JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KronikkOrdskifte

Holbergs første komediekritikar

Då den norske diktaren Povel Juel vart halshoggen på Kongens Nytorv i mars 1723, spara dei livet til ein medsamansvoren. I fengselet skreiv han den tidlegaste kritikken av Holbergs komediar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
København med bymurar i 1795. I midten Kongens Nytorv, der Povel Juel vart avretta. Femkanten oppe til høgre er Kastellet, der Gustav Vilhelm Coyet sat fengsla.

7080
20230519

Historie

Gunnar Sivertsen

gunnar.sivertsen@nifu.no

7080
20230519

Historie

Gunnar Sivertsen

gunnar.sivertsen@nifu.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Historie

I Dag og Tid nr. 9 og 10 fortalde Håvard Rem den spennande historia om Povel Juel (1673–1723), som vart dømd og avretta i København for å ha konspirert med stormaktene om å skilje Noreg, Island, Grønland og Færøyane frå Danmark. Her fortel eg om Juels medsamansvorne, den svenske baronen og godseigaren Gustaf Vilhelm Coyet (1678–1730), som sat fengsla på Kastellet festning i København frå mars 1723 til han døydde.

Les «Ein halshoggen nordlenging» og «Språkpolitikar og separatist»

Coyet var i teateret då Holberg debuterte hausten 1722. I fengselet las han dei tre første binda med komediar (1723–25) og skreiv kunnige vurderingar som samtida aldri fekk sjå, men som vart funne 200 år seinare. Coyet hadde vore generalmajor på svensk side under den store nordiske krigen (1700–21), som Holberg let Jeppe ta del i på dansk side. Kva meinte Coyet om Jeppe?

Eit teaterhistorisk skifte

Utanom Holberg er Coyet den einaste kjelda som seier noko om korleis samtida opplevde eit viktig teaterhistorisk skifte:

«Anno 1722 begynte man i Köpenhamn at spehla danska Comoedier, hvilka till en dehl af fransyskan, i synnerhet af Molieres Comoedier blefwe verserade, till en dehl ochså af andra, men kennerligan af Hr. Professor Holberg nye componerade. Sålänge jag war i Friheten, försiömmade jag sällan at gå på dessa danska Comedier, hvilka mig mycket behagade, både för Acteurernes godhets skiöld, som ochså för det jag fant det danska språket öfwermåttan propre och lyckligt dans le Comique.»

Coyet skriv om Nordens første faste teater på folkespråket. Holberg debuterte saman med ei ny teaterform for eit nytt borgarleg publikum. Til då var publikum skilde mellom hoffteater på fransk, skoleteater på latin og omreisande torgteater på tysk. Nyskapinga i København, Den danske Skueplads, er opphavet til institusjonsteatera våre. Norske byar feira det med Holberg-framvisingar i 1822 og 1922. I fjor feira berre Danmark. No er Holberg heilt dansk.

På Holbergs tid kom etterlikningar med Svenska Comedien i Stockholm frå 1737 og Die deutsche Schaubühne i Hamburg frå 1741. Som i København, men no på svensk og tysk, spela dei Holberg vekslande med franske stykke i omsetjing, særleg av Molière. Før Noreg fekk faste teater i det neste sekelet, spela omreisande truppar Holberg på tysk i Bergen og Christiania allereie i 1730-åra, til dømes Jeppe som Der verwandelte Bauer. Holberg hadde nordeuropeisk suksess i eiga levetid.

Kva meinte Coyet om Jeppe?

Coyet var ein lærd litterat. Notata frå fengselet liknar meir på publisert litterær kritikk enn på dagboksnotat:

«Siden min Arrest. har jag läsit en stor dehl af desse pieces tryckte, och måste bekänna, at då de mästa Comodier förlora något af deras force när de läsas, desse nästan behållit, om icke förökt, all deras styrcka.»

Coyet skreiv særskilde vurderingar av mange av dei 15 første Holberg-komediane. Dei viser at han las fransk, tysk og latin og kjende den same europeiske litteraturen som Holberg likte og bygde på. Han var «den skiønsomme Læser», Holbergs omgrep for idealkritikaren.

Coyet skriv at han såg og las Jeppe paa Bierget, men ikkje om kva stykket handla om eller korleis han vurderte det, slik han gjorde med dei fleste andre komediane. Til dømes var Ulysses von Ithacia (1725) «en skarp Satyre emot åtskilliga danska Misbruck, wid hvilcka autor så dristigt skrifwer, som någon mögligt är». Denne komedien var Holbergs aktuelle satire over krig, men i klednad som parodi på byens tyske torgteater: «en Critique öfwer de tyska Köpenhamniska Comedier». I andre akt, åttande scene, seier tenaren Chilian: «Skam faae den der først fandt paa Kriig. Det er jo uriimeligt, at Folck skal gaae hen og myrde dem, som man icke kiender».

Den andre komedien som nemner krig, Jeppe, var Holberg like tagal om som Coyet var. I innleiinga til bindet med dei fem første komediane (1723) seier Holberg kva dei fire andre handlar om. Om Jeppe nemner han berre at handlinga er lånt frå den latinske romanen Utopia (1640) av tyskaren Jakob Bidermann. Etter Holberg gjekk det hundre år før nokon skreiv om tematikken. Då meinte Erich Werlauff (1838) og Christian Molbech (1843) at komedien handlar om undertrykkinga av bøndene på Holbergs tid.

Vi skifter spørsmål: Kvifor unnlèt Coyet og Holberg å meine noko om Jeppe?

Statsmakta vakla

Før og etter Holbergs «poetiske raptus» (1719–27) var han statsvitar og historikar med interesse for nyare politisk historie, samfunnsøkonomi, juss og tilhøvet mellom statar. Jeppe byggjer på denne interessa og er Holbergs mest politiske komedie. Den handla om tilhøva utanfor bymurane under krigen som var slutt året før. Det danske forsvaret var avhengig av skatt og soldatar frå landadelen, som dreiv den største næringa i landet og fylka bondehærane med liveigne bønder. Begge delar hadde svikta. Statsmakta vakla på grunn av korrupsjon blant godseigarane og alkoholisme blant bøndene. Jeppe viste fram det ingen elles kunne skrive om, at landet var vanstyrt og kunne gå under viss ikkje kong Frederik rydda opp. Men tilhøva utanfor bymurane var ikkje tillatne som emne for ei borgarleg offentlegheit før hundre år seinare.

Avsløringa av konspirasjonen i mars 1723 viste kor vaklevoren staten var. Under krigen hadde danske troppar plyndra det store biblioteket på godset til Coyet i austre Skåne, Trolle-Ljungby. I 1722 var han i København for å tinge om oppreising for tapet. Der vart han kjend med Povel Juel og ein svensk major, Jonas Hörling, som no var i teneste hos hertug Karl Frederik av Holstein-Gottorp. Hertugen var svigerson av tsar Peter den store av Russland og systerson av den nyleg avlidne Karl den tolvte av Sverige. Han gjorde krav på den svenske trona og dei danske områda i Slesvig og Holstein. Russland støtta krava og gav Danmark eit nytt langvarig tryggleikspolitisk problem, det «gottorpske».

Angsten for nye konspirasjonar gjorde at dei mura igjen vindauga i fengselscella på Kastellet i april 1727. Coyet begynte å drikke i staden for å lese og skrive og var heilt nedbroten då dei fann han avliden i cella saman med notata sine i 1730. Det er livet til Coyet, ikkje notata hans, som viser kva Jeppe handla om.

Handling utan tematikk

Temaet som Holberg tilførte den lånte karnevalshistoria frå Bidermann, finn du ikkje om du les sluttversa til baronen. Det finn du når ser korleis første og tredje akt skil seg frå førelegget og saman speglar kvarandre og verkelegheita utanfor bymurane. Ei slik lesing er nyttig nett no: På Nationaltheatret i Oslo har dei skrelt vekk tematikken til Holberg. Vi får sjå karnevalshistoria som eit langt og sjokkerande sirkusnummer. Heller ikkje no kan nokon seie kva den mest politiske komedien til Holberg handla om.

Gunnar Sivertsen er forskar ved Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU).

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis