JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Kuvaas/Axis.as

Kuvaas/Axis.as

1540
20170428
1540
20170428

Den norske byen som i høgast grad har vorte assosiert med vatn, er Arendal. Ein gong, då Arendal var ein framskoten sjøfartsby, var sørlandsbyen kjend under namnet «Nordens Venedig». Arendal hadde ikkje kunstige kanalar slik nederlandske byar har det, men låg på sju øyar som var knytte saman med bruer. Det var altså vatn på alle kantar.

Plassen framfor Arendal rådhus og kulturhuset, Sam Eydes plass, og Kanalplassen, låg ein gong og glitra i vatn. Men desse sunda, som andre sund i byen, vart fylte att i 1930- og 40-åra. Bilen, ikkje båten, var det nye framkomstmiddelet.

Det finst ein eigen kamporganisasjon for vatnet i Arendal – Kanalselskapet – som jobbar for at Arendal sentrum skal få attende kanalane innan byjubileet i 2023, og dei ser ei von i kommuneplanen, for der står det at ei opning av kanalen «skal kunne komme»:

Dag og Tid ringjer Michael Fuller-Gee, byplanleggjar i kommunen, og han har gode nyhende:

– Vi skal i gang med ein ny sentrumsplan som nettopp vil innehalde ei utgreiing av finansiering og konsekvensar av ei gjenopning av kanalane. Meininga er at arbeidet skal ta til rett etter sumarferien. Det gjeld ikkje alle dei gamle kanalane, som Kanalskapet vil, men strekninga frå Pollen til Kittelsbukta, fortel Fuller-Gee.

– Er miljøomsyn viktige i denne samanhengen?

– Ja, det har kome inn som eit nytt, viktig moment frå teknisk etat, så her gjeld ikkje berre estetiske argument. Ein open kanal gjennom sentrum vil betre ta unna den auka mengda regn vi vil få i framtida.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis