Kommentar
Krigshandlingane mot Venezuela blir råka av ein viktig, men litt bortgøymd del av folkeretten, skriv Astri Suhrke.
Den venezuelanske kystvakta patruljerer på Maracaibosjøen 26. oktober. Spenninga mellom Venezuela og USA aukar.
Foto: Isaac Urrutia / Reuters / NTB
Medan USA sender ut signal om krig mot
Venezuela – sakte, men sikkert, lik oppløpet til invasjonen av Irak i 2003 –
dukkar spørsmåla opp: Er det etter folkeretten nokon skilnad på å bombe det som
kan vere narkomål på land, og å gå til åtak på småbåtar med mogleg narkolast
til havs? Er lovløysa i begge tilfella heilt sjølvinnlysande? Og spelar det
noka rolle om lova blir broten?
Krigshandlingane mot Venezuela som Donald Trump-regjeringa
står bak, blir råka av ein viktig, men litt bortgøymd del av folkeretten:
åtakskrigar. Det har vore ganske mange av dei i åra som har gått, men dei
ansvarlege har sidan Nürnberg- og Tokyo-prosessane etter andre verdskrigen
ikkje vore straffeforfølgde, sjølv om prinsippet blei skrive inn i folkeretten
i 2010. Det såkalla Kampala-tillegget til vedtektene for Den internasjonale
straffedomstolen (ICC) tredde i kraft nokre år seinare, etter at dei nødvendige
30 landa hadde ratifisert det.
Noreg er ikkje mellom dei landa som
ratifiserte Kampala-tillegget. Framlegg om ratifisering var ute på høyring i
fjor og skapte ein liten debatt før det blei skrinlagt.
Truleg var saka for kjenslevar – vår
hovudallierte har jo ein tendens til å gripe til militærmakt i mogleg strid med
folkeretten. Sjølv Russlands fullskalainvasjon av Ukraina var ikkje nok til å
mobilisere sterk internasjonal støtte for forbodet mot åtakskrigar.
Eit amerikansk åtak på Venezuelas
territorium eller på dei militære styrkane deira er eit klart brot på det folkeretten
definerer som ei «aggresjonshandling». Anten det er snakk om bombing eller
annan våpenbruk: Det må ingen storstilt invasjon til for at ein skal kunne
kalle det eit brotsverk etter vedtektene til straffedomstolen. Åtak mot sivile
småbåtar i internasjonalt farvatn kjem inn under ein annan del av folkeretten,
men er i prinsippet òg ei kriminell handling.
Lettvint idealisme?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.