Kommentar

Ein kamp om meir enn litterære verdiar

Svenske Bonnier er favoritt til å ta over Aschehoug. Men Bonnier er ein eigar mange i den norske forlagsbransjen fryktar.
 

Oslo 20210826. Aschehoug forlag presenterte høstlisten på en pressekonferanse i representasjonsboligen torsdag.Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Aschehoug forlag presenterer haustlista i 2021.
Publisert Sist oppdatert

Det er ei storhending når eit av landets leiande forlagshus, med over 150 års historie bakom seg, blir lagt ut for ope sal. Dei som trur at dette vil bli ein intern bodkamp mellom konkurrerande forlag, norske og nokre utanlandske, tek feil. 50–60 interessentar skal ha meldt seg på, og då må vi tru at både eigedomsselskap, venturespekulantar, finansfolk og andre investorar er blant dei interesserte. 

For dette handlar om mykje meir enn tradisjonell forlagsdrift. Huset på Sehesteds plass og villaen i Drammensveien 99 er tvillaust svært attraktive objekt for det som på fint blir kalla eigedomsutviklarar. Det same gjeld 51 prosent av bokhandlarkjeda Norli (som NorgesGruppen eig 49 prosent av).

Av utanlandske forlag har danske Politikens Forlag og det svenske mediekonsernet Bonnier gitt til kjenne si interesse. Danskane eig alt Kagge forlag, og svenske Bonnier Books Holding AB eig 96,45 prosent av det som tidlegare var Stordalens Strawberry Publishing, som no heiter Bonnier Norsk Forlag. Danske Egmont, som i dag er eineeigar av Cappelen Damm, kan likeins vere ein potensiell kjøpar. Men med den posisjonen Cappelen Damm har som landets største forlag, er det utenkjeleg at Konkurransetilsynet vil sitje stille og la eit slikt oppkjøp skje. Derimot kan Egmont vere kjøparar til halve Norli – om då ikkje erfaringane med Tanum-kjeda, som dei avvikla for få år sidan, har teke frå dei appetitten på bokhandelbransjen. Men Norli er noko anna, mykje større og eit selskap som går godt – sjølv om den delen av bransjen ikkje gir den store avkastinga.

Også tyske Bertelsmann, eit mediekonsern med 75.000 tilsette i om lag 50 land, og det engelske investeringsselskapet Guardian Group skal ha signalisert interesse. Desse to er i stand til å sluke Aschehoug med hud og hår for så å spytte konsernet ut i bitar som lett kan omsetjast.

Om salet kanskje ikkje var venta, kjem det heller ikkje overraskande. For kvart generasjonsskifte blir avstanden frå eigarane til forlaget større. Når heller ikkje utbyttet har vore noko å skryte av, gav etter kvart konklusjonen seg sjølv. Dette har vi sett mange døme på i familieeigde verksemder.

Ikkje heile Aschehoug-familien er samde om salet. Han med den største aksjeposten, tidlegare forlagssjef William Nygaard med 10,007 prosent av aksjane, vil garantert ikkje sjå på at konsernet han styrte gjennom 36 år, kanskje går i oppløysing. Men mange av dei 116 aksjonærane, faktisk dei aller fleste, har så låge aksjepostar at det dei kan hente ut årleg, er for småpengar å rekne. Skulle konsernet gå for halvannan milliard, som har vore antyda, vil sjølv ein eigarskap på 1 prosent utløyse 15 millionar. Og ein stor del av aksjonærane ligg i nivået 1,3 – 0,5 prosent aksjedel.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement