JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ØkonomiSamfunn

Året då alt vart dyrare

Det er ikkje enkelt å treffa med rentereduksjonar og -hevingar. Sentralbankane har det med å gå for langt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sentralbanksjef Ida Wolden Bache og direktør for pengepolitikk Ole Christian Bech-Moen på ein pressekonferanse i juni der dei gjorde greie for komiteens renteavgjerd. Likevel sette ikkje Noregs Bank opp renta før 22. september 2021, og då med 0,25 prosent. No har Noregs Bank fått hastverk.

Foto: Heiko Junge / NTB

14009
20220930

Bakgrunn

Noregs Bank sette straks ned renta til null då koronapandemien kom.

Sjølv om nordmenn fekk stadig betre råd under pandemien, valde Noregs Bank å halda renta på null i eitt og eit halvt år.

No har Noregs Bank sett i gang ein rekordsterk auke.

Inflasjon

jon@dagogtid.no

Lat oss vera hypotetiske. Og nei, dette er ikkje eit argument for at Noregs Bank skal mista det frie mandatet til å setja renta, det er berre ei øving: Vi tenkjer oss ein situasjon der det er statsministeren i samarbeid med Finansdepartementet og Noregs Bank som koordinerer både finanspolitikken – løyvingar og innstramingar over statsbudsjettet – og renta.

Vi går inn i mars 2020, når dei økonomiske tiltaka mot covid-19-pandemien vert diskutert: Det overordna tiltaket er få flest mogleg menneske til å halda seg heime. Det vert gjort gjennom de facto å stengja ei rekkje verksemder, særleg dei som tilbyr tenester andlet til andlet, frisørar, treningssenter, hotell og kafear. Regjeringa vedtek samstundes særs rause stønadsordningar, både for tilsette og eigarar. Vi snakkar om fleire hundre milliardar nye kroner som vert pumpa inn i økonomien.

Meir på konto

Resultatet er alle som er til stades på møtet, samde om: Dette vil føra til massivt med nye innskot på bankkontoar. Når grensene, kafeane, barane og treningssentera er stengde, har ikkje folk høve til å nytta på langt nær så mykje pengar som før. Men sidan folk veit at privatøkonomien er trygg, får vi ikkje økonomisk uro på toppen av otta for viruset.

Ingen vil vel etter eit vedtak om å gje nordmenn så mykje meir pengar, samstundes ha sagt at ei alt rekordlåg rente skulle setjast endå meir ned? Men det var det som hende i den verkelege verda, og Noregs Bank gjorde nett det same som dei andre sentralbankane i OECD, dei sette renta, som var på låge 1,5 prosent, ned til null.

Hadde pengar

Men det er ein vesentleg skilnad på Noreg og stort sett alle andre OECD-land: Noreg har store summar på bok, dei andre statane har store mengder lån. Dei andre sentralbankane sette renta i null for mellom anna å hjelpa statane til billig lånefinansiering når økonomiane vart stengde ned på grunn av pandemien.

I Europa gav Noreg den rausaste koronastøtta. Folk fekk ein særs betra likviditet. Spareraten på disponibel inntekt var typisk 5–6 prosent i åra før covid-19. I 2020 og 2021 var spareraten på høvesvis 14 og 15 prosent, seier SSB. Og rentene vi måtte betala på lån, merka vi knapt lenger: «Rentebelastningen til husholdningene, målt som renteutgifter etter skatt som andel av disponibel inntekt, falt videre fra 4,6 prosent i 2020 til 3,8 prosent i fjor», skriv SSB i den siste utgåva av Økonomiske analyser.

Bustadprisane

Når staten fyller lommebøkene våre og Noregs Bank set realrenta langt ned på minustalet, slår det rett inn på bustadprisane. Dei gjekk opp med 10,5 prosent i 2021. Ikkje eingong i det store nedstengingsåret 2020 gjekk bustadprisane ned. Dei steig med 8,7 prosent, og det samstundes som bankkontoane til folk altså voks endå mykje meir.

Likevel sette ikkje Noregs Bank opp renta før 22. september 2021, og då med 0,25 prosent. No har Noregs Bank fått hastverk. Om rentebana dei ser føre seg, er rett, slik at renta frå Noregs Bank vert på 3,11 prosent seinsumaren 2023, vil eit typisk bustadlån koma opp i 5 prosent. Det får utslag for folk flest. Folk har mellom anna ikkje lenger råd til å spara: «I siste halvdel av inneværende år og hele neste år anslår vi at husholdningene vil benytte hele sin disponible inntekt til konsum», skriv SSB.

SSB trur vidare at bustadprisane går ned i 2023 og 2024. Legg vi til at folk flest både i fjor og i år og inn i neste år fekk og får sterkt fallande realløn og difor brukar opp sparepengane sine på auka renter og mykje høgre prisar på det vi kjøper, er nordmenn flest på ein klart verre stad enn før pandemien – og det sjølv om regjering og storting pøste pengar over oss.

Verdt det

Men det var kanskje verdt å pøsa på med pengar i ein kort og intensiv periode: Negative realrenter er eit sjukdomsteikn, det er økonomar samde om. Når pengar ikkje lenger kostar noko å leiga, men ein derimot får betalt for å låne pengar, fører det til spekulasjon, usunn vekst i aksjeprisar, stadig nye og meir dristige veddemål og stadig større feilfordeling av kapital. Verksemder som ikkje har livets rett, overlever på negative realrenter og legg dimed beslag på den viktigaste kapitalen vi har, produktive arbeidarar.

I alle OECD-landa har vi sett nett den same utviklinga sidan realrentene vart negative i samband med finanskrisa og heldt seg i negativt territorium i åra etterpå: Produktivitetsveksten stogga opp, realløningane for folk stod anten stille eller gjekk ned, og det samstundes som dei rikaste, dei med aksjar, fekk ein verdiauke som på det meste var mellom 400 og 500 prosent. At den usunne lågrentepolitikken, og med det bustad- og aksjeboblene, er over, er kan henda ei heldig side ved den bråe renteoppgangen som koronapengane i ettertid førte med seg.

Utanfor mandatet

Men mandatet til Noregs Bank eller andre sentralbankar er ikkje å stikka hòl på aksje- eller bustadbobler via renter. Mandatet deira er å halda konsumprisindeksen nede. Det får ein ikkje til utan at lønsveksten vert halden nede. Det er det som skjer i USA no. I USA ser vi ein god gamaldags pengeinflasjon.

Folk fekk altfor mykje pengar av staten under og etter koronapandemien. USA har knapt energiinflasjon samanlikna med resten av verda. Straumprisane der er lægre enn dei var i EU før pandemien, gassprisane er på ein sjuandedel av det dei er i Europa, og bensinprisane har gått kraftig ned sidan i sumar. Det har sine fordelar å vera energiuavhengig.

Men av di folk fekk så mykje pengar mellom hendene, har dei kunna nytta store summar sidan alt opna att, og verksemdene der borte skrik framleis etter meir arbeidskraft, som dei berre kan få ved å auka løningane. USA har dimed hamna i ein løns- og prisspiral det er nær umogleg å koma seg ut av anna enn gjennom økonomiske nedgangstider. Både arbeidarane og verksemdene i USA må læra seg at lønsveksten må ned på den brutale måten.

Ikkje slik her

Slik er det ikkje i Europa, og særleg ikkje i Noreg, som har sentrale lønstingingar. Privat sektor i Noreg hadde ein lønsvekst frå andre kvartal i fjor til andre kvartal i år på 2,8 prosent: «Den høye aktiviteten på arbeidsmarkedet i 2. kvartal, målt ved det rekordhøye antallet ledige stillinger, og den lave arbeidsledigheten, målt ved Arbeidskraftundersøkelsen, har således ennå ikke slått ut i tiltakende lønnsvekst i privat sektor», seier SSB.

Ser vi på statistikken for veksten i innbetalt arbeidsgjevaravgift som går til og med august i år, syner han no ein lett fallande tendens etter å ha stige mykje den fyrste tida etter pandemien i takt med at folk kom seg i arbeid att.

Arbeidsdeltakinga i Noreg er no attende på nivået før finanskrisa, noko som gjev staten og kommunane rekordauke i inntekter frå fastlandet, men denne auken i arbeidsdeltaking og statleg skattevekst har gått hand i hand med ein reallønsnedgang for folk flest det siste året.

Drep forventingane!

Så kvifor hevar Noregs Bank renta? Dei trur at vi forventar høgre løn: «Årslønnsveksten for 2022 anslås nå til om lag 4 prosent. Norges Banks forventningsundersøkelse viser at forventningene til lønnsveksten i 2023 også har økt siden forrige rapport», skriv dei i siste Pengepolitisk rapport no i september.

No vil dei at vi skal skrua ned forventingane våre: «Komiteens vurdering er at det er behov for en høyere rente for å bringe inflasjonen ned mot målet. En raskere renteoppgang nå reduserer risikoen for at prisveksten fester seg på et høyt nivå og for at vi må stramme kraftigere inn i pengepolitikken lenger frem.»

Vi kan konstatera at slik tenkte ikkje Noregs Bank då dei sette renta til null ved starten av pandemien. I ei tid då dei visste at finanspolitikken var å opna pengekranene, skulle ein tru dei vart urolege for at dei måtte «stramme kraftigere inn i pengepolitikken lenger frem». Nei, Noregs Bank heldt på null i rente i eitt og eit halvt år.

SSB deler ikkje trua til Noregs Bank. Dei skrur ned forventingane: «Vårt anslag for årslønnsveksten for 2022 nedjusteres til 3,8 prosent, ned fra 4,0 prosent i forrige konjunkturrapport», og «reallønna vil gå betydelig ned i 2022».

Når så regjeringa har varsla eit særs stramt statsbudsjett og signalisert ein kraftig skatteoppgang, kan vi i alle høve slå fast at nordmenn må stramma kraftig inn på livreima anten renta går vidare opp eller ikkje.

Ikkje vår feil?

Men er inflasjonen vår eigen feil? Eit stykke på veg er han nok det. Når vi kunne spara så mykje og fekk så mykje av staten under covid-19, i kombinasjon med nullrente, vart resultatet då pandemien var over, at vi straks drog ut for å nytta pengane. Det gav ei rekkje verksemder høve til å setja opp prisane. Hotell- og restauranttenester gjekk til dømes opp med 9,3 prosent frå august 2021 til august 2022, mat og alkohol gjekk opp med 10,3 prosent. Klede og skotøy, som vi importerer, hamna derimot på minus 1,9 prosent. Vi ville nytta pengar på lokale tenester, ikkje på importerte varer.

No når vi merkar både renteheving og reallønsnedgang, kan vi på den andre sida truleg rekna med at prisveksten på uteliv ikkje vert like sterk som i dei tolv siste månadene. Dessutan: Når prisveksten på mat, alkohol og uteliv vart så høg, handlar det neppe om auka forbruk åleine, det handlar sjølvsagt også om den sterke prisveksten på energi. Diesel har vorte dyrare, kunstgjødsel har vorte dyrare, og straum har vorte dyrare.

1970-åra er attende

Men er det nokon som trur at energi skal verta endå mykje dyrare den komande tida? Då må vi sjå på det litt større biletet, og desse tala er henta frå Bloomberg: Situasjonen ute i verda er katastrofal, og sjølv om fattige land slit mykje meir enn eit rikt område som EU, er stoda både der og i Storbritannia ille.

Vi har vore her før: I etterkrigstida var energi om ikkje gratis, så nesten gratis. Før oljekrisa i 1973–1974 nytta verda samla vel 3 prosent av det globale BNP på å kjøpa energi. I 1970 kom talet ned i 2 prosent. Låg energipris var lik høg økonomisk vekst i heile OECD.

Oljekrisa endra alt dette. Over natta kom prisen på energi opp i 8 prosent av BNP, og den globale inflasjonen tok av. Deretter kom revolusjonen i Iran i 1979 og straks etter vart det krig mellom Irak og Iran. Kostnaden for energi kom opp i vel 13 prosent av BNP. Så byrja Europa og verda utanfor Midtausten å leita etter olje og gass. Før Kina kom med i Verdshandelsorganisasjonen (WTO) i år 2000, nytta vi igjen berre 3 prosent av BNP på energi. No i år nyttar vi over 13 prosent av globalt BNP på energi.

