Ordskifte

Nokre oppklaringar

«Klokare leiarskap i Vesten kunne ha hindra krigen.»

A police expert examines the site of a Russian drone strike, amid Russia's attack on Ukraine, in Kharkiv, Ukraine November 12, 2025. REUTERS/Vyacheslav Madiyevskyy
Øydeleggingar etter eit droneåtak i Kharkiv 12. november.
Publisert Sist oppdatert

I innlegget sitt i Dag og Tid 7. november skriv Sven G. Holtsmark at eg nektar for å ha skrive noko som faktisk stod på trykk i avisa for snart eit år sidan. Det gjeld det fylgjande avsnittet frå artikkelen min «Fornufta på villspor» i Dag og Tid 24. januar i år:

«Før den russiske invasjonen av Ukraina stod valet mellom ein politisk og militært nøytral ukrainsk forbundsstat med kulturell fridom for minoritetar og nære band til Russland på den eine sida og ein langvarig krig med millionar av flyktningar, titusen, kanskje hundretusen døde og invalidiserte, og aukande fare for eskalering av krigen til verdskrig på hi sida. I tillegg kjem øydelegginga av økonomiske og politiske relasjonar mellom vest og aust og framandgjeringa av Russland frå resten av Europa for fleire generasjonar. Ved å gje opp Nato-medlemskapen og sikra rettane til den russisktalande minoriteten kunne Ukraina ha funne ein militær, politisk og økonomisk balanse mellom vest og aust som russarane hadde kunna akseptera. Men valet fell i røynda på krigen. Kor mykje sorg har ikkje dette katastrofale valet av den i og for seg rettferdige krigen allereie skapt?»

Dette skreiv eg for snart eit år sidan, og dette meiner eg framleis. Klokare leiarskap i Vesten kunne ha hindra krigen. Misforståinga om at eg no brått skulle gje meg til å nekta for at eg har skrive det eg skreiv, heng saman med at Holtsmark gav opp ei heilt annan kjelde, nemleg artikkelen min «Eg er dauden» om atomkrigsfaren, i Dag og Tid 13. desember 2024.

Når eg no har høve til det, vil eg leggja til at Holtsmark i det førre tilsvaret sitt i Dag og Tid 24. oktober skriv at eg «ser på Russlands overgrep og Ukrainas tragedie sidan 2014 som ‘ei relativt avgrensa handling i eit lite land’».

Dette er òg ei misforståing. Uttrykket «ei relativt avgrensa handling i eit lite land» siktar i fyrste rekkje ikkje på krigen i Ukraina, men på skota i Sarajevo i 1914. Poenget var at dynamikken som utløyste fyrste verdskrigen, kan vere på plass att i vår tid.

Lesarane av Dag og Tid er kjende med at eg sidan den russiske invasjonen i 2022 har skrive ei lang rekkje artiklar om krigen. Eg kjem ikkje på noko eg har lese eller høyrt som skulle få meg til å skifta standpunkt i hovudsak, for ikkje å snakka om å nekta for å ha skrive det eg har skrive.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement