JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HelseSamfunn

– Blokkerer for ein fornuftig debatt

Veksten i helse- og omsorgssektoren kan ikkje halde fram, hevdar Helsepersonellkommisjonen. Ein påstand utan dekning, meiner forskar i Statistisk sentralbyrå Erling Holmøy.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Gunnar Bovim, leiar for Helsepersonellkommisjonen, ved framlegginga av NOU-en «Tid for handling» 2. februar. Det blir færre tilsette per pasient i framtida, slo Bovim fast.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

11895
20230224

Helsepersonellkommisjonen

Utval nedsett av regjeringa i desember 2021

Leidd av Gunnar Bovim, professor i nevrologi og tidlegare NTNU-rektor

Skulle foreslå tiltak for å sikre kvalifisert personell i helse- og omsorgstenestene i Noreg

La fram utgreiinga Tid for handling 2. februar i år

Veksten i sektoren må bremsast, slo kommisjonen fast

Utgreiinga varslar færre tilsette per pasient i framtida

Politikk

peranders@dagogtid.no

Da Helsepersonellkommisjonen la fram utgreiinga Tid for handling 2. februar, verka timinga perfekt. Kommisjonen vart nedsett i 2021 for å kome med forslag til korleis Noreg kan sikre nok personell i helse- og omsorgstenestene fram mot 2040. Og ropa om mannskapsmangel kjem tett for tida. Fastlegeordninga er i kneståande, kapasiteten er sprengd. NRK har fortalt om vanskjøtsel ved sjukeheimar fordi det er for få pleiarar på vakt. Frå sjukehusa blir det ropt varsko om farleg høgt arbeidspress og akutt mangel på legar og sjukepleiarar.

Men hovudbodskapen frå kommisjonen er ikkje ei oppskrift på korleis vi skal få fleire legar og sjukepleiarar. I Tid for handling heiter det at veksten i helse- og omsorgssektoren ikkje kan halde fram – trass i eldrebølgje og stigande velstand. «Det er ingen vei utenom at det blir færre ansatte per pasient», slo utvalsleiar Gunnar Bovim fast under pressekonferansen da utgreiinga vart presentert 2. februar. «Helsepersonellkommisjonen vurderer at helse- og omsorgstjenestenes andel av samfunnets totale arbeidssstyrke ikke kan øke vesentlig», heiter det i NOU-en.

Men desse bastante konklusjonane har kommisjonen slett ikkje dekning for, meiner Erling Holmøy.

– Blokkering

Holmøy er sjølv ei av dei mest siterte kjeldene i Tid for handling. Han er forskar i Statistisk sentralbyrå og ein av dei fremste ekspertane i Noreg på korleis norsk økonomi og offentlege finansar blir påverka av demografiske endringar. Holmøy har hatt hovudansvar for ein SSB-rapport om utviklinga i etterspurnaden etter helse- og omsorgstenester, som vart tinga som grunnlagsmateriale for Helsepersonellkommisjonen. Han undrar seg over påstanden om at helse- og omsorgssektoren ikkje kan få ein særleg større del av arbeidskrafta enn i dag.

– Eg skjøner ikkje kor den konklusjonen kjem frå. Grunngjevingane frå kommisjonen held ikkje. Dei kolliderer med hovudprinsippa i samfunnsøkonomifaget om korleis samfunnet bør fordele knappe ressursar, seier Holmøy.

– For meg ser det ut som om kommisjonen prøver å blokkere for ein fornuftig debatt. Konklusjonen om at det må bli færre tilsette per pasient, er ikkje godt grunngjeven, men blir til ein premiss for resten av utgreiinga. Det vil vere ille om dette blir knesett som prinsipp eller sanning.

Feil tenkt

Erling Holmøy blar opp på side 12 i Tid for handling og siterer: «Om kort tid vil ikke øvrige næringer og sektorer lengre akseptere en videre økning i sysselsettingen i helse- og omsorgstjenesten. Det er fordi den samtidig vil redusere tilgjengelig arbeidskraft for dem.»

– Dette skjøner eg rett og slett ikkje. Det er klart at andre næringar ikkje likar konkurranse om arbeidskrafta, men det må dei finne seg i. Om folk ønskjer å prioritere helse og omsorg, anten det er ved å betale skatt for offentlege tenester eller å betale private tilbydarar, så må økonomien elles tilpasse seg. At dei offentlege helse- og omsorgstenestene er førehandsdømde til å vike for andre omsyn og berre må ta det dei får, er heilt feil tenkt. Det ser ut som om kommisjonen berre har bestemt seg på førehand for at denne sektoren ikkje må vekse så fælt, seier Holmøy.

