Russland
«Uvissa rundt framtida er så skremmande at mange ville samtykke i kva som helst, berre for å kome seg bort.»
Del 2: Rekruttering til krigen
Illustrasjon: Dag og Tid
Eg har bestemt meg for å
skrive ned korleis det er når du vert flytta til eit russisk varetektsfengsel, den delen av straffesystemet
som heiter SIZO. Det som går føre seg denne aller første dagen, slår eit
menneske heilt ut. Det fjernar all normalitet og får deg til å godta ting du elles
aldri ville ha gått med på.
Heile prosedyren varer frå 12 til 15 timar. Først er
det turen med fangetransporten; det er trongt, ingen vindauge og knapt nokon ventilasjon. Bilen hentar folk i
tur og orden frå ulike stader, og reisa dreg ut – det tek halvannan til to og
ein halv time. Det er heitt og lite luft, lufta er stinn av lukter, tida slepar
seg av garde. Allereie her kjenner du at det bygger seg opp, at du vert
irritert og sliten – men dette er berre byrjinga.
Når du er komen fram, vert alle plasserte i ein type
celle som dei kallar «drikkeglas» — dette er celler på om lag 15 kvadratmeter med
toalett og smale benkar langs veggene. I kvar celle sender dei inn åtte til
tolv personar, rekkefølga er tilfeldig. Ingen forklarer nokon ting. Det finst inga
klokke. Vatn eller mat er det heller ikkje, med mindre du hadde med deg noko
sjølv. Ved doen er det ei vasskran, men det som kjem ut der, er så dårleg at
mange ikkje tør drikke det. Det er ingen ventilasjon. Dei som har sigarettar,
røyker. Dei røyker nesten utan stans, og lufta vert tung og seig.
Du berre sit der og ventar. Eller står. Kva du ventar
på, og kor lenge, er uvisst. Tid er noko det ikkje lenger er mogleg å forstå og
gripe.
Av og til vert du henta ut for å gjennomgå ulike
prosedyrar – medisinsk undersøking, fingeravtrykk, røntgen. Kvar av dei tek
kanskje 10–15 minutt, men det går timar mellom dei. Tre, fem – det kjennest som
ei æve. Du er snart attende i dette same «drikkeglaset» og ventar – igjen. Du
får ingen informasjon, det einaste du høyrer, er kommandoane «reis opp», «ut»,
«gå inn».
Alle samtalar dreier seg om det same: kven som er
sikta for kva, kvifor ein vart arrestert, og kven som tidlegare har sete kvar.
Dette er ikkje akkurat styrkande samtalar. Men her snakkar ein ikkje om anna.
Og gradvis vert du dregen inn i denne logikken. Nokon annan kontekst finst
ganske enkelt ikkje.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.