Reportasje
Den store minkjakta
Rusta med spade, spett, lauvblåsar, hagle og revolver går Statens naturoppsyn til kamp mot minken.
Naturoppsynsmann Haakon Braathu Haaverstad og Saga jagar til vanleg minken i Oslofjorden. - Det er kjekt å gå i eit heilt anna landskap, seier Haaverstad.
Foto: Ådne Lunde
Dyret kjem brått flygande frå hola si og råkar jaktlabradoren Peik midt i fleisen. Dei vert truleg like forstøkte begge to. Rømlingen sprett vidare i eit par lange kliv. Som ei pil av pels stuper han frå ei høg klippe og rett ut i sjøen langt der nede.
Vi er med Statens naturoppsyn til Værlandet og Bulandet. Dette er så langt vest i havet ein kjem i Noreg.
Statens folk har eit mål: Dei skal avliva den siste minken her ute i havgapet. Tre mann med tre ivrige hundar har sett av tre dagar. Eigentleg hadde naturoppsynsmann i Vestland Anders Voss Thingnes ønskt seg ni mann med godt trente hundar. Men no måtte ein gjeng ta seg av minken på Vega i Nordland.
Til Værlandet og Bulandet har Thingnes fått med seg naturoppsynsmann Haakon Braathu Haaverstad, som saman med hunden Saga har forlate sitt vante revir i Oslofjorden. Frilans minkjeger Øyvind Nesheim og hunden Storm er leigde inn frå Rogaland.
Innvandrar frå Amerika
Minken frå Nord-Amerika kom til landet som pelsdyr i bur. Rovdyret har brun pels og lang kropp med stutte bein. Hannane er større enn tispene og kan bli halvannan kilo i det fri. I fangenskap blir dei mykje større. Minken er nokså altetande, med egg, fugl, fisk, frosk, krabbe og gnagarar på menyen. Han svømmer godt både over og under vatn. Ei tispe kan få opptil åtte ungar i eit kull. Ungane følgjer mora på jakt gjennom sommaren før dei søkjer ut for å finna eigne leveområde når hausten kjem.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.