– Noko av det sikraste vi veit om framtida, er at etterspurnaden etter desse tenestene vil vekse. Sjølv om vi ikkje forbetrar tilbodet, gjer demografien at det blir mange fleire som vil ha det same som folk har i dag.

Vidare vekst

Demografi er eit nøkkelord her, og dei store linene er vel kjende: Befolkninga i Noreg blir eldre, og prosentdelen med folk i arbeidsfør alder kjem til å minke. I framtida blir det altså færre unge og spreke som skal betale skatt og ta seg av ein veksande populasjon med gamle og sjuke. I tillegg er medisinen i konstant utvikling, og fleire tilstandar enn før kan behandlast. Og aukande velstand er enda ein faktor: Når folk blir rikare, etterspør dei fleire helse- og omsorgstenester.

Kva er så status i Noreg i dag? Om ein berre ser på reine helse- og omsorgsoppgåver, og held tenester som barnehagar utanfor, krev denne sektoren for tida kring 315.000 årsverk. I 2019, det siste «normale» året før pandemien, utgjorde dette 13 prosent av alle årsverka i Noreg. Framskrivingar som Erling Holmøy har vore med på å lage, tyder på at talet på årsverk i helse og omsorg i Noreg kan bli dobla fram mot 2060. I så fall kjem sektoren til å leggje beslag på kvart fjerde årsverk.

– Det er veldig sterke grunnar til å tru at denne sektoren vil halde fram med å vekse fort i åra som kjem. Demografien åleine tilseier at dette er heva over tvil, seier Holmøy.

– Kor gale vil det vere om helse og omsorg får ein klart større del av kaka enn i dag?

–?Eg har som utgangspunkt at det er ein fordel og ikkje eit problem. Det vil gje fleire menneske betre liv og fleire leveår, og det er eit stort gode. Det vil lindre mykje smerte og hindre at gamle og sjuke lever under uverdige forhold. Eg trur eit fleirtal vil vere samd i at auka innsats i helse og omsorg har ein verdi som meir enn veg opp for at det fortrengjer anna forbruk. Dette er ein verdifull type produksjon og verdiskaping, ikkje eit problem. Og det blir ikkje smalhans på alle andre område om vi aukar arbeidsinnsatsen i helse og omsorg mykje dei neste tiåra.

Privatisering

Men Helsepersonellkommisjonen hevdar altså at det er umogleg å møte den etterspurnaden Holmøy og SSB skildrar i framskrivingane sine. «I tiden fremover vil faglig utvikling, befolkningens og pasientenes forventninger og politiske intensjoner og vedtak måtte oppfylles uten vesentlig flere ansatte», heiter det i Tid for handling. Løysingane til kommisjonen er i hovudsak effektivisering, betre organisering og prioritering. Men dette er tenester der kvaliteten i stor grad er knytt til menneskelege ressursar, ikkje minst gjeld det eldreomsorga.

Dersom råda frå kommisjonen blir følgde, er det ei oppskrift på rask privatisering av helsetenestene, meiner Holmøy.

– Om det offentlege tilbodet blir sterkt avgrensa, får vi ein sterk vekst i private helse- og omsorgstenester. Ingen politikar kan halde nede denne etterspurnaden i åra som kjem. Men det er gode argument for at det offentlege bør ha ei tung hand på rattet her. Vi veit at helse og omsorg er eit område der den private marknaden fungerer nokså dårleg.

Å møte den komande etterspurnaden med eit offentleg tilbod blir slett ikkje enkelt, understrekar Holmøy.

– Det kan bli vanskeleg å mobilisere nok arbeidskraft, og det er neppe populært å auke skattane så mykje som det krev. Men alternativet er at kvar og ein må betale sjølv. Og det kjem ikkje til å koste mindre i den private marknaden.

Opp i spinninga

I dag er kring 15 prosent av helse- og omsorgstenestene i Noreg privat finansierte, medan det offentlege dekkjer 85 prosent. Om private tilbydarar tek over ein mykje større del av helse- og omsorgstilbodet, vil desse tenestene like fullt leggje beslag på ein større del av arbeidskrafta i Noreg enn i dag. Og ei slik privatisering er slett ikkje ein garanti for større effektivitet – heller tvert i mot, understrekar Holmøy.

I?USA er kring 45 prosent av helse- og omsorgstenestene offentleg finansierte. USA er òg det landet som brukar suverent mest på helse og omsorg, med nærare 20 prosent av BNP, mot 11,5 prosent i Noreg. Om vi held att på veksten i det offentlege helsevesenet i Noreg, kan vi sleppe med mindre skatt i framtida. Men om alternativet blir å bruke private tilbydarar, vil mykje av det vi sparer i skatt, gå med til å betale for private helsetenester.

–?Dette er ei oppskrift på eit todelt helsevesen, der kvaliteten du får, kjem an på betalingsevna?

– Ja. Og helse og omsorg er eit felt der vi ikkje har særleg aksept for forskjellsbehandling, på grunn av dei dramatiske utslaga det kan få. Vi godtek ikkje at nokon blir liggande med eit lårhalsbrot utan å få behandling fordi dei ikkje har pengar.

Om staten held att for mykje på veksten i offentleg helse og omsorg, kan det òg undergrave pensjonsforliket, meiner Holmøy.

– Om folk må bruke mykje av pensjonen sin på private helse- og omsorgstenester, undergrev det kjøpekrafta i pensjonen deira. Dei offentlege omsorgstenestene låg jo der som ein implisitt premiss for pensjonsforliket: Denne rekninga skulle fellesskapen ta.

Midt på treet

Kor dyre er så helse- og omsorgstenestene i Noreg, om vi samanliknar med andre land? «Norge ligger på toppen i Europa i ressursbruk til helse- og omsorgstjenestene», heiter det i utgreiinga frå Helsepersonellkommisjonen. Med tilvising til tal frå Eurostat heiter det òg at «Norge er det EØS-landet som har den høyeste andelen av de sysselsatte innen helse- og omsorgstjenester.» Men framstillinga i utgreiinga er til dels misvisande, meiner Holmøy. Han peikar på at Noreg har ei svært høg nasjonalinntekt per innbyggjar. Og når eit land blir rikare, er det normalt at meir går til helse og omsorg,

– Det er fleire måtar å rekne på dette på. Om vi tek utgangspunkt i nasjonalinntekta, brukar ikkje Noreg spesielt mykje samanlikna med andre europeiske land. I 2019 brukte Noreg 11,2 prosent av nasjonalinntekta på helse og omsorg. USA brukte 19 prosent, Sveits brukte 13,6 prosent, Tyskland 13,4 og Frankrike 12,5 prosent. Målt på det viset ligg vi omtrent der andre land i Vest-Europa ligg, ikkje spesielt høgt, seier Holmøy.

– Helsepersonellkommisjonen gjev eit forteikna bilete av kor mykje Noreg brukar. Det ser ut som om føremålet er å vise at norsk helsesektor er ekstravagant og overdimensjonert.

Oljefondet

Samanlikna med andre land har dessutan Noreg nokre store fordelar: Fordi vi kan betale for ein stor del av importen med oljepengar i staden for eksport av andre varer, frigjer det arbeidskraft til mellom anna helse- og omsorgstenester. I tillegg teiknar Helsepersonellkommisjonen eit sterkt misvisande bilete av statsfinansane framover, meiner Holmøy. I utgreiinga heiter det mellom anna: «Forventet reduksjon i inntektene fra petroleumsnæringen i årene fremover vil trolig føre til vesentlig lavere samlet verdiskaping i Norge. Det blir mye mindre handlingsrom i nasjonalbudsjettene.»

– Dette er jo heilt feil. Ja, inntektene frå olje- og gassproduksjon kjem til å minke. Men dagens inntekter går inn i Oljefondet, som er laga for å spare til framtidas pensjonar og omsorgsbehov. Dette er jo hovudpoenget med handlingsregelen: Vi vekslar olje og gass om til finanskapital.

– Når kommisjonen slår fast at det er umogleg å halde fram veksten i offentleg helse og omsorg, inneber det ein spådom om korleis politikarane vil prioritere fram til 2040?

– Eg synest ikkje det er ei naturleg tolking av signala frå politikarane eller den merksemda vi ser kring helse og omsorg. Dette feltet er alltid viktig i valkampane. Og om du ser på Brennpunkt-programma om eldreomsorga eller krisevarsla frå legane ved Ahus, er det lite som tyder på at vi brukar for mykje på desse felta i dag. Hugs òg at dei eldre blir ein stadig større del av veljarane. Dei har sterk interesse av at det offentlege helse- og omsorgstilbodet held fram med å vere bra, seier Erling Holmøy.

– Sjølvsagt er ingen imot effektivisering som kan gje meir for mindre. Men alt tyder på at vi kjem til å auke bemanninga i helse- og omsorgssektoren. Dei seriøse reknestykka vi har, underbyggjer dette. Vi bør planleggje med dette som utgangspunkt, så får ei eventuell effektivisering kome som ein bonus.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis