Helse
Helse og omsorg er ikkje alt
To nye sjukepleiarar no er to ingeniørar mindre til Norsk Hydro, seier Gunnar Bovim, leiar for Helsepersonellkommisjonen.
– I utgreiinga dykkar slår de fast at «helse- og omsorgstjenestenes andel av samfunnets totale arbeidssstyrke ikke kan øke vesentlig». Dette har de ikkje dekning for, meiner SSB-forskar Erling Holmøy.
– Den vurderinga byggjer på to forhold. Det eine er at Noreg brukar meir ressursar på helse og omsorg enn alle andre land, kanskje bortsett frå USA. Det andre er at kommisjonen fekk mange signal undervegs, frå eit næringsliv med desperat behov for arbeidskraft og frå store samfunnsektorar som treng ein større del av arbeidsstyrken enn i dag. Lenge kunne helse og omsorg vekse fordi heile arbeidsstyrken voks så mykje. Men det tek slutt no, seier Bovim.
– To nye sjukepleiarar no er to ingeniørar mindre til Norsk Hydro. Og helse- og omsorgssektoren er avhengig av eit velfungerande samfunn. Om vi skal halde fram med like mange tilsette per pasient, må talet på tilsette i helse og omsorg auke formidabelt. Eg trur ikkje Holmøy heller meiner det er realistisk.
– Er det mogleg å slå fast i dag kor høgt veljarar og politikarar vil prioritere helse dei neste tiåra?
– Nei. Men det er mogleg å sjå på pliktene vi har teke på oss i Parisavtalen, og på eit forsvar som er berre halvparten av det det var på 90-talet. Og arbeidsstyrken kjem ikkje til å vekse. Så kan du seie at dette er politikk som ikkje kommisjonen vår skal bry seg med. Men eit velfungerande, differensiert samfunn er òg viktig for helsa. Kulturtilbod kan ha større helsevinst enn ein auke i helsebudsjettet.
– Premissen de har lagt, er til hinder for ein fornuftig debatt om framtidas helse og omsorg, meiner Holmøy.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.