja og bad for dei to tenåringane. Mange kommenterte at bøn er vel og bra, men at det hadde vore betre om han også spadde snø.
I tillegg er det stor mangel på arbeidskraft for tida. I skrivande stund har russiske domstolar just avsagt dom i saka om terroråtaket på konsertarenaen Crocus i utkanten av Moskva våren 2024, då ei gruppe terroristar skaut mot publikum under ein konsert. Åtaket, som tok livet av 150 menneske, er eit av dei største i Russlands historie, og terroristane fekk livstidsdom.
Styresmaktene reagerte på karakteristisk vis: Dei brukte terroren som påskot for å starte ein kampanje mot gjestearbeidarar. Det nye byråkratiet gjorde det langt vanskelegare for utlendingar å få jobb i Russland, og resultatet er at mange regionar rett og slett manglar arbeidskraft. Det har i stor grad vore innvandrarar som feiar gater og måkar snø, og no er det stor mangel på folk som tar denne typen jobbar. Det er vittig: At innvandrarar tar jobben frå russarar, er klassisk russisk nasjonalistisk retorikk, men når talet på innvandrarar går ned, blir det tydeleg at ingen står i kø for å feie og måke.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.