JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Kan vi stole på overløparen Josefus’ krigshistorie?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3483
20240126
3483
20240126

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Historie

Eg las med interesse «Ei mørkare joleforteljing» (Håvard Rem, 22.12.23) med bakgrunn i dei to skrivarane, evangelisten og legen Lukas og den offisielle historikaren Josefus, opphaveleg jøde.

Det ikkje spesielt tillitvekkande er at jøden Josefus gjekk romarane sitt ærend og skreiv den einerådande sigerskrøniken til «det einaste verdsriket» på den tida. Når Lukas skriv at dette var første gongen dei «tok manntal over heile verda», fortel det noko om kor eineveldig samtida og romarane rekna seg. I det minste veit vi no at atskillege rike fanst utanfor den romerske andedammen, dvs. strendene rundt Middelhavet.

På eit punkt rivnar soga til Josefus for meg. Vi veit at jødane sitt Høge råd, Sanhedrin, meinte å representere jødane, religiøst og politisk, ikkje minst overfor dei hata okkupantane. Dei måtte ta stilling til fire religiøst-politiske retningar i Jesu samtid (Herodes var vengeklipt). Av desse er tre fredelege, men den fjerde er krigersk, seier Håvard – og Josefus – og det er altså Jesu følgje og tafatte læresveinar! Då blir det vel for sportens skuld at Håvard vil fylgje dette resonnementet: Først to galilearar rundt Jesu fødsel, Josef (Jesu stefar) og Judas, dernest to sprikande historieutgåver om galilearen Jesus rundt hans rettargang, og så meir spesifikt om dei fire retningane, alle galilearar – og dermed «krigerske».

Men dette gjekk ikkje føre seg i «ein avkrok» (ref. Paulus for kong Agrippa). Er det uomtvisteleg at det evangelistane skriv om Jesu dramatiske rettargang, av Josefus vart forstått som eit krigersk opprør? Eg har verken lese eller høyrt anna enn at Jesus ser for seg det som sidan skulle hende, fordi dei ikkje «…på denne dagen skjøna, (...) kva som tener til fred!» (Luk 19,42) Josefus ser dette i retrospekt og konstaterer fakta, altså at Jerusalem og tempelet vart øydelagt i 70 e.Kr.

Håvard vil vi skal lese Lukas som «ei subkulturell motbok» som ville «bringa ein alternativ versjon av kva som førte til krigen». Meiner Håvard at Lukas fortel ei soge som leidde til krig? Han refererer også Josefus: «Tre av dei er fredelege, skriv han, men éi er krigersk. Leidd av ein galilear, byrja ho opprøra som enda med krig.» Var det Jesu flokk som for Josefus vart til ei opprørs- og krigarrørsle?

Lukas var ingen kven som helst. Hans galilears bodskap handla om alt anna enn opprør og politisk maktovertaking. Men the establishment kjende seg trakka på liktåa av ein stillfarande, tidvis populær folketalar som gjorde vel og forkynte fred. Kva som fekk jøden Josefus til å gå over til fienden og skrive ein alternativ krønike, er truleg uinteressant her. Men at han sveik, og at han skreiv med dei føringar og «sanningar» som løna hans kravde, må vi kunne ta for gitt.

Dei første to galilearane til Håvard Rem, Judas og Josef (Jesu stefar), hadde nok mildt sagt ulik innstilling til denne første manntalsinnskrivinga. Josefus og Lukas hadde også vidt ulike oppfatningar av mannen frå Nasaret. Eg har sett eit spørjeteikn i parentes i Håvard sin sluttsats. Eg er ikkje trygg på at den er heilt truverdig: «Den glade fredsbodskapen som opna Lukas, har mot slutten av boka vorte ein bodskap som ikkje vart forstått og fylgd. Lukas legg utsegna til 30-talet(?), men ho liknar skildringa Josefus gjev av Jerusalems øydelegging 40 år seinare. Hjå Josefus kjem krigen av at jødane høyrde på galilearen. Hjå Lukas kjem krigen av at jødane ikkje høyrde på galilearen.»

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis