Historie
Kommentar til Solbrekken og Harper
Torgeir E. Sæveraas er forfattar og historikar. Denne veka svarer han Ingeborg Solbrekken og Christopher S. Harper.
Foto: Mari Vold / Pax Forlag
Alt i andre avsnitt i sitt tilsvar i Dag og Tid førre veke føretek Ingeborg Solbrekken og Christopher S. Harper ei gigantisk ansvarsoverføring frå den tyske okkupasjonsmakta til Nicolai Rygg og Gunnar Jahn i samband med opprettinga av okkupasjonskontoen i Noregs Bank. Så går dei faktisk lenger enn i boka, og skuldar Rygg (og vel òg Jahn) for brot på forræderiføresegnene i gjeldande straffelov – som om utbetalingane over okkupasjonskontoen kom av at tyskarane «fikk», og ikkje at dei som erobrarar kravde.
Igjen: Dette er å stille ansvarsforholda på hovudet. Det sentrale her er jo at okkupasjonsmakta, slik forholda var, uansett ville ha funne ein måte å innfri sine stadig aukande krav på, uavhengig av kva leiinga i Noregs Bank måtte meine om saka (eksempla Vidar Eng trekker fram i same utgåve av avisa, er slik sett lite relevante i denne samanhengen). Som understreka må ein likevel gjerne ta bankleiingas avgjerder opp til debatt; det er berre det at måten Solbrekken og Harper gjer det på, er så lite rimeleg.
Tilsvaret syner i det heile tilnærminga deira til saksfeltet på ein god måte, der behovet for å dele ut dommar verkar stort. Treffande i så måte er òg at forfattarane hevdar at underteikna «frikjenner Rygg», «frifinner bankledelsen» og så vidare. Til det er å seie at: Vel, det er ikkje eg som har skrive bok om Noregs Bank. Eg har ikkje grunnlag for å seie noko overordna om bankleiinga og deira handlingar under krigen. Det eg derimot har grunnlag for å seie noko om, er påstandane Solbrekken og Harper presenterer, ettersom dei openbert ofte saknar tilstrekkeleg grunnlag i kjeldene.
For min del må ein gjerne hevde at offentleg kjende personar som ikkje eingong blei tiltala under landssvikoppgjeret, gjorde seg skuldige i «grovt landssvik», eller omtala ein tidligare medlem av heimefrontleiinga «som motstandsmannen som finansierte krigen mot Norge» (Klassekampen 8. mai). Men for at eg skal tru på det, må i så fall saka gjennomlysast skikkeleg. Det gjer ikkje Solbrekken og Harper. Faktisk tek eg meg i å undrast over kor grundig dei eigentleg har lese sentrale kjelder.
«Han fremlegger ikke belegg for påstanden», heiter det til dømes om mi utsegn om «stadige protestar frå Rygg og direksjonen». Rett nok misforstår forfattarane og set utsegna i samband med opprettinga av okkupasjonskontoen, og ikkje som det står: overfor «framferda til tyskarane», etter at kontoen var oppretta. Likevel, i direksjonsdagboka til Noregs Bank, som Solbrekken altså så langt eg kan sjå, har éin einskild referanse til, kan ein lese om desse protestane, der Rygg ei rekke gonger åtvara tyske og norske aktørar om katastrofe og kaos, at landets yteevne var overstigen, og så vidare.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.