Reportasje
Med fingrar på livsnervane
Det er ingenting Valan Jalal heller vil enn å ha livet ditt mellom hendene sine.
Eit lite sting: Huda er lukka, tråden kan klippast av.
Foto: Siri Helle
Få stader osar så mykje av uvisse, redsle og mismot som ein sjukehusresepsjon. Inngangspartiet til Førde sentralsjukehus er ikkje noko unntak. Pasientar med altfor god tid luskar rundt mellom dei som har det altfor travelt.
Difor er det ikkje vanskeleg for meg å plukke ut ho eg er der for å møte. Valan Jalal kjem ikkje berre imot meg i kvit legefrakk, men med eit sikkert smil og eit ungt, men stødig handtrykk.
– Eg tenkjer iblant på det, korleis det er for pasientane å gå inn her, og korleis det er for meg, seier ho.
– Eg vert glad over å gå inn desse dørene, fordi eg gler meg kvar dag til å gå på jobb, seier ho med eit stort og entusiastisk smil.
Kvar dag gler ho seg – til å skjere og stikke, svi og sy i kroppen vår. Til å ha ansvar for å styre hendene sine på ein slik måte at vi får betre, ikkje dårlegare helse. Å ha liv og død mellom hendene.
Korleis er det eigentleg å skjere i levande menneske? Kva skal til for å ta på seg ein slik jobb?
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste
månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.