Kommentar
Ikkje heilt på topp
Noreg vil ha verdas beste skule. Men vil vi betale for det?
Diskusjonar om norsk skule hamnar ofte i eit triangel. I det eine hjørnet finn vi misforholdet mellom ambisjonane til politikarane om at Noreg skal ha verdas beste skule. I det andre det gjennomsnittlege resultatet til norske elevar i internasjonalt samanliknande kunnskapsundersøkingar. Og i det tredje hjørnet finn vi spørsmålet om kva vi eigentleg får att for alle milliardane som finn vegen i det norske utdanningssystemet.
For Noreg er jo det landet i verda som brukar aller mest pengar på skulesystemet sitt, ikkje sant?
Fleire måtar å rekne på
I rapporten Education at a Glance, den årlege tilstandsrapporten om utdanningssektoren i OECD-landa, er Noreg det landet som brukar mest pengar per elev. Også om ein ser på kor mykje ein brukar som del av BNP, hamnar Noreg heilt på topp i den same rapporten. Men ein ny rapport frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at grunnen til det er at Noreg rapporterer inn akkurat desse tala på ein annan måte enn alle andre land.
For grunnlagstala som blir brukte frå Noreg, har bruttonasjonalproduktet for Fastlands-Noreg, i SSB-språk BNP FN, som utgangspunkt. Og i bruttonasjonalproduktet for Fastlands-Noreg er olje- og gassproduksjonen halden utanfor. Om ein brukar BNP totalt, ville Noreg, om ein berre held seg til skulesektoren, ha falle frå plass nummer 1 til plass 16 i rangeringa, og til plass nummer 9 om barnehagesektoren var inkludert.
Gjeld berre utdanning
SSB-rapporten viser til at det finst argument for å halde olje og gass utanfor. Inntektene er variable og skaut i vêret etter Russlands fullskalainvasjon av Ukraina.
Samstundes opplyser SSB-rapporten at det ikkje er kjent at Noreg brukar BNP FN til anna internasjonal statistikkrapportering. I den tilsvarande rapporten om helsevesenet, Health at a Glance, er norske helseutgifter målte som del av samla BNP.
Under snittet
For å få det fulle biletet av korleis utdanningssystemet blir prioritert, reint økonomisk, er det også interessant å sjå på kor stor del av offentleg pengebruk som går til sektoren. Her er Noreg ikkje på topp. I teten finn ein Sveits, Israel og Island, med 17, 16 og 15 prosent av samla offentlege utgifter på utdanningssektoren. Noreg brukar 10 prosent og er dermed under OECD-gjennomsnittet, som ligg på 12 prosent.
Noreg satsar, men er ikkje dei som satsar mest. Rapporten viser også at pengebruken har auka lite dei siste fem åra, samanlikna med andre OECD-land. Det gjeld for alle nivå av utdanningssektoren.
Lærarar som forsvinn
OECD-rapporten viser at det slett ikkje berre er Noreg som slit med å skaffe nok kvalifiserte lærarar. Lærarar forsvinn ut av yrket over heile den industrialiserte verda, og det er vanskeleg å rekruttere og halde på lærarar.
Nokre forsvinn på grunn av det vidgjetne praksissjokket. Å undervise barn med varierande bakgrunn, dagsform og humør er så annleis enn det å studere korleis ein skal undervise, at mange ferske lærarar slit med å finne plassen sin.
Undersøkinga TALIS (Teaching and Learning International Survey), som også er gjennomført i OECD-regi, viser ein annan tendens: Læraryrket er blitt meir byråkratisk. Sidan 2013 har norske lærarar brukt stadig meir tid på testing, dokumentasjon og rapportering, og mindre på undervisning. I 2018 brukte lærarane under halvparten av arbeidstida på undervisning.
Pengesporet
Rapporten frå OECD framhevar løn som eit viktig verkemiddel mot lærarmangel. Og her er det mykje å gå på for Noregs del. Norske barneskulelærarar tener faktisk 27 prosent mindre enn andre fulltidstilsette med tilsvarande høgare utdanning. Det finst mange måtar å rekne på, men i OECDs Education at a Glance kan ein lese at medan realløna for lærarar har auka med 15 prosent i OECD-land dei siste ti åra, har realløna til norske lærarar gått ned med 3 prosent sidan 2015.
Heilt sidan 2001, året for Pisa-sjokket, har rapportar frå OECD lagt sterke føringar for norsk skulepolitikk. Sidan 2001 har mykje handla om korleis prestasjonane til norske elevar – i form av poeng i internasjonale samanliknande kunnskapstestar – skal gjerast betre og meir konkurransedyktige. Den underliggjande dynamikken har hatt eit preg av FOMO – frykt for ikkje å henge med. For kva om dei andre er betre enn oss?
Eg ventar spent på kva OECD-pengesjokket skal få å seie for politikarar med ambisjon om å skape verdas beste skule.