Midtausten
Palestina berre for jødane?
Dette er ein kommentar til innlegg i Dag og Tid av Dag T. Elgvin (25. april, 9. mai og 23. mai), Terje Berntsen (23. mai) og Jiri Muller (30. mai).
I boka til Ragnar Hatlem som Elgvin viser til, Palestina – Israels historiske og folkerettslige legitimitet (Hermon 2020), kan vi lese: «Dersom man ikke setter seg grundig inn i møtereferatene fra San Remo, og forstår de rettslige betydninger og konsekvenser av San Remo-resolusjonen, vil en naturligvis heller ikke forstå de israelske rettighetene og eierskapet.»
Og vidare: «Resolusjonen fremkommer kun i form av møtereferatene fra dagene i San Remo, og (...) er ikke lett tilgjengelige.» Dei er ikkje offentleggjorde før i 1958, ifylgje Hatlem – altså ingen traktat, som til dømes Svalbardtraktaten, og ingen oppsummerande konklusjon.
For å skjøne må ein gå gjennom fleire dagars møtereferat, som attpåtil ikkje var tilgjengelege før nærare 30 år etter konferansen og elleve år etter FNs delingsplan. Kan ein dra ein annan konklusjon enn at San Remo-resolusjonen i folkerettsleg samanheng er mindre verd enn papiret han ikkje blei skriven på?
Likevel: Korleis meinte gruppa av representantar frå vinnarane av første verdskrigen at kravet i Balfours brev til sionistleiaren lord Rothschild om fulle sivile og religiøse rettar for 80–90 prosent av innbyggjarane i Palestina skulle fylgjast opp, viss dei ikkje på sikt skulle ha rett til demokrati i ein nasjonalstat der dei budde og høyrde heime? Ifylgje Elgvin: «Noe annet»? Og det store fleirtalet av innbyggjarane i landet vart verken spurde eller høyrde.
Mullers innlegg dreiar seg om tilhøva vidare og spesielt om frustrasjonen til den britiske mandatstyresmakta om uløyseleg konflikt. Men som andre legg han det meste av skulda på palestinarane og dei arabiske nabolanda. Innlegget ber òg preg av seigliva myter om kor «få» (eller ikkje-eksisterande?) palestinarane eigentleg var. Israels leiarar har visst betre. Haaretz-journalisten Ofer Aderet har i to grundige artiklar dokumentert korleis dei gjennom åra har drøfta tiltak for å «bli kvitt» store delar av dei arabiske (les palestinske) innbyggjarane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.