Klar samanheng

Samanhengen mellom energiprisar og inflasjon er om ikkje absolutt, så i alle fall nesten absolutt. Men det vi kan seia, er at når vi alle no nyttar så mykje ressursar på å kjøpa inn energi, har vi neppe råd til å nytta mykje meir. Det er brei semje om at EU, som vi importerer mykje av inflasjonen frå, no går inn i ein sterk økonomisk nedgang. Som i 1970- og i starten på 1980-åra toler ikkje verda så høge energiprisar. Då er prisoppgangen over.

Sentralbankane har ikkje som oppgåve å bry seg om energimangelen, mandatet deira er berre å få ned inflasjonen her og no, same kvar han kjem frå. Dei skal heller ikkje bry seg om konsekvensane av krigen i Ukraina eller at Kina stadig stengjer ned og forstyrrar internasjonal vareflyt. Sentralbankane skal få ned inflasjonen ved å nytta det einaste våpenet dei har, renta. Det kjem heller ikkje noko ny pengetrykking frå den kanten for å finansiera stadig større underskot på statsbudsjetta i takt med at energisubsidiane går opp.

Dessutan kan ein sentralbank som Den europeiske sentralbanken (ECB) med ein viss rett seia at det er gjeve at levestandarden i EU skal ned. Når EU må betala mykje meir for energi og ikkje på langt nær har nok sjølv, er det utanfor ECBs rekkjevidd å bøta på denne levestandardreduksjonen. ECB kan ikkje finna meir gass. Rentene må opp og vera høge til inflasjonen er borte.

Ikkje Noreg

Og ja, det er sjølvsagt rett at EU vert fattigare når dei må nytta meir av eigne ressursar på å skaffa seg energi frå omverda. Men der er ikkje Noreg. Vi tener meir enn nokon gong før. Vi har faktisk aldri vore i nærleiken av å få så mykje av ressursane til omverda som no. Omverda betaler mykje meir for det vi lagar, og vi mykje mindre for det dei lagar.

Det ein stat typisk gjer når han vert rikare av di bytetilhøvet med omverda vert betre, er å gje innbyggjarane høgre levestandard. SSB seier faktisk at det er rom for skattelette dei komande åra utan at det vil føra til høgre inflasjon. Men den norske staten er ikkje der. Han går motsett veg.

Då energiprisane kollapsa i starten av pandemien og bytetilhøvet til verda vart mykje dårlegare, gav både Stortinget og Noregs Bank oss mykje meir pengar, pengar som nok førte til høgre inflasjon enn naudsynt. No har vi derimot enno ikkje fått lønsinflasjon, og energiprisane i Europa stig neppe meir, av den enkle grunn at europearane ikkje har råd til å betala meir, men som samfunn har vi vorte mykje rikare, og no vel altså både regjeringa og Noregs Bank å stramma skruen.

Kopierer omverda

Det vi kan slå fast, er at Noreg har mykje sterkare økonomi enn omverda, noko ein kanskje skulle tru førte til at Noreg hadde ein annan pengepolitikk enn omverda. Men det har vi ikkje. Det store spørsmålet no er kvar vi hamnar når rentehevingane, som vart ekstra sterke av di vi fekk nullrente i 2020, har gjort sitt. Kan det koma til å visa seg at ikkje berre svake, men også relativt sterke verksemder har gått under?

Sentralbankar har det med å gå for langt ned når dei går ned, og for høgt opp når dei går opp. Vi nordmenn er i alle høve inne i ein periode då vi vert stadig rikare som fellesskap, men ikkje som individ.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Sentralbankane har ikkje som oppgåve å bry seg om energimangelen.

Fleire artiklar

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

Selv med økende immunitet i befolkningen, viser tilgjengelige, men altfor sparsomme data at sars-cov-2-viruset fortsetter å belaste vårt samfunn, skriver Gunhild Alvik Nyborg.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

Svar til Preben Aavitsland

Å gjennomgående underkjenne seriøse, konsistente forskningsresultater er vitenskapsfornektelse.

Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.

Foto: Albert Madsen

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Kapital, kjærleik og Scandinavian Star

Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Teikning: May Linn Clement

KommentarSidene 2-3

Vill vest i villmarka

Det har gått hardt for seg i den norske fjellheimen dei siste åra. Slik blir det når dei som kunne ha dratt i naudbremsen, er blant dei største pådrivarane for nedbygging av natur.

Astrid Sverresdotter Dypvik

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis