Radikale historier, 9
Evas frigjerande døtrer
Atten år gamal melde venstrekvinna Eva Kolstad seg inn i Norsk Kvinnesaksforening i 1936. Tiår seinare gledde ho seg over radikale nyfeministar som ville vidare.
MANNSFEMINISME. Unge liberale i 8. mars-toget i Oslo i 1976. Frå venstre: Åke Hartmann, Åse Tveiten, Astrid Mathisen, Gunhild Bergsaker og Ottar Grepstad. Privat eige.
Foto: Unni Rustad / Arbeiderbladet
Dei første åra under radikaliseringa i sentrum var det lite anna enn menn å finne der. Menn var formenn, nestformenn, folkevalde i kommunestyra, representantar i parlamentet. Både Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti fekk etter kvart fram profilerte og maktsterke kvinner, men begge partia hadde eit sosialt rekrutteringsgrunnlag som gjorde det vanskeleg for kvinner å ta makt.
Kring 1970 var venstrekvinna Eva Kolstad (1918–1999) den fremste mellom likekvinner, eit politisk bindeledd frå Katti Anker Møller og Betzy Kjelsberg til radikale unge kvinner i 1970-åra.
Politisk mor
Då Norsk Kvinnesaksforening runda 75 i 1959, skreiv Kolstad at moderne kvinnekamp blir ein kamp mot «de fastgrodde, tradisjonsbundne oppfatningene av hva som er mannlig, og hva som er kvinnelig. Det blir en kamp for det frigjorte menneske, det vil si den frigjorte mann og den frigjorte kvinne».
Statsautorisert revisor Eva Kolstad arbeidde med tal og forstod økonomisk makt. Skal kvinner bli frie og sjølvstendige, kan dei ikkje vere økonomisk avhengige av mennene, og dei må ut i yrkeslivet, sa ho. Først då kunne dei også få ein pensjon å leve av.
Eva Kolstad var som ei politisk mor for unge kvinner, særleg i Venstre. Ho var intellektuell, analytisk og jordnær, tenkte sak, men argumenterte prinsipielt og strategisk. Dei politiske spenningane var mindre mellom gamle og nye feministar kring 1970 enn dei var mellom generasjonar på andre samfunnsområde, og Eva Kolstad kom aldri i konflikt med den nye generasjonen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.