Politikk
Ein amper allianse
Trass i vonbrota over Ap høyrer Senterpartiet til i raudgrøn leir. Det meiner Anne Enger, Marit Arnstad og Kjersti Toppe.
Statsminister Jonas Gahr Støre og daverande finansminister Trygve Slagsvold Vedum kom med ei gladsak på Hellesylt i 2024: Regjeringa ville slette delar av studielånet for folk i distriktskommunar.
Foto: Javad Parsa / NTB
Statsbudsjettet vart ein stygg smell for forholdet mellom Senterpartiet og Arbeidarpartiet. At regjeringa no lovar gratis ferje og studielånssletting likevel, er neppe nok til å gjenopprette tilliten. Og alt før budsjettkaoset fanst det røyster i Senterpartiet som talte for samarbeid med høgresida att.
Eit slikt lineskifte ville ikkje vere klokt, meiner Anne Enger. For 35 år sidan var ho parlamentarisk leiar da Senterpartiet trekte seg frå Syse-regjeringa og valde å støtte ei mindretalsregjering frå Arbeidarpartiet. Det var eit dramatisk brot. Senterpartiet hadde vore trygt plassert i den borgarlege leiren i fleire tiår. Men under Anne Enger (da Lahnstein) som partileiar frå 1991 var det ingen veg attende.
Sidebytet
Brotet med Høgre hausten 1990 var ei skilsetjande erfaring, seier Enger i dag.
– Vi sette foten ned på grunn av EØS-avtalen. Eit stort mindretal i stortingsgruppa var mot å støtte ei Ap-regjering, men vi fekk det gjennom. Da valde Senterpartiet side, og sidan har det vore slik. Men det har alltid vore somme i partiet som ønskte seg attende til høgresida, seier Enger.
– Tradisjonelt var jo Senterpartiet eit såkalla borgarleg parti. Sjølv har eg aldri brukt omgrepet borgarleg. Eg nytta ordet ikkje-sosialistisk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.