JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Språkpolitikar og separatist

Språkpolitiske spørsmål var viktige for norsk separatisme på 1800-talet. Overraskande nok var dei viktige alt kring 1720 òg, for nordlendingen og «landsforrædaren» Povel Juel.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tresnitt frå viseprentet «En Angergifven Synder ved Nafn Povel Juel», prenta i København i 1723 i samband med halshogginga. I bakgrunnen ser ein hovud og høgrehand sette på stake.

13464
20230310

8. mars 1723. Del 2.

Den nordnorske amtmannen og lyrikaren Povel Juel (1673–1723) vart halshoggen på Kongens Nytorv i København.

Somme kjelder: Constantius Flood, Povel Juel. En levnetsbeskrivelse, Mandal 1876. Bjørn Andersen, Povel Juel 1721–1723, Søborg 2012. Martin Schaad, Der Hochverrat der Amtmanns Povel Juel, Berlin 2020.

I bakspegelen

havard@dagogtid.no

Førre fredag forlét me nordlendingen Povel Juel i Strøget i København, for 300 år sidan, om morgonen måndag 8. mars 1723, undervegs til halshogging på Kongens Nytorv, dømd for majestetsbrotsverk. Domen gjaldt separatistiske planar for Danmarks oversjøiske område i nord: Grønland, Island, Færøyane og Noreg.

Det danske koloniveldet voks og var i ferd med å skaffa seg oversjøiske område i vest òg: St. Thomas, St. John og St. Croix i Karibia.

Domen i ettertida

Var Povel Juel ein landsforrædar, ein norsk separatist, mange år før si tid? At han vart dømd for det, har prega vurderingane av han i ettertid. Den forræderidømde har gjerne vore vurdert som forrædarsk av natur. På Wikipedia kan ein framleis lesa at breva hans til kongen var «innsmigrende» og «innsmiskende» – som om andre brev til einevaldskongane ikkje var det.

Han vert omtala som eigenrådig. Det var mange futar, Juel truleg meir enn andre. I 1713 vart han suspendert som amtmann på Sørlandet, så kom han attende i 1715, før han fekk endeleg avskil i 1718.

Same kva – det var ikkje påstått karakterbrest som kosta han hovudet, men skuldingar om forræderi. Var det hald i dei?

Povel Juel «skulle lede en kolonisering på Grønland, og derfra ville det være lett å sette seg i besittelse av Island og Færøyene, og så endelig – og dette var hovedsaken – erobre Norge. Juel forklarte at nordmennene var så fiendtleg stemt mot danskene at en reisning ganske sikkert ville lykkes», les me i Vårt folks historie, band fem, Enevoldstiden (1963).

Var planane realistiske? Hovudsaka her er at dansk samtid tok dei på alvor.

Geopolitikk

Planane omfatta dei delane av det gamle Noregsveldet som no i røynda var danske – på papiret var dei norske fram til 1814. Områda hadde lenge vore i spel. Dansk overherredøme var nokså nytt – ikkje i Noreg, der dei alt hadde hatt makta i kring 200 år, men elles. Berre drygt ti år før Juels plan, i 1709, kom Færøyane under dansk administrasjon. Så seint som i 1688 vart Island direkte underlagt kongen i København. Grønland var framleis i spel. Ikkje før i 1776 monopoliserte Danmark grønlandshandelen.

Då var det berre 38 år til 1814 og Kieltraktaten, der Noreg gjekk som eit krigsbyte frå Vesterhav-vende Danmark til Austersjø-vende Sverige, men som kjent utan at dei oversjøiske områda fylgde med.

Juels Noregsvelde-planar omfatta områda som hadde vore, var og kom til å vera i spel, under og etter den store nordiske krigen (1700–21). Danmark var på vakt. Det var berre eit par generasjonar sidan freden i Roskilde, då Noreg, i røynda Danmark, mista Bohuslän til Sverige. I 1723, då Juel vart dømd, var det berre sju år sidan Sverige kringsette Akershus festning og freista å ta resten av Noreg frå Danmark. Dansknorske separatistar la hovudet på blokka.

Forfattarskap

Finn ein spor av norsk separatisme hjå Juel, til dømes i det han fekk prenta i det strengt sensurerte eineveldet?

Fyrst då nokre ord om forfattarskapen hans: Om ei tid i København har vore «dei glade 20-åra», var det 1720-åra, åra mellom den nordiske freden i 1720 og Københavns kraftige bybrann i 1728 – brannen opna for pietismen og stengde teaterhusa.

Det var i desse åra Ludvig Holberg skreiv, prenta og fekk oppført dei fleste og beste komediane sine, som Jeppe på Bjerget (1722), Den politiske Kandestøber (1722), Erasmus Montanus (1723) og Den Stundesløse (1723).

Ein som hadde ein skriveraptus samstundes med Holberg, var Povel Juel. I 1721, mindre enn to år før avrettinga, gav han ut to bøker i København. Om våren kom diktsamlinga Et Lycksaligt Liv, og om hausten gav han ut ei sakprosabok. Diktsamlinga, skriv Store norske leksikon, «slo godt an, men den store suksessen kom med En god bonde, hans avl og næring, en lærebok i jordbruk, som stadig kom i nye opplag. Den ble også oversatt til islandsk».

I 1777 vart ei utgåve prenta i Trondheim. Med andre ord: Om forfattaren var avretta for landsforræderi, vart ikkje bøkene hans forbodne.

Morsmålsbylgje

1720-åra kom med ei litterær morsmålsbylgje. Av di koloniseringa av Noreg hadde vorte så omfattande at norsk var forsvunne som skriftspråk, er det lett å oversjå situasjonen for dansk skriftspråk. Den danske eliten nytta latin i akademia, tysk i politikk og militærliv, og fransk i kulturlivet, les ein i Jens Johan Hyviks framifrå målsoge Norsk målreising I. Språk og nasjon 1739­–1868 (2009). Fyrst i 1772 vart militær- og regjeringsspråket i Danmark dansk.

Verka til Holberg og Juel var del av ei språkreising. Før Holberg frå 1722 fekk suksess med danskspråklege skodespel, vart dramatikk i København framført på fransk og tysk. Og dei som skreiv på morsmålet, fråtsa gjerne i lånord frå tysk, fransk og latin.

Det gjorde ikkje Juel. Eit av motiva for å skriva diktsamlinga, nemner han i føreordet, var «for å øve meg i mitt morsmål», helst utan lånord.

At diktboka fekk så god mottaking i 1721, og at ho er interessant i dag, kjem ikkje fyrst og fremst av innhaldet i dikta, men av språket. Det friske, ujålete språket vart lagt merke til. «Om jeg anser dette Poema for næsten det bedste vort Sprog har at fremvise, da gjør jeg ikke formeget deraf», skreiv Peter Henrik Suhm (1728–1798) om Et Lycksaligt Liv. Historikaren Suhm var i 1760 ein av medskiparane av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim – som 80 år seinare finansierte dialektinnsamlingsferdene til Ivar Aasen.

Slik det vart skrive nidviser om Juel i samband med halshogginga i 1723, vart han to år før hylla med æresvers frå poetar og professorar. Seinare vart vurderinga meir samansett.

Heile boktittelen lyder Et lykksalig liv – ettertenkt da innbilning og erfaring derom disputerte, og diktboka på kring 120 fulle sider er som ein vekselsong mellom Innbillinga og Røynsla. Oppskrifta på eit lykksalig liv er balanse:

Søk nytten i din lyst

og lysten i din nytte.

Til framtidige familieforsørgjarar gjev han eit kierkegaardsk råd:

Du giftes eller ei –

Du skal nok angre begge.

Fornuften råder fra.

Naturen til vil egge.

For klok og modig mann

er giften skadelig,

mens bløthet bedre kan

i standen skikke seg.

Juels målreising

At han skriv lærde dikt på folkemålet, utan lånord, gjer han greie for i etterordet. Det er rett og slett eit språkpolitisk manifest, som ein best kan skjøna på bakgrunn av den svake stillinga til morsmålet hjå eliten i Danmark-Noreg. I 1721, tjue år før språkpurismen kom på moten i Danmark, tok Juel til orde for å erstatta framande lånord med «gamle og hederlige danske ord», slike ein finn i «gamle lover og bøker» og «daglig landsbytale», med andre ord: i norrøne tekstar og i dialektar.

Han var føre si tid. Argumenta hans liknar dei som vart vanlegare sist i hundreåret – at heimsleg mål ikkje er plumpt, men opphavleg, og at framandt mål ikkje er fint, men forfina: «Noen mener at vår tale ikke er høflig nok, og at uttalen og faktene ikke er vennlige nok, og at vårt språk og vesen derfor ikke er så behagelig og elskverdig som de franskes. Men de som har smak i en søt og bløt tale, og liker sådanne seder, ble fordum av våre mannhaftige og ærlige forfedre holdt for å være feminine [«Qvindagtige»], forfengelige, fine og falske.»

Gullalder («fordum») og kjemper («vore mandhaftige») er to spor ein kan fylgja i separatistisk retorikk frå Norske Selskab i 1770-åra, via ein diktfeide i 1790-åra, til målrørsla og nasjonalromantikken kring 1850.

Men då var motsetnadene ikkje dansk og fransk, som hjå Juel i 1721, men norsk og dansk. Var det eigenleg ein norsk-dansk motsetnad Juel ynskte å peika på? Det ville i så høve ha vore umogeleg. Sensuren ville ha stogga det. 12. mai 1721 vart diktsamlinga godkjend av kong Fredrik IVs sensur. Eit dikt som 50 år etter vart stogga av den danske sensuren, var Johan Nordahl Bruns «Norges Skaal (For Norge, Kiempers Fødeland)» (1771), signalsong for Norske Selskab i København, og uoffisiell norsk nasjonalsong i dei fyrste åra etter 1814 – då Noreg, fleire tiår før Danmark, innførte prentefridom.

Holberg om Juel

I mellomtida, mellom Juel i 1721 og Brun i 1771, var det ein annan nordmann som peika på dei to spora: Ludvig Holberg.

I 1748, i «Torfæus og Norgeshistorien» (Epistel 171)», skreiv Holberg om tilhøvet mellom Noregs gamle gullalder og noverande kolonistatus. Om «de gamle Norske» er døme på opprørsånd, skreiv Holberg, er «de nyere» norske døme «paa Lydighed og Afskye for Oprør», ja, «frem for alle Nationer paa Jorden», og «lige fra Reformationens Tider» – som jo var heilt rett: Det var i samband med reformasjonen i 1536 at Noreg med oversjøiske område vart underlagt Danmark.

Ein lyt erkjenna, held Holberg fram, «at aldrig noget Folk er bleven meer forandret og ukjendeligt» enn det norske.

Sett bort frå at ein kongetru Holberg meinte at denne endringa og lydnaden var av det gode, likna observasjonane hans dei Povel Juel gjorde seg. Og nett Povel Juel var det no som dukka opp i Holbergs tekst, 25 år etter at han vart halshoggen. Holberg ville gje eit prov på den djupe endringa i den norske mentaliteten: «Herpå kan tjene til opplysning hva som hende for noen år siden, da en viss nordmann på grunn av utroskap mot regjeringen ble henrettet: For man fant ikke at en eneste av hans landsmenn hadde vært i ledetog med ham.»

Som nemnt førre veke: Under tortur oppgav Juel namn på nokre nordmenn, og somme vart arresterte, og – som Holberg skriv – frifunne. Men kongen var skremt, og tilsette sidan helst tyskarar som embetsmenn i Danmark-Noreg av di han i endå mindre grad stolte på dei innfødde.

Frimann og Oehlenschläger

Framfor Det Kongelige Teater på Kongens Nytorv, der Juel vart halshoggen, står i dag diktarstatuane av Ludvig Holberg og Adam Oehlenschläger (1779–1850). 70 år etter avrettinga tok Oehlenschläger del i ein dansknorsk diktfeide som syner kor tidleg ute nordlendingen Juel hadde vore med sin djervskap/dekadent-dualitet og eit motsetnadspar som «Vadmels Sprog» og «Silke-Ord».

I diktet «En birkebeinersang» (1790) hylla hordalendingen og Norske Selskab-avhopparen Claus Frimann (1746–1829) «kjempene», barske nordmenn i gamle dagar. Referansen til birkebeinarane er interessant. Han peikar meir mot «noregsveldetida» kring 1200-talet enn mot «vikingtida» kring år 1000.

Svøpe seg i silke,

kniplingstråd å pilke,

var ei nordmanns vis.

Bast til bånd å sammentvinne,

birkebark om ben å binde,

det var nordmanns vis.

Oehlenschläger svarte på heroiseringa med ein parodi. Han tok utgangspunkt i ei strofe mange kjende frå syngjespelsuksessen Peters bryllup (1793):

I dalens skjød en hytte lå

ved bredden av en kilde.

Dens vegg var leire, dens tak var strå,

dens hegn var roser vilde.

Dens eiers lodd var fattigdom,

dog var han glad, thi han var from.

I København lo nok mange godt av Oehlenschlägers omskriving (en strippe: ei bøtte), ikkje minst av det siste rimparet:

I dalens skjød en hytte lå

ved siden av en klippe.

Dens vegg var tre, dens tak ei strå:

der drakk de av en strippe.

Dens eier spiste daglig torsk;

dog var han glad, thi han var norsk.

Hakkemat

I nitida om morgonen måndag 8. mars 1723 kom Povel Juel fram til skafottet på Kongens Nyorv i København. Constantius Flood skriv: «Uten å vise noen svakhet eller vaklende stemning går han eksekusjonen i møte, kler selv av seg damask-slåbroken som han bærer, likedan trøye og halstørkle, som han alt sammen legger på skafottets rekke.» Skafottet skal ha hatt eit fundament av mur og eit rekkverk av smijarn. Flood held fram: «Derpå skrider skarpretteren til sin gjerning. Den ulykkeliges høyre hånd blir hugget av, derpå hodet, som skarpretteren viser til mengden med et utrop som brukes ved slike anledninger: ’Dette er en forræders hode.’»

Det gjekk slag i slag. At «eksekusjonen så snart som mulig blir foretatt», var ein instruks i kong Fredrik IVs godkjenning av domen.

«Den ulykkeliges legeme blir derpå sønderhugget», skrev Flood, «og kjørt utenfor byen, hvor hodet blir naglet på én pæl, og hånden på en annen». Dei skodelystne vart erstatta av fuglar som fekk nordlendingen servert som hakkemat.

Separatisten

Var Povel Juel meir enn ein «majestetsforbrytar»? Kan den språkpolitiske radikalismen hans indikera at han var ein separatist? Språkpolitisk kamp stod jo sentralt i norsk separatisme på 1800-talet. Var det sensuren i eineveldet som fekk han til å retta språkkampen sin mot det franske og ikkje det danske?

Det hadde nok mykje å seia for haldningane og handlingane hans at han som ung hadde røffe arbeidsår i Nord-Noreg i staden for å verta fordanska gjennom studieår ved Københavns universitet – som var ein vanlegare bakgrunn for dei som nådde høge embete.

Det var nok ikkje tilfeldig at planane hans omfatta nett dei danske områda som «fordum» hadde vore ein del av Noregsveldet, og som teknisk sett framleis høyrde til kongeriket Noreg.

Siste ord er ikkje sagt om Povel Juel. Dei større verka om han dei siste ti åra er skrivne på dansk og tysk. Vonleg kjem ein dag ein biografi om han på norsk. I 2026 er det 150 år sidan den førre.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis