JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Ein halshoggen nordlending

Onsdag er det 300 år sidan nordlendingen Povel Juel fekk det gode hovudet sitt skilt frå kroppen, på Kongens Nytorv i København, der han nyleg hadde gått kring som feira lyrikar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Povel Juel skriv brev. Tresnitt frå viseprentet «En ilde udregnet Facit», København 1723.

Illustrasjon: Nasjonalbiblioteket

12882
20230303

8. mars 1723. Del 1.

Den nordnorske amtmannen og lyrikaren Povel (Poul) Juel (ca. 1673–1723) vert halshoggen på Kongens Nytorv i København.

Somme kjelder: Constantius Flood, Povel Juel. En levnetsbeskrivelse, Mandal 1876. Bjørn Andersen, Povel Juel 1721–1723, Søborg 2012. Martin Schaad, Der Hochverrat der Amtmanns Povel Juel, Berlin 2020.

I bakspegelen

havard@rem.no

Når du les dette, er det vorte mars, den fyrste månaden i ei årstid som får mange nordmenn til å tenkja på København, dit våren gjerne kjem litt tidlegare enn i Noreg. Om du planlegg å vitja Kongens by, kan ein vel ikkje utelukka at du kjem til å gå gjennom Strøget, frå Rådhusplassen til Nyhavn. Framme er du når du kjem til Kongens Nytorv, plassen som er omkrinsa av Det Kongelige Teater og Hotel d’Angleterre, Kunsthal Charlottenborg og Nyhavn-kanalen.

Sjå no føre deg at du gjekk her ein marsmorgon for nøyaktig 300 år sidan.

Amtmann og poet

Då ville du ikkje berre ha høyrt vande hovslag frå kjerrer og drosjar, men hammarslag òg. På Kongens Nytorv hadde dei halde på med å mura og snikra ei scene. Og difor gjekk du ikkje åleine. Mange skodelystne var på veg til torget.

I nitida om morgonen trengde folk seg mot husveggane, for då kom tolv elitesoldatar marsjerande frå Slutteriet, arresthuset, som låg i ei gate som i dag heiter Slutterigade. Ho ligg ikkje langt frå Rådhusplassen, i den andre enden av Ruten, som Strøget ein gong heitte. Dei marsjerte mot Kongens Nytorv i vest.

Fremst i fylgjet, føre elitesoldatane, gjekk ein kring femti år gamal nordlending, tid og stad for fødselen er uviss, men han hadde vakse opp nordpå, som son av biskopens ombodsmann i Senja prosti, Tomas Jensen.

Heller ikkje namnet hans er hogge i stein. Fornamnet vert skrive som både Poul og Povel, etternamnet som både Juel, Juul og Jul og som patronymet Tommesen, etter far hans. Vart han kalla Poul Tommesen i Troms, heitte han Povel Juel i København. Han kunne sjå attende på ein karriere som sakførar i Harstad og byfut i Bergen, som amtmann i Agder og feira lyrikar i København, og med uttala ambisjonar om større titlar og bragder i framtida.

Ludvig Holberg

Folkemengda lukka seg bak fylgjet og gjekk etter mot Kongens Nytorv og den utandørs scena der nordlendingen bokstavleg talt spela hovudrolla.

Juel hadde ein del sams med ein annan nordmann som på denne tida vart kjend i København, Ludvig Holberg. Båe hadde dei budd mange år i Bergen, og båe hadde dei nyleg hatt litterær suksess med mellom anna dikt, prenta og gjevne ut her i Kongens by.

Og båe trakk dei folk til Kongens Nytorv –?Holberg av di han var husdiktar på teateret her. København hadde endeleg fått sitt eige teater, med danskspråklege stykke. Opningsframsyninga hadde vore i september, for mindre enn eit halvt år sidan, berre eit steinkast frå der Det Kongelige Teater ligg i dag. Jeppe på Bjerget (1722) heitte eit av Ludvig Holberg-stykka som nyleg var framført og prenta. Året før kom den kritikarroste diktsamlinga til Povel Juel, Et Lycksaligt Liv (1721).

Nytorv og Nyhavn

Kongens Nytorv var nokså nytt, det òg, som Nyhavn, anlagt for kring femti år sidan, då ein flytta sentrum i byen hit. No i 1723 var torget dominert av eit hageanlegg, sett bort frå scena som var sett opp, men mellom alle skodelystne kunne dei godt vaksne hugsa kva som hadde prega torget før hagen kom. Då dei sprang hit som born, slik born hadde sprunge hit i dag òg, møtte dei synet av tre galgar og ymse torturreiskapar, for den gongen var det her dødsdømde desertørar vart avretta.

Minna vende attende denne morgonen, men med ein liten skilnad: På skafottet stod denne gongen ikkje ein galge, men ei meterhøg blokk – som Povel Juel snart skulle leggja hovudet på, 8. mars 1723, ein måndag morgon. Til onsdag er det 300 år sidan.

Oppvekst i nord

Den velståande far hans, Tomas Jensen, skal ha drive nordlandshandel i tredje generasjon og stor stil, som jord- og væreigar, som jekteigar med leiglendingar på fiske, som sakførar og 1600-talstorpedo, gjeldsinndrivar for andre nordlandsfararar. Folk som skulda pengar, kunne ein taka over eigedomane til, små eller store. Verksemda hadde ein del sams med verksemda til det endå mektigare Dass-dynastiet i Helgeland i sør.

Ei stor, men god investering var å ala fram søner til sokneprest og prost, som Jens og Nils, brørne til Povel Juel. Sjølv vart han ikkje send til København, for han skulle ta over verksemda til faren, og byrja såleis i sakførarlære hjå han, truleg på Rødøy mellom Helgeland og Salten.

Då han var 15 år, vart far hans ombodsmann for biskopen i Senja, og bygsla då garden Nedre Harstad. Som tjueåring tok sonen Povel over garden og verksemda. Han dreiv jordbruk i Troms, han kravde inn gjeld frå væreigarar og fiskarbønder, han tok seg fram på sjøen i allslags vêr, og han tok på seg sakførararbeid for sorenskrivaren på grannegarden Øvre Harstad, danske Poul Egede.

Han var far til Hans Egede, som sidan vart kjend for å ha byrja misjons- og handelsverksemd på Grønland. Mange år seinare, i 1721, då Egede kom seg til Grønland, var den unge sakføraren frå grannegarden biten av grønlandsbasillen, han òg, i ein slik grad at grønlandsplanane hans var ein del av dødsdomen.

Men det var framleis lenge til. Året var 1696, og Hans Egede var ti år, då Povel Juel forlét Troms og Harstad. Etter eit røft liv med mykje makt nordpå ville 23-åringen freista lukka som sakførar i Bergen.

Eit koparstikk af Kongens Nytorv i København på tidleg 1700-tal, om lag då Povel Juel vart halshoggen på torget. Nyhavn ligg til venstre i biletet.

Illustrasjon: Wikimedia

Viseprenta

Snikringa hadde gått føre seg sidan soloppgang. Ein som heile natta hadde snikra vers, var ein annan Paul, Povel Phønixberg, seks år yngre enn han på scena. 44-åringen hadde dei siste tre åra drive eit prenteverk i København, med stor suksess. Mellom anna hadde han nyleg prenta dei to fyrste banda av komediane til Ludvig Holberg.

Men dei to stod neppe i lag på Kongens Nytorv, ikkje av di dei var uvener – det vart dei fyrst eit par år seinare, då Phønixberg prenta piratutgåver av Holberg-stykke –?men av di Phønixberg var travel. Den tidlegare øltapparen og bordelldrivaren hadde ikkje berre suksess med prenteverket sitt, men med visediktinga si òg. Om hendinga i dag både skreiv og prenta han ei vise, «til kjøbs for 1 dansk skilling» – i skarp tevling med andre skillingsviseseljarar.

Det fortel mykje om merksemda hendinga vekte, at ikkje mindre enn fire viseprent, somme med tresnitt, vart lagde og selde i samband med halshogginga 8. mars. Med god hjelp frå tilsette på Nasjonalbiblioteket i Oslo og Det Kongelige Bibliotek i København har eg fått fatt i gode kopiar av alle.

Inuitten

Visa til Phønixberg har ein lang tittel: «En ny vise om den drømmende prins, selvinnbilte Chirognosta [spåmann, handtydar] og underlige Grillenfænger [hypokonder] eller prosjektmaker Povel Juel». Og ein lang undertittel: «Hans forræderiske intensjon mot Grønland, Island, Færøyene og Norge, forfattet i en samtale mellom Povel Juel og hans fantasi.» Nett som Egede-guten på grannegarden i Harstad har Juel fått grønlandske draumar, kan visa fortelja:

Jeg drømte jeg ble gjort med ære

til prins for Grønland, Island, Færøe.

Han held fram: «Det gjelder her om riker, land/ som skjulte er med is og sne». I ei anna strofe kjem ein inuitt og åtvarar Juel mot planen om å kolonisera Grønland: «Du har krone og septer i minne,/ men det er blokk og øks du skal finne». At «den vilde Grønlænder» vil få rett, skjønar ikkje naive Juel: «Hold du din munn, enfoldig tåpe./ Din spådom vil jeg ikke håpe.»

Allsong i smuga

Ei anna vise tek føre seg brevskrivaren Juel. Kva som leidde til arrestasjonen ein månad før, var breva der han drøfta grønlandsplanane med svenskar og russarar, etter at planane vart avviste i Danmark. «Brevene bleve aabnede paa Posthuset, og hele Planen om Grønlands Kolonisation, Norges og Færøernes Erobring ved russisk Hjelp, kom i Lyset og blev med all il oversendt Regjeringen, der snart i dette Projekt kom til at se en udbredt Sammensvergelse, som havde sin Rod i Nordmændenes Misfornøielse», skriv den norske forfattaren Constantius Flood (1837–1908) i biografien Povel Juel. En levnetsbeskrivelse (1876).

I københavnske stover og smug runga Povel Juel-visene, for sjølvsagt var dei utstyrte med meloditilvising. På tittelsida til Phønixberg-visa kan ein lesa: «Sjunges som ’Det siste jeg fra Doris hørte’». Tittelen høyrde til eit dikt av den danske forfattaren Anders Bording (1619–1677), og Doris-diktet hans hadde vorte ein så kjend song at ikkje berre Phønixberg, men Petter Dass (1647–1707) oppgav det som melodidøme (til «Gud sagde til de jøder slemme» frå Evangeliesangene).

Byfut i Bergen

Strofeforma vart nytta av bergenske Dorothe Engelbretsdatter (1634–1716) òg. Ved sida av Dass var ho den fremste norskfødde diktaren i ætteleddet før Ludvig Holberg (1684–154). Og trass i aldersskilnaden –?alle desse tre store var faktisk i Bergen på den tida Povel Juel verka der som sakførar.

I 1709 vart han byfut i Bergen, 36 år gamal, og i 1711 stod han på så god fot med kong Fredrik IV at han drog til København for å møta ein kongeleg kommisjon, nedsett for å drøfta ymse framlegg Juel hadde sendt kongen, framlegg han meinte kunne auka kongens inntekter. Den store nordiske krigen, som no hadde vart i ti år, kosta dyrt.

Tortur

Ti år seinare var krigen over og Juel fallen i unåde. På kva grunnlag han vart dømd, og om han var skuldig eller ikkje, har det i ettertida vore usemje om. Det vil me sjå på neste veke.

I dag vert det berre plass til å sjå på den siste veka han fekk leva før han vart halshoggen måndag 8. mars.

Ei veke før, måndag 1. mars, byrja ein med forhøyr og tortur i straffeanstalten Stokhuset, i ei gate som i dag heiter Stokhusgade – namnet kjem av stokkane eller bjelkane som beina til fangane vart festa i. Han sat i bolt og jarn og gjekk gjennom tortur av fyrste grad, med tommeskruar, men lite kom fram. Heller ikkje neste dag, tysdag 2. mars, vedgjekk han nokon konspirasjon, jamvel om ein då nytta tortur av andre grad, såkalla spanske støvlar, med innvendige metallpiggar.

Torturen tok då slutt, førebels, medan ein ferda ut ein dom for majestetsbrotsverk. Om føremiddagen torsdag 4. mars vart domen forkynt, og Juel fekk drygt tre timar på seg til å skriva eit forsvar. Det vart velformulert, på kring ti manussider: «Tiden forbyder mig at skrive videre.»

Alt neste dag, fredag 5. mars, fall domen. Han vart kjend skuldig i «at have begaaet crimen læsæ majestatis (Majestætsforbrydelse) i høieste Grad» og såleis «bør den høire Haand hannem levende afhugges, og derpaa Hovedet tilligemed Haanden at sættes paa en Stage». Same fredagen vart domen godkjend av kong Fredrik IV.

Testamentet

Men om dødsdomen no var felt, heldt torturen fram dagen etter, laurdag 6. mars, framleis i Stokhuset. Ein ville få Juel til å røpa medsamansvorne i Noreg. Han vart bunden naken til ein stige, og i tillegg til dei spanske støvlane kring leggane og tommeskruane nytta ein no skrustikker på båe stortærne. Etter ein times tortur, og avhøyr på tysk, lova han å seia noko dersom instrumenta vart fjerna. Han namngav då ein del kjende embetsmenn i Noreg, ikkje i samband med eiga sak, men som «ikke gode Patrioter». Somme av dei han nemnde, var i København, og vart arresterte, men med kvart slopne fri.

Sundag 7. mars, framleis i Stokhuset, skreiv han testamentet sitt. Han hadde ein son på seks år som no ville verta foreldrelaus – mor hans hadde døydd tre år tidlegare. Povel Juel bad om at bror hans, prost Jens Tomassen Juel, vart formyndar for guten. I åttetida sundag kveld vart han så køyrd frå Stokhuset eit par kilometer til Slutteriet, eit arresthus i Slutterigade, ikkje langt frå der Rådhusplassen ligg.

Til skafottet

Så vart det morgon, måndag 8. mars, og Juel vart ført gjennom Strøget i heile si lengd, mot Kongens Nytorv, med den låge morgonsola i andletet om det elles var blå himmel denne morgonen. Flood skriv: «Af al Kraft arbeides paa Opførelsen af et Skafot paa Nytorvet. Ved Daggry om Morgenen sluttes en Styrke af 500 Mand af Kjøbenhavns Garnisonstropper om dette. Kl. 9 føres Juel ud af Slutteriet, fulgt af en Vagt af 12 Grenaderer, der bringe ham til Nytorvet, hvor Politimester Rathken, som om man endnu ikke har opgivet Haabet om at faa noget mere at vide om den formodede udbredte Sammensværgelse, tilspørger ham om denne Sag og beder ham ’Gud og Kongen til Ære at bekiende Sandheden’.»

Ja, kva var sanninga? Var han ein landsforrædar? Var han, femti år før Norske Selskab, ein nordmann som ynskte norsk sjølvstende? Ei bok som kom om han på tysk for tre år sidan, Martin Schaads Høgforræderiet til amtmann Povel Juel. Ei mikrohistorisk ferd gjennom Nord-Europa i tidleg nytid (2020), avsluttar med fylgjande setning på 248. og siste side: «Und ja: Povel Juel war unschuldig.»

Framhald neste veke

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis