Kulturkommentar
Astrid Lindgrens krigsdagbok i svensk idyll
Dokumentarfilmen A World Gone Mad handlar om krigsdagboka som Lindgren skreiv frå hausten 1939 og til freden i mai 1945, og er underleg å sjå med norske augo.
Astrid Lindgren skreiv krigsdagbok frå hausten 1939 til freden i mai 1945. I filmen vert ho spela av Sofia Pekkari.
Foto: World Gone Mad / Rise and Shine
Nyleg opna Stiftelsen Kåkå Kverulantkatedralen eit nytt
hus i Stavanger for undring, usemje og demokratisk nyskaping. Her vil
arrangørane mellom anna presentere dokumentarfilm i samarbeid med kinoen og ha samtale
i etterkant.
Først ut var den svenske dokumentaren A World Gone Mad.
Astrid Lindgrens krigsdagbok av den tyske regissøren Wilfried Hauke. Filmen
syner korleis den 32-årige tobarnsmora Astrid Lindgren – ho hadde enno ikkje gjeve
ut noka barnebok – byrja å skrive dagbok etter Hitlers åtak på Polen i
september 1939. Ho klipte ut meldingar om nyhende og foto frå aviser, limte dei
inn i ei skrivebok og skreiv ned eigne refleksjonar. Slik fylte ho eit titals dagbøker
fram til mai 1945. Utdrag frå desse vert i filmen kommenterte av barn og
barnebarn. I dramatiserte scener blir Lindgren spela av den framifrå
skodespelaren Sofia Pekkari.
Gjennom Lindgren si bekymring og sorg over vondskapen i verda
kan vi kjenne att vår eiga frykt på grunn av krigane i Ukraina, Midtausten og
Sudan. Lindgren opplevde at verdskrigen kraup nærare og nærare Sverige. Dottera
Karen, fødd i 1934, vart meir og meir redd. For å få barnet til å sove om
kveldane fortalde mora frå 1943 om ei tøff lita jente ved namn Pippi
Långstrump.
Verdas kanskje mest kjende barnebokfigur vart til som trøyst mot
krigen som truga.
Svensk idyll
Det er mykje godt å seie om dokumentaren. Lindgren er arg på
Hitler og Gestapo og syner sterk empati med jødane som vart forfølgde på
kontinentet. Som tilsett ved Posten sitt sensurkontor las ho privat
korrespondanse som gav innsyn i vonde skjebnar. I dagboka skriv ho om kor
frykteleg det var å lese i eit brev at «begge barna til Jacques blei drepne
under okkupasjonen av Luxembourg». Ho tykkjer det er ille å få nyhende om den
tsjekkiske landsbyen Lidice. Den vart jamna med jorda i juni 1942 som ein
represalie etter at Reinhard Heydrich, Hitler sin mann i det okkuperte
Böhmen-Mähren, mista livet i eit attentat.
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste
månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.