JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Lita skriftSamfunn

Alder

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1899
20221111
1899
20221111

– Eg kjenner ikkje att den personen eg ser i spegelen, sa far min.

Han var komen godt oppi åra då han røpa at han sleit med å identifiserte seg med denne eldre utgåva av seg sjølv. Inni seg kjende han seg som den han «alltid hadde vore», sa han, og presiserte at han ikkje ville bli kalla gammal.

– Men det er då det du er, reint objektivt, per definisjon, sa eg, den 40 år yngre dottera, og la til at det ikkje er noko gale i å vere gammal eller eldre, det er berre eit faktum som alderen stadfestar.

Nyleg vart eg utsett for eit liknande «kompliment» frå ein ung mann i familien.

– Før såg du ut som om du var fleire år yngre enn det du var, men no er du heilt «i synk» med alderen din – og vel så det.

Og vel så det, du?

Då det i haust gjekk opp for meg at det er 22 år til eg fyller 70, var gliset så breitt at dei gule tennene viste seg fram i all si prakt. Sekundet etter slo vitet inn: Det kunne ikkje stemme. At journalistar ikkje kan rekne, vart stadfesta nok ein gong.

Alder er berre eit tal, seier somme, men det er ikkje sant. Det fotografiske minnet er historie, og korttidsminnet er ikkje å lite på. Huda har trøytna, auga renn og eg klarer ikkje eingong å lese utan briller. Men éin ting er sikkert: Den dagen eg får dårleg høyrsel, skal eg ikkje sitje i ei krå og rope «hæ?». Då skal eg ta imot høyreapparatet med takk.

Då eg skulle forlate eit journalisttreff i førre veke og slo refleksen over handleddet, vart eg møtt med rå latter fordi det var reklame for NRK P1+ på han. Refleksen treiv eg på jobben for å vere synleg i tussmørket, men eg signaliserte visst at eg er i det øvste alderssegmentet.

Eg har ikkje noko ynske om å skjule alderen min. Eg helsar rynkene velkomne, men må vedgå at dei grå håra sit lenger inne. Likevel vart eg forbina då ein mann som var på besøk, overraskande prøvde seg som Karsten giftekniv.

– Kan hende bestefar min er noko for deg?

Tiriltunga

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis