Reportasje

Ei livslang kjærleikssoge

Ein 84 år gamal mann sit på flyet frå Toronto på veg til den grøn­landske hovudstaden Nuuk. For over seksti år sidan opplevde han noko som skulle ta livet hans i ei totalt uventa retning.

Når vi kjem i land i Oqaatsut (dansk: Rodebay), brukar Tété litt tid på å orientere seg. Han har sterke minne frå overvintringa si på denne staden for nærare 60 år sidan.
Publisert Sist oppdatert

Tété-Michel Kpomassie voks opp i ein tradisjonell togolesisk landsby i nærleiken av Lomé i den franske kolonien Togo i Vest-Afrika, men det var to ting som skulle vera med på å endra livet hans. Det eine var ein stor angst for slangar, det andre ei bok.

Ein dag han vitja misjonsbokhandelen, fann han ei bok om eit ukjent land. Det var noko både framandt og kjent med det. Folk var kledde i skinn og hadde store spyd. Dessutan fanst det ikkje slangar der. Han kjøpte boka, og i dagane som kom, sat han på stranda og las ho om att og om att. Ein dag stod det klart for han. Han skulle stikka av til Grønland.

Året var 1957, og sekstenåringen hadde ingen pengar. Men han drog, utan å varsla nokon. I åtte år jobba han seg opp gjennom Afrika, Frankrike, Tyskland og Danmark. Det er tankevekkjande at ein ung afrikanar den gongen kunne kryssa grense etter grense utan anna enn det fransk-togolesiske passet sitt.

Afrikanar på Grønland

Endeleg kunne han gå om bord på eit skip som skulle ta han til den etterlengta øya. I boka han seinare skreiv, En afrikaner på Grønland, les me om innseglinga til Julianehaab: «Jeg lurte engstelig på hvordan den første reaksjonen deres ville være når de fikk se (…) en svart mann gå i land fra båten! De hadde ennå aldri sett et menneske av min rase, bortsett fra i avisene. Som en skuespiller som forbereder seg omhyggelig før han viser seg på scenen, tok jeg meg god tid med påkledningen i lugaren, og jeg tok på en mindre varm genser under frakken. Uten å forhaste meg rettet jeg på vottene og slo hetten tilbake på ryggen. Så gikk jeg ut, med hendene i lommene. (…) Da de fikk se meg, holdt alle sammen opp å snakke.»

Skildringa av uvêret under overfarten frå København til Grønland er så ille at ein ikkje kan tenkja seg anna enn at den unge mannen berre var lykkeleg over endeleg å ha nådd målet. Og i det store og heile skulle inuittane på øya visa seg å vera svært så gjestfrie og imøtekommande.